Politikarane i Ulstein såg etter kvart at ein levedyktig kommune er avhengig av elektrisk kraft. Kommunen må sikre seg eit kommunalt elektrisitetsverk, og dessutan ta del i ei stor framtidsretta utbygging i indre strøk. Spørsmålet om utbygging av Tussa-vassdraget hadde kome opp i 1916. Då hadde Hjørundfjord kommune kome til at utbygginga ville vere for stor for kommunen åleine. Her måtte det samarbeid til. AS Tussa kraftselskap blir skipa 26. november 1917.
Kostnadene skal fordelast mellom samarbeidskommunane. Kommunane er Hjørundfjord, Ørsta, Vartdal, Herøy, Hareid og Ulstein. Men då den økonomiske krisa slår til for fullt, blir det ein tung prosess å realisere Tussa-utbygginga. Det blir vanskeleg og tek fleire år før finansieringa er på plass. Først i 1949 var kraftproduksjonen i gang hos Tussa.
Men alt i 1912 diskuterer ulsteiningane planar om eit eige kraftverk: – Ulsteinelva, Garneselva, Haddalelva og fleire renn no som før og byd seg fram og ber om å bli lagde til rette så dei kan få ta til å gjere gagns arbeid, lyse og varme og dra alt som skal gå rundt. Vonleg kjem det noko ut av snakket, skriv H. B. Osnes i Møre, attgitt i boka Inn i krafteventyret av Johan Ottesen.
Optimismen rådde i Ulstein i 1912; bygdene var inne i ei rekke av oppgangsår sidan hundreårsskiftet. Innanfor jordbruket dreiv dei hardare enn før, og mange bønder kjøpte inn nye truske- og dryftemaskiner. Ikkje minst vart halmristarane prisa av kvinnene som tidlegare måtte gjere dette arbeidet. Fleire kjøpte også inn stasjonærmotorar til truskinga. Dermed var dei ikkje avhengige av handemakt eller av oppdemt vatn til å drive vasshjul. Frå vasshjula, som fanst på mange gardar, gjekk det ofte eit sinnrikt snorsystem som overførte krafta til maskineriet inne på låven. Når dei skulle male kornet, var dei gjerne avhengige av vassfløde. Var vassføringa lita, måtte dei vente til neste gong det var regnvêr. Når vatnet så kom, kunne det vere ulagleg i høve til andre gjeremål på garden.
Innanfor fiske var det berre ein åttring som framleis var i bruk. Dei fleste dekksbåtane hadde fått sett inn motor. I tillegg til Ulf og Snorre som hadde vore dei einaste fiskedampbåtane i bortimot eit tiår, kom det nye dampbåtar som Hødd og Kamp, og folk gjekk med planar om å kjøpe fleire.
Etter hundreårsskiftet hadde det kome tre trevarefabrikkar i Ulstein. Ein låg ved osen av Ulsteinelva og nytta vasskraft. Det same gjorde fabrikken til Olavius Ringstad som låg på Hovset, medan trevarefabrikken ved utløpet av Gjerdeelva inst på Osnes brukte ein stasjonærmotor.
På Håkonsholmen og på Sundgot var det bygt opphalingsslippar for båtar. Slippen på Sundgot låg på det som vart heitande Slippneset, ikkje langt frå der Straumane Handelslag har lege. I Vikefjøra hadde brørne Thomas og Peter Hatlø bygt ei smie som var godt større enn dei du fann på gardane og elles hos dei som dreiv med smedarbeid i bygdene her. Brørne flytta verksemda si til inste Osnes i 1912. Her var det lagleg å slippsetje båtar.
På eitt felt hadde Ulstein no teke steget inn i ei ny tid. I 1910 hadde eit privat telefonselskap bygt telefonlinjer frå rikstelefonsentralen i Ulsteinvik via Ulstein til Flø. I 1912 var eit anna privat selskap i ferd med å strekke trådane som skulle binde rikstelefonsentralen saman med dei andre bygdene i Ulstein. I Hasund installerte dei ein sentral med linje innover til Garnes, Haddal og Moldskred. Ei anna linje gjekk frå Hasund om Sundgot til Ertesvåg. Ei tredje gjekk frå Hasund om Dimnasund, Kleiva, Vågane, Dimna og derifrå i kabel til Hatløya.