Ordførar Ottar Kaldhol fekk i april 1988 æra av å trykke på knappen og kople til Garsholhaugen reinseanlegg. Han markerte med det at første byggesteg i vassverksutbygginga i Ulstein var fullført. Det hadde totalt kosta 10 millionar kroner, fordelt med 6,5 millionar på Ulstein Vassverk og 3,5 millionar på utbygginga i Haddal/Eiksund. I det vesle huset på Garsholhaugen vart alt vatnet frå Garnesvatnet leia gjennom eit moderne reinseanlegg.

Ulstein kommune vart tildelt vassprisen til Møre og Romsdal fylke i 1988. Prisen var eit ledd i programmet for effektivisering av vassforsyninga i fylket og vart gitt til den kommunen eller den personen i fylket som hadde merka seg ut i arbeidet med betre vassforsyning i året som gjekk. Om Ulstein skreiv juryen: – Kommunen har arbeidd aktivt for auka forståing for ei sterkare satsing på vassforsyning. Gjennom planlegging har kommunen sikra planmessig bruk av vassressursane. Ulstein har også sett i gang utbygging av vassverk på ein måte som kan tene som gode døme. Vidare har kommunen laga gode rutinar for utbygging, drift og vedlikehald av vassforsyninga og har sikra samarbeidsløysingar til stor samfunnsmessig nytte.

Oppryddinga i avløpssektoren i Ulstein var eit lyft for kommunen utover i 1989. I Eiksund var arbeidet fullført i august. I september hadde det lykkast å få i stand avtale med grunneigar om vidareføring av hovudkloakken Osnes-Vollane, og arbeidet ville starte med det første. Men det ville melde seg ytterlegare vanskar når arbeidet kom så langt som til Halseneset, der leidningen skulle førast ut i fjorden på 20 meters djup. Kommunen venta no på svar frå fylkesmannen på om arbeidet kunne utførast som planlagt. Oppsitjarar på Skeide hadde protestert mot planane og var redde for at kloakken skulle forureine strendene i området. I november 1989 vart planen godkjend, og kommunen kunne gjennomføre prosjektet med hovudkloakkleidning frå Halseneset.

I september 1989 vart det klart at Søre Sunnmøre reinhaldsverk (SSR) ønskte å frakte bosset til Grautneset med eigne bilar. Dette meinte dei ville bli det billigaste alternativet. Men ordninga med Grautneset ville uansett medføre ein auke i bossavgifta for folk på Ytre Søre på kring 20 prosent.