Lat oss gi ordet til ein av dei som kom frå vanlege kår, og som opplevde tida rundt hundreårsskiftet på denne øya: – Sild og fisk var ein vesentleg del av kvardagen i min barndom. Dei flekte og hengde silda og fisken opp på ei troe under takskjegget eller på ein annan luftig plass. Dette hadde dei å ta til heile året. Eg trur at i ættleden før mi tid var det brukt meir av slik opphengd og tørka fisk, sild og kjøt enn av saltmat.

Men det vart også brukt mykje slikt då eg voks opp. Kjøt var det lite av, berre til helgemat. Kjøtsodd var vanleg søndagsmiddag. Kjøtet måtte dei selje for å få litt kontantar til skattar og anna som trongst, særleg kakemjøl (siktemjøl), etter at komfyrane kom, og dei tok til å lage matemninga om frå flatbrød til kakebrød. Så var det graut til kvelds, det vissaste av alle måltid, fortel Ludvik N. Holstad (I manns minne 1969).

Men dei hadde ikkje alltid mjøl til graut. Då var det å koke suppe og ete sild attåt, tørr eller spekt. Det var mjøl nok å få på butikkane berre du hadde pengar. Og så var det poteter og potetkaker: – Vi brukte mykje oppatt-varma graut (graut i mjølk) med potetkaker til frukost. Ja, dei potetkakene! Billig mat, men du verda kor lei eg var av dei. Ofte sat vi fleire gonger i veka og reinska poteter, og ho mor steikte. Mykje strev, men du sparte pengar til kakemjøl. Vi brukte heimemjøl, bygg eller havre, til potetkakene.

Sukker var luksus kring hundreårsskiftet. Men sirup kom meir og meir i bruk. Steig prisen på sirup ein eller to øre kiloen, prata folk om det. Dei fire måltida gjekk regelfast: frukost, middag, nonsmat og kvelds. Soppe var ein vanleg nonsmat. Soppe var ei blanding av flatbrød og surmjølk. Ein annan nonsrett kunne vere flatbrød og spekeflesk med graut til. Omnsteikt brød tok heilt over kring 1910.

Kvar laurdagskveld var det ball. Det vil seie potetball eller raspeball, som dei også kalla det: – Ingenting i matvegen var vissare enn det. Frå gammalt var det skikk å bruke sodet til å drikke attåt, det vil seie krafta som ballen var kokt i. Men i familien min brukte dei helst mjølk til ball. Sodet gav dei til kyr og gris.

– Elles må det seiast at også ferskfisken spelte ei stor rolle i hushaldet i min barndom og hadde så gjort til alle tider. Vi fór på seisjøen om kveldane så snart mai månad kom, eller av stad med dorg og troe etter småsei og kroppung, for ikkje å gløyme kastenota eller stornota som vart nytta vår og haust. Fersk mort og pale til middag med fisk og lever på flatbrødbeten, herleg mat! Kastenota heldt liv i folket så mang ein gong. Ferske torskehovud om vintrane, med kamsehovud attåt. Kamsehovud var ein ball av mjøl og lever kokt inn i torskehovudet. Ruter fekk vi også ofte under torskefisket. Det var små ballar av mjøl og torskerogn.

Frå den første tida forteljaren kunne hugse, hadde familien ikkje tallerkar og ikkje asjettar eller tefat. Dei brukte borskar: runde brett av bjørk, om lag som ein asjett, men ein centimeter tjukke. Suppe og graut åt dei av felles tre- eller krusfat. Gaflar såg han sjeldan i bruk før 1900. Aldri såg han bestemora eller bestefaren ta ein slik reiskap i si hand.

Rundt hundreårsskiftet tok det til å kome komfyrar med steikeomn inn i husa. Då tok folk etter kvart til å kjøpe siktemjøl og grovmjøl og steikte brød i omnen. Til ei brødsteike gjekk det gjerne eitt kilo sirup for 18 øre, og to øre i gjær. No vart det mindre flatbrødmat, men det vart enno i mange år baka mykje flatbrød på gardane i Ulstein både haust og vår. Ikkje minst gjaldt det i dei dårlege 20-åra, først i 1930-åra og under andre verdskrigen; då var det flatbrødet og grautmjølet som berga mange frå å svelte.

Variasjonen mellom kvardag og høgtid, mellom faste og fest, er vanskeleg å fatte for unge menneske av i dag. Den rolla jula spelte som kristen høgtid, men også som eit lyspunkt i den mørkaste årstida, hadde ein annan dåm over seg enn det du kan oppleve i ei tid der festmat og kvardagsmat meir eller mindre går i eitt. Når vi ser tilbake på desse særtrekka ved starten på 1900-talet, skal vi ikkje gløyme at veksten i velstand og rikdom mellom vanlege folk først verkeleg har skote fart dei siste 40 åra. Vi som voks opp på 1950- og 60-talet, opplevde litt av det same i bygdekulturen, som dei gjorde i tiåra før: Dominansen til det kristne kulturgrunnlaget, årssyklusane, markeringa og respekten for høgtidene, det sterke innslaget av primærnæringar. I dag er mykje av dette borte, men igjen: Det er der vi har røtene våre.