Det høyrer med til historia at den nye kyrkja som vart reist på Ulstein i 1848, vart flytta til Ulsteinvik. I juni 1878 tok dei til med rivinga av kyrkja. Grunnmuren vart sett opp i 1877 av murmeister Bernt Myrene, og mesteparten av steinen henta dei på Ulstein og frakta på vinterføre med hest og slede. Dei henta også ein del stein med båt frå Botnura. Det som vart til overs, brukte dei til kyrkjemur.

Dei siste 20 åra av 1800-talet var ei ekspansjonstid i lagslivet i Ulstein. Mange foreiningar kom til, og aktiviteten vart for stor for dei lokala som stod til disposisjon. Restriksjonane på bedehuset gjorde nok også sitt til at folk byrja å sjå seg om etter andre løysingar. Rundt hundreårsskiftet hadde både Ungdomsforeininga, Ulv (Ulf), mållaget og losjen byggjeplanar. Etter lange drøftingar samla dei seg om eitt prosjekt, og Ungdomsforeininga skulle byggje, eige og råde over huset som fekk namnet Fredheim, og stod ferdig i 1909. Dermed hadde dei åndelege skilja i bygda også fått eit materielt uttrykk. Ungdomshuset Fredheim vart samlingsstad for dei kulturopne. Huset vart lenge eit samfunnshus for bygda. Her hadde Idrottslaget Hødd treningar, her øvde kor og orkester, her var rettsmøte, konsertar, utstillingar, politiske foredrag og diskusjonar, og framfor alt, her hadde alle slags lag og organisasjonar møte. Den nye prestegarden i Ulsteinvik sentrum vart reist i 1907.

Eit ytterlegare tilskot til bygdelivet i Ulsteinvik var den nye Sunnmøre Ungdomsskule (seinare Sunnmøre Folkehøgskule, SUFH). Ein viktig mann for dette tiltaket var Severin Hop. Han kom frå Hop ved Bergen og skulle etter kvart bli den første organisten i Ulstein. Men det var først og fremst som skulemann og folkehøgskulestyrar han skulle gjere si gjerning. Hop var reisesekretær i Ungdomskrinsen før han tok til som førstelærar ved Sunnmøre Ungdomsskule ved starten 15. oktober 1908. Det første året heldt dei undervisninga i bedehuset og i kjellaren til familiane Olaus Alme og Johan Osnes. Den 26. april 1909 vart huset til Ulstein kristelege ungdomslag vigsla. Her i Fredheim fekk ungdomsskulen seg tenlege rom. I 1911 ville amtstinget flytte skulen til Borgund for å få tilskot. Der vart Møre Ungdomsskule reist med støtte frå indremisjonsforeiningane og var innflyttingsklar i 1914. Men ungdomskrinsen med stønad frå Ulstein kommune dreiv skulen i Ulsteinvik vidare, og Severin Hop tok over som styrar. Skulen vart verande i Fredheim fram til januar 1919, då Lidarheim, heimen under lia, stod ferdig. På ei reise kom Hop over to gamle hotell frå Røldal og Oppheim på Vossestrand. Hotella vart frakta til Ulsteinvik og bygde opp igjen som ungdomsskule/folkehøgskule. Hop heldt fram som styrar til 1941 (Asle Geir Widnes Johansen, Hundre år – hundre personar i Ulstein, 2014).

I prosessen med å reise Fredheim og å få den kristelege ungdomsskulen til Ulsteinvik, spelte Olavius Alme (1865-1945) ei viktig rolle. Han var oppvaksen på Alme, tok lærarutdanning på Hamar og fekk etter kvart lærar- og klokkarpost i Ulstein i 1900. Han hadde då gifta seg med Gurine Ulla, og no slo ekteparet seg ned i Ulstein. Dei kjøpte ein parsell på Osnes, bygde våningshus og løe i 1902/03. Olavius var først lærar i Hasund, seinare på Halsen i Skeide krins og klokkar frå 1900-1934. I denne perioden spelte han ei viktig rolle i lagslivet i Ulstein. Han var leiar for Ulstein Ungdomsforeining i over 20 år og styremedlem i Ulsteinvik indremisjon endå lenger. Han vart ein ivrig talsmann for samarbeidet mellom ulike kristelege lag, og han var ei drivande kraft då dei bygde Fredheim, og det er truleg mykje han å takke for at Sunnmøre ungdomsskule vart lagt til Ulstein (omtale i Vikebladet Vestposten 2008).