Problemet med fyll og stimling, særleg på Haldeplassen i Ulsteinvik, er stadig under debatt desse åra i starten på 1970-talet. Men dansane blir ei viktig inntektskjelde for idrettslag og liknande organisasjonar. Den 9. november 1971 skriv Vestposten på leiarplass: – Vi skal ikkje her drøfte kva som har ført til denne fatale utviklinga. Årsakene er nok mange. Men det er kanskje grunn til å rette eit ord i alvor både til næringsliv og kommunale styresmakter.
Kor lenge kan ein forsvare å byggje ut industrien med alle middel, og såleis omskape eit stabilt miljø, utan å tenkje på at ein her har med levande menneske å gjere, som skal finne åndeleg vekst og trivsel i det miljø ein skaper. Til denne tid har ein forsømt fatalt denne sektoren. Det er ein av grunnane til haldeplassmiljøet, kvar ein enn finn det.
Første band av Bygdebok for Ulstein og Hareid kom i handelen før jul i 1970, ei stor bok på 669 sider. Forfattaren Ingvard Bjåstad hadde arbeidd med boka sidan slutten av 1940-talet, dei første tre åra på heiltid. No hadde det gått over 20 år, og endeleg låg boka føre.
Vinteren 1971-72 var arbeidet med lysløype på Eidet i gang. I februar hadde dei reist alle dei 29 stolpane. Ei kronerulling skulle sikre pengar til lysarmatur med meir. Lysløypa vart arena for mange skirenn i åra som følgde og større aktivitet i vinteridrettsgruppene til idrettslaga på Hareidlandet.
Ulike foreiningar hadde vore eit viktig innslag i folkelivet i Ulstein i hundre år. I desember 1972 markerte til dømes barneforeininga Liv på Sundgot 70-årsjubileum med stor jubileumsfest på Sundgot bedehus. Leiar for foreininga i jubileumsåret var Alvhild Breivik.
Ulsteinvik skulekorps markerte 20-årsjubileum i mai 1974 med ein stor fest på Ulstein samfunnshus. Den første tida vart korpset kalla Gutemusikken og talde vel 20 unge musikantar. I jubileumsåret hadde korpset blitt stort og talde over 50 musikantar – og med drilljenter i tillegg. Det var i si tid Musikklaget Ulf som tok initiativ til å starte gutemusikken, ikkje minst med tanke på si eiga rekruttering. Terje Eiken var no dirigent for det jubilerande korpset.
Det nyskipa Haddal skulekorps var i gang i januar 1975 med to øvingar i veka. Før dei skaffa seg instrument, gjekk deltakarane gjennom eit notekurs. I februar fekk korpset trommer og blåseinstrument. Det var Odd Rindalsholt og Arthur Kleven som hadde ansvaret for korpset.
Dei tre skulekorpsa i Ulstein, Haddal, Hasund og Dimnøy og Ulsteinvik, samla fullt samfunnshus då dei baud inn til konsert i mars 1977. Korpsa var på podiet etter tur, Haddal dirigert av Odd Rindalsholt, Hasund og Dimnøy leia av Asbjørn Kleven og Ulsteinvik med Terje Eiken som dirigent. Til slutt stilte alle dei 140 musikarane opp til eit fellesnummer.
Også Ulstein og Hareid Fellesorkester markerte 20-årsjubileum i 1974, medan Ulstein mannskor runda 90 år. Koret markerte jubileet med konsert på Fredheim. Dirigent var Sverre Rafteseth. Hasund Mannskor markerte 40-årsjubileum i november 1975 med konsert på Sundgot bedehus. Dirigent var Johannes J. Sundgot. Orkesteret vart starta 16. oktober 1954. Ved 25-årsjubileet i 1979 hadde orkesteret 24 medlemer, og Oddvar Eiksund var dirigent.
Kunstnaren Einar Magne Flø stilte våren 1973 ut 70 akvarellar på Ulstein rådhus. Motiva var henta frå så vel Flø og Ulsteinvik som frå Grip, Paris og Moskva. I alt 300 menneske var innom utstillinga, og salet var godt, ifølgje Vikebladet. I 1976 sette Flø fram ønske om å få leige gamleskulen på Ulstein – to klasserom – til atelier. Slik vart det. Her skulle han i ein lang periode også halde juleutstillingane sine.
I starten av 1975 har Vikebladet ei oversikt over fritidsaktivitetar i Ulstein kommune. Vi tek med nokre av dei her: Symjehallen med opningstider måndag og fredag, Musikklaget Ulf med øving kvar måndag på samfunnshuset og fredag på barneskulen, Ulstein Motor Club med klubblokale på Halvdanbuda på Saunes, måndag og torsdag, Ulstein Røde Kors Hjelpekorps, samfunnshuset tysdag, Losje Tru, ikkje stor aktivitet, IL Hødd med fotballgruppe, handball, badminton, mosjon, vinteridrett, symjing, friidrett, Ulstein Turforeining, Ulstein mannskor, øving på Fredheim måndag, Ulstein kristelege blandakor, øving på Ulsteinvik bedehus måndag, Hareid og Ulstein Fellesorkester, Bigset torsdag, Ulstein kristelege ungdomslag, Fredheim annankvar onsdag, Ungdomsklubben Gnisten, Fredheim annankvar onsdag, Ulstein IUF, kosekveldar på bedehuset laurdagar, Ulsteinvik skulekorps, øving på samfunnshuset måndagane, Ulstein sanitetsforeining, Kvileheimens venner, Blå Kors for Ulstein og Skeide, Musikklaget, øving kvar tysdag på bedehuset, Ungdomsklubb på Flø, Barnelosje på Flø. KFUM-kameratane med volleyball for kvinner og menn frå 14 år og oppover, trening på folkehøgskulen fleire dagar i veka, Ulstein frilynde ungdomslag, driv leikarring på samfunnshuset, Diskotek Disc VII, arrangerer dans på samfunnshuset torsdagskveldane, Hareid og Ulstein Junior Chamber, møtest ein gong i månaden på Ulstein Hotell, Kameraklubben, fotorom på Halvdanbuda, bedriftsidrettslag ved Ulstein og Hatlø. I tillegg kjem ei rekke foreiningar for born og vaksne kvinner.
Søndag 23. september 1973 opna undomssenteret til MA (Motorførernes Avholdsforbund) på Saunes. Ungdomsleiar Ola Henrik Ringstad hadde stått sentralt i arbeidet med å reise senteret. Det hadde også leiaren i Ulstein Motorklubb, Bjørn Overvåg. Han og Ringstad ville stå sentralt i drifta av senteret.
På årsmøtet til Ulstein konsertlag i januar 1973 drøfta dei spørsmålet om musikkskule i Ulstein, og hausten 1975 sette kommunen i gang. Skulen fekk kring 300 elevar første året og tok snart til å by foreldre og publikum elles inn til konsertar.
Den nye idrettsanlegget i Solsida i Haddal var etter stor dugnadsinnsats ferdig til bruk våren 1976. Molda til grasbana vart tilkøyrd i 1974 og bana sådd sommaren 1975. Samtidig hadde byggenemnda for klubbhus/grendehus ved stadion fått godkjent planane sine. Den 19. juni 1976 vart Haddal stadion offisielt opna. Haddal IL vart starta i 1968. På opningsdagen hadde laget 180 vaksne medlemer og 40 born. Haddal IL hadde i 1977 om lag 200 medlemer og hadde lagt bak seg den første heile sesongen med grasbane for fotball. I september 1978 vedtok kommunestyret å garantere for eit lån på 160.000 kroner, slik at Haddal IL kunne byggje klubbhus på Solsida stadion. I august 1979 tok laget klubbhuset i bruk, og med planar om grendehus i kjellaretasjen. Klubbhuset var finansiert av Haddal IL, Ulstein kommune og STUI. Entreprenøren Moldskred Knuseverk hadde også strekt seg langt med omsyn til det kostnadsmessige.
Vinteren 1978 såg eit nytt idrettslag dagsens lys i Ulstein, Hasundgot IL. Laget høyrde heime i Hasund og Sundgot krins. Laget hadde no søkt om å få nytte kroppsøvingsromma ved Hasund skule til trening og mosjon tre kveldar i veka. Då laget heldt sitt første årsmøte før jul i 1977, var medlemstalet om lag 270.
Dimna IL hadde sidan starten i 1974 markert seg med fine resultat i friidrett, trass i heller vanskelege treningstilhøve. I 1978 hadde laget med tre deltakarar i landsfinalen i dei såkalla Donald Duck-leikane. Klubben hadde no 15-20 aktive. Leiar var Leif P. Dimmen, medan Olav Hansen var trenar. For å skaffe inntekter gjennomførte Dimna IL fleire tiltak i krinsen, til dømes Dimnadagen.
I 1973 starta arbeidet med å byggje friidrettsanlegg på Høddvoll. Det vart løpebane rundt grasbana og anlegg for tekniske øvingar bak fotballmåla. I 1979 debuterte friidrettsgruppa i Hødd i Holmenkollstafetten. Det 15 manns store laget stilte i klasse to og vart nummer 133 av 260 lag. Holmenkollstafetten vart eit fast innslag for idrettslaget dei komande åra.
*
For første gong sidan krigen vart det i 1977 arrangert 1. mai-tog i Ulstein. Det var Fagleg Førstemaifront som stod for arrangementet, og 20-30 personar var med i toget, men langt fleire hadde møtt opp for å sjå kven som tok del. Etter togrunden var det appell på Haldeplassen, men ein del ungdomar frå ei meir høgrepolitisk fløy hadde møtt opp for å sjenere talaren, skreiv Vikebladet.
Hausten 1978 tok bygdefolk initiativet til eit nytt kor i Ulstein. Initiativet kom i første rekke frå Sidsel Saunes og Sylvei Pilskog, og musikkskuleleiar Oddvar Eiksund vart dirigent. I starten samla koret vel 20 songarar, og skulle etter kvart få namnet Con Moto – og bli ein viktig kulturberar i bygda. I november 1979 heldt Con Moto og Ulf kyrkjekonsert i Ulsteinvik.
Ulsteinsongaren Randulf Saunes, som i mange år hadde budd i Oslo, gav i 1978 ut ei plate med 12 songar, mellom desse Himmelske fader. I oktober dette året heldt han og dottera Hildegunn Saunes Botnen konsert i Ulstein kyrkje saman med organisten Kjetil Bjerkestrand. Randulf Saunes var ofte å høyre i ønskekonserten denne tida, ikkje minst saman med ein annan ulsteining, Kjartan Grimstad.
Etter 43 år som dirigent for Hasund mannskor la Johannes J. Sundgot ned taktstokken i desember 1978. Han var ein av initiativtakarane til eit mannskor i 1935; våren 1936 var dei i gang, og dirigenten hadde vore den same heile tida. Tidlegare hadde det vore eit blandakor i Hasund, men det løyste seg opp. I starten hadde mannskoret 18 medlemer, nokre av dei med korerfaring frå før. Koret hadde øvingane sine på Sundgot bedehus, og då huset fekk orgel i 1939, var det ei god hjelp i korarbeidet. Under krigen hadde koret heile 30 medlemer, men sidan jamt rundt 20. Laurdag 9. desember 1978 arrangerte koret festkonsert på bedehuset i samband med at dirigent Johannes Sundgot gjekk av.
Sundgot bedehus runda 75 år i januar 1979. I Hasund og Sundgot var det ikkje noko samlingshus før hundreårsskiftet. Heilt utan hus var folket likevel ikkje. Det vart bygt skule på Sundgot i 1879, og skulen vart nytta til samlingslokale for festar og møte. Men i 1901 starta planlegginga av bedehus, og i 1903 kunne huset takast i bruk. I 1939 fekk huset orgel som vart erstatta av eit elektrisk orgel i 1969.
Den siste 17. mai-en i Ulsteinvik på 1970-talet gjekk etter kjent mønster: Salutt klokka 7, parade klokka 8, barnetog klokka 9.15, familiegudsteneste klokka 10.15, kransing av minnesteinane klokka 11, idrettsleikar ved ungdomsskulen klokka 11.30, song av Ulstein mannskor ved sjukeheimen klokka 11.30, folketog klokka 14.30, utandørsfest klokka 16, morofilm på samfunnshuset klokka 17.15 – og samtidig handballkamp på idrettsplassen ved ungdomskulen, festmøte i kyrkja klokka 18.30 og bygdekveld på samfunnshuset klokka 20.