Næring

24 treff

Så langt som folk veit om har det vore eit fiskemiljø ved Yksnøya. Der finst storseiden. I gamle dagar måtte ein ha seidagn, ongel, seidestreng og blystein. Frå seidestrengen og opp hadde ein hampesnøre som vart hala med hand. Agnet var sild. I seinere tid har hampesnøret vorte utbytt med  sen, og det har vorte lettvintare å få tak i makrell til agn, og den er kanskje vel så fiskjen som silda.

Far, som er fødd i 1884, fortalde at han var med ottring og dreiv torskefiske frå Flø, der onkelen var skipper. Far var då 15 og 16 år. Han tykte det var litt spennande, men litt våtsamt. Kjekkast var det når dei hadde god vind til å sigle inn og ut frå fiskefeltet. Dei dreiv fiske ut på ein fiskeplass som heitte Hammaren, ca. 14 nautiske mil nord for Grasøya. Ottringane var fantastiske siglarar. Far fortalde at dei sigla frå Hammaren til Grasøya på ein time, i ein spesielt god vind. Det vert ei fart på 10-12 mil. Under sigling fekk far ligge trygt og godt under eit segl framme i skuten (baugen). Dei gamle nausta på Ulstein var bygde for ottring, ca. 12 meter lange. Dei tok alltid båtane fram i nausta om våren, i april-mai. Då sette dei ut trerøringen, som var sommarbåten dei nytta til seifiske på seiegrunnen.

Den 25. mars 1909 kom M/B «Norge» frå Haddal inn frå fiskefeltet. Det var sju mann ombord. Dei hadde ca 2000 torsk og sei som fangst. For å spare olje hadde dei sett segl, og stoppa motoren. Det var ein nord- austleg bris og solskin. Midt mellom Grasøyane og Fallja (Vallabåane) blei  dei pårent av lastebåten «Wilfred» frå Trondheim. Fem mann omkom – to blei berga. Dette gjorde eit sterkt inntrykk på Oskar Garnes som var 16 år den gongen. Oskar blei seinare ein kjend og respektert fiske-og ishavsskipper, som gjekk i bresjen for å koste skuta «Sjannøy» i 1949.

I eit lydbandopptak gjort av Konrad Myrene fortel han om si oppleving, og den er gjengitt tilnærma ordrett, men oppstykkja med mellomtitlar.

For nokre månader sidan sat artikkelforfattaren og snakka med nokre godt vaksne karar på kafeen på Blåhuset i Ulsteinvik. Eg hugsar ikkje heilt kva vi snakka om, men eg kom med fylgjande spørsmål:

– Er det nokon som har høyrt om Garsholbanken? Det var ingen av dei som hadde høyrt om den, og eg har spurt mange seinare i Ulstein, men ingen har høyrt om Garsholbanken.