Innstramminga i kommuneøkonomien og den stigande arbeidsløysa ved starten på 1980-talet må delvis sjåast i samanheng med situasjonen nasjonalt. Då lønner og prisar slapp laus igjen i 1980 etter pris- og inntektsstoppen, nådde inflasjonen snart nye høgder – med ein topp på 14 prosent i 1981.
Lønnene steig kraftig, men reallønna minka for dei fleste. Forbruket stagnerte, produksjonen gjekk tilbake i fleire næringar, og vareeksporten gjekk ned. Det siste hadde samanheng med ein ny internasjonal lågkonjunktur, høgt kostnadsnivå og stigande kronekurs. Willoch-regjeringa prøvde å styrke eksportindustrien ved å stramme inn finanspolitikken og såleis dempe kostnadspresset. Dei lykkast delvis med det. Men økonomiske innstrammingar og stagnasjon i delar av næringslivet gav ei bølgje av permitteringar og oppseiingar, samtidig som det råka kommuneøkonomien. Arbeidsløysa i Noreg sette etterkrigsrekord i 1983 med 3,3 prosent: 50.000 gjekk ledige, stigande til nesten 70.000 i 1984, medan 30.000 gjekk på arbeidsmarknadstiltak.
Lokalt spår verftseigaren Idar Ulstein lågare byggjeaktivitet for verfta og signaliserer at den konkurranseutsette industrien bør vere lønnsleiande, eit prinsipp også LO er samd i – i dag.
Kvinnene i Noreg har for alvor byrja å vende blikket mot arbeid utanfor heimen. Talet på heimeverande husmødrer blir halvert frå 1980 til 1990. Det vart etter kvart akutt mangel på barnehagetilbod i Ulstein. Saniteten hadde i nokre år hatt seksårsklubb i Bjørndals Minne. Hausten 1979 vart dette tiltaket gjort om til kortidsbarnehage. Førskulelærar Liv Knutsen leidde tiltaket. I tillegg hadde kommunen den private barnehagen Tryggheim og barneparken ved idrettshallen. I 1983 var det klart for byggjestart for den første kommunale barnehagen i Ulstein, Skollebakken barnehage. Han skulle ligge i skråninga ovanfor den dåverande tannklinikken. Det var no meir enn fire år sidan kommunestyret i Ulstein hadde vedteke å byggje barnehage første gongen. Prosjektet hadde måtta vike for andre tiltak fleire gonger, men hadde no fått plass med ei løyving på budsjettet for 1982. Barnehagen ville gi plass til 26 born, 18 i avdelinga for 3-7 år. Politikarane vedtok også å tilby kjellaren i Skollebakken til ungdomsklubben Hjalmar. I juni 1984 var bygginga av Skollebakken godt i gang. Arbeidet hadde blitt forseinka på grunn av ein problematisk telekabel i området. Men ut på hausten ville barnehagen kunne ta imot born. Dette var første gongen det vart barnehagetilbod for born under tre år i Ulstein.
Ulstein kommune måtte skjere ned i det første budsjettet sitt for 1980-talet, noko som råka både skuleplanar, barnehageplanar og eldreomsorga. Innstrammingane frå regjeringa merkast også i kommunane. Hausten 1980 innførte Ulstein kjøpestopp. Då hadde politikarane gjort vedtak om utviding av kvileheimen og bygging av ny skule i Dimna. Kontorsjef Asbjørn Waage fortalde til Vikebladet at kommunen mangla to millionar kroner på inneverande budsjett. Men eldreomsorga var viktig, og kommunen hadde teikna kontrakt med firmaet Jernbetong AS om tre bygningar like ved aldersheimen. Dei skulle innehalde 22 aldersbustader der eldre menneske kunne stelle seg sjølve eller få stell alt etter behov.
I september 1982 opna dørene til den nye bygdestova ved eldresenteret og Ulstein kvileheim. Sanitetskvinnene som skulle servere i kafeteriaen, var på plass og kjøkkenet godkjent. Alt arbeid på senteret var basert på dugnad. Varmbadet var fylt med vatn, og i tilknyting til bassenget var det trimrom. Det var også rom til fotpleie og hårpleie på senteret. Det var såleis ei kjempeoppgåve saniteten hadde teke på seg. Eldresenteret vart offisielt opna i slutten av november 1982, med 22 nye husvære.
Helsetenesta var også viktig for leiinga i Ulstein. I april 1981 kom kommunane fram til ein avtale om ei felles legevaktteneste for Ulstein og Hareid. Dei to kommunane hadde no god legedekning og utgjorde eit distrikt med korte avstandar. Den nye legevakta skulle gå frå klokka 15 til 08 neste dag. I helgane og på høgtidsdagar skulle vakta gå frå klokka 08 og eit døgn framover. Utgiftene skulle fordelast etter folketalet, men med refusjonar frå staten. Hareid hadde på dette tidspunktet 4357 innbyggjarar, Ulstein 5336.