Eit interessant trekk ved dei første lovene til Ulstein Indremisjon er at dei legg stor vekt på medmenneskeleg ansvar på det materielle planet. Det åndelege og materielle var langt på veg sidestilt. Dette var ikkje vanleg i mange andre foreiningar, og igjen er det nok sokneprest Anker vi ser merke etter, konkluderer Kristen Ulstein. Både fattige og sjuke skulle hjelpast og pleiast.
Alt på årsmøtet i januar 1884 nytta Anker høve til å konkretisere dette innhaldet. Han innleia til samtale om emnet «Den kyrkjelege fattigpleie». Han meinte kyrkja og kristenfolket kunne gjere eit betre arbeid på dette feltet enn det offentlege. Det enda med at årsmøtet vedtok å samle inn pengar og naturalia som styret så kunne fordele til familiar som trong ei handsrekning, men kanskje ikkje ville ta kontakt med fattigkassa i det offentlege.
Mellom dei gruppene som ofte hadde det vanskeleg, var eldre menneske. Kårsystemet fungerte ikkje alltid like godt, og ei ny tid kravde nye løysingar. Til samtalemøte 23. april 1889 i Ulstein Indremisjon hadde lærar Johannes Lynge fått i oppgåve å legge ut om kva som kunne gjerast for dei gamle og sjuke i kyrkjelyden. Han reiste spørsmålet om dei ikkje skulle tenkje på å byggje ein heim der eldre og sjuke kunne få skikkeleg og kjærleg stell. Møtet bestemte seg for å starte eit slikt tiltak, i Jesu namn, og før dei forlét kvarandre hadde dei sett ned ein byggjekomité. Dette var eit pionertiltak; den første gamleheimen i Sunnmørs-bygdene, og ein av dei aller første i landet. Byggjearbeidet tok til alt 18. september 1889; prost Knudsen, svigerfaren til sokneprest Anker, tok det første spadetaket, og begge prestane heldt talar på tomta. Heimen vart ført opp ved sida av Osnes bedehus, og Andreas L. Osnæs hadde gitt gratis tomt.
Saka var godt førebudd, og munnlege kjelder fortel at det var Petra Johannesdotter Skeide (Olaviussen) og prestefrua Gabrielle Anker som først lufta idéen etter at dei ofte hadde vitja gamle og sjuke i bygda. Desse to kvinnene la ned eit stort arbeid for gamleheimen den første tida. Bygget vart oppført i ein etasje med fleire kvistrom, men økonomien førte til at ferdigstillinga drog ut. Ekteparet Anker hadde vandra frå dør til dør for å samle inn pengar; det kom også inn pengar på basarar og kjærleiksmåltid, altså fellesskapsmåltid i kristen regi. Den 24. april 1891 vart gamleheimen vigsla. Mellom talarane var diktarpresten Anders Hovden, og mykje folk var samla. Då hadde gamleheimen alt vore i verksemd nokre månader i andre lokale, og Petra Skeide (Olaviussen) var tilsett som forstandarinne. Ho var dotter av Helga og Johannes P. Skeide. Gjennom alle år var ho også ei av støttene og drivkreftene i Ulstein Kinamisjon (Misjonssambandet).
Indremisjonsstyret var også styre for gamleheimen og fekk hendene fulle med praktiske og økonomiske vanskar i samband med drifta. Det økonomiske vart ordna slik at den offentlege stønaden til legdsmidlar, kårytingane for dei som hadde kår, tilfall gamleheimen når dei gamle flytta inn. Ein god del av det som vart samla inn til den kyrkjelege fattigpleia, gjekk også til heimen, og bøndene gjorde det til skikk å forsyne heimen rikeleg med naturalia kvar hausttakkefest. Gamleheimen hadde 10-12 plassar, og dei 70 åra han var i drift, var det fullt belegg heile tida.
Legestellet i Ulstein-regionen utvikla seg gradvis fram mot vår tid. Frå 1708 hadde Sunnmøre hatt ein distriktskirurg til å føre tilsyn med dei sjuke. Han var ein slags distriktslege med bustad i Borgund. Denne ordninga heldt fram til kring 1860; då kom den såkalla helselova, og det vart skipa eit lokalt helseråd i Ulstein. Men ei god tid før dette vart legedistriktet delt, og den første distriktslegen for Søre Sunnmøre, Fredrik Nikolai Meyer, tok til i mai 1837 med bustad i Ulsteinvik. Den neste distriktslegen busette seg på Larsnes. Frå 1847 fekk Ulstein prestegjeld sin eigen distriktslege – etter kvart i samarbeid med Herøy og Sande, og med vekslande bustader.
Jordmødrene kom til i regionen om lag samtidig med legeordninga ( Ingvard Bjåstad 1977).