I løpet av 1970 vart det klart at det nye gymnaset på Søre Sunnmøre ville ligge i Ulsteinvik og få det førebelse namnet Gymnasklassane i Ulstein. Gymnaset ville starte med to klasser frå hausten 1971, ei engelskklasse og ei realklasse. Våren 1971 tilsette departementet rektor og lektorar til det nye gymnaset. Arne I. Jørgensen vart rektor, og den seinare rektoren og ordføraren i Ulstein, Jan Berset, var mellom lektorane. Den 19. august 1971 starta gymnasklassane i Ulstein sitt første skuleår i realskulebygget i Bjørndalsvegen. Opninga vart markert med mellom anna middag på Central Pensjonat i Ulsteinvik. Hausten 1972 var det klart at det framtidige namnet på skulen ville bli Ulstein Gymnas.
Ungdomsskulen i Ulstein var i gang i 1970, og realskule og framhaldsskule under avvikling. Skulen ville få 198 elevar fordelt på tre 7. klasser og fire 8. klasser frå hausten 1970. Skulen hadde 18 lærarar, men hadde ein del vanskar i starten av skuleåret på grunn av romsituasjonen. Den nye ungdomsskulen var under bygging og skulle etter planen stå ferdig i mars 1971. Ungdomsskulen nytta i starten rom på barneskulen, men så vart nokre rom på nyeskulen ferdige, og elevane kunne flytte inn dit, medan arbeidet på skulen heldt fram etter planen. I desember 1972 hadde det kome opp seks høge lysmaster ved stadionanlegget ved den nye skulen. Fredag 26 oktober 1973 var det vigselsfest for ungdomsskulen.
Tidleg på 1970-talet vart forprosjektet til Ulstein nye skule godkjent av dei kommunale styresmaktene. Den nye Ulstein skule på Bøen på Skeide vart teken i bruk frå starten av skuleåret 1975-76, sjølv om det stod igjen litt arbeid på bygget. I mars 1976 vart skulen vigsla med eit festsamvær.
I 1974 fekk Norsk Luthersk Misjonssamband godkjent planane sine om barnehage i Ulsteinvik. Ferdig ville barnehagen, som seinare fekk namnet Tryggheim, ta imot 37 born i alderen tre til sju år og fordelt på to avdelingar. Ut på hausten 1976 stod barnehagen ferdig ovanfor der ViTo-butikken ligg i dag.
Planlegging av sjukeheim i Ulstein var godt i gang tidleg på 1970-talet. Hausten 1974 var det klart at Ulstein sjukeheim ville få 60 senger etter eit samrøystes vedtak i fylkestinget. Det var hektisk offentleg byggjeverksemd i Ulstein utover på midten av 1970-talet. På Alvehaugen var arbeidet med sjukeheimen i gang.
I 1971 sette fylkesmannen fram tanken om å byggje dagheim og internat for psykisk utviklingshemma i Ulsteinvik. Bygginga kjem etter kvart i gang. Både sjukeheimen og Ulstein dagheim og internat stod ferdig til bruk i 1976. Sjukeheimen vart opna 11. august og overteken av fylket, men mangelen på sjukepleiarar skapte vanskar den første tida. Den 26. august 1976 vart fødeavdelinga ved Ulstein sjukeheim teken i bruk. Jordmor Oddny Holte kunne ta imot ei velskapt jente. I desember 1977 vart kapellet ved Ulstein sjukeheim vigsla. Sokneprest Rudolf Fiskerstrand heldt gudsteneste. Kapellet hadde plass til mellom 30 og 40 personar. I slutten av august 1977 vart Ulstein dagheim og internat for psykisk utviklingshemma, det som folk kalla Soltun, innvigd og levert over til fylket som skulle drive institusjonen. Leiaren for driftsstyret var Kolbjørn Hasund.
Kring midten av 1970-talet låg planane for utviding av kvileheimen og bygging av eldresenter føre. På årsmøtet sitt i 1975 vedtok Ulstein sanitetsforeining at foreininga skulle ta på seg å utstyre og drive eldresenteret når det stod ferdig. Saniteten hadde no 1875 medlemer.
Ulstein gymnas stig no til vêrs i Høddvoll-området, arbeidet med det nye televerkshuset i Ulsteinvik er i gang våren 1975, og det nye undervisningsbygget til Sunnmøre Folkehøgskule kunne takast i bruk i dette året. Midt i september 1977 var det flyttesjau for gymnaset. Elevane var med og lasta pultar og stolar frå Bjørndals Minne på lastebilar som frakta flyttelasset til det nye gymnaset ved Høddvoll. Måndag 19. september var første dagen i dei nye lokala. Den nye idrettshallen ved gymnaset vart heitande Ulsteinhallen. Hallen kunne takast i bruk i august 1978. Gymnaset og idrettshallen vart formelt tekne over av fylket og innvigd i november 1978.
Gamlebygget til Sunnmøre Folkehøgskule i Ulsteinvik vart rive i 1973. Bygget vart reist i 1918 av materialane frå to hotell. No var det planen at eit nytt bygg skulle stå klart hausten 1974. Til dess var det eit problem å finne undervisningsrom til dei om lag 90 elevane ved skulen. Det ny bygget ville auke kapasiteten ved skulen til 120 elevar.