Verfta i regionen merka at tidene var tøffe. Kleven melde likevel i januar 1986 om full sysselsetjing til oktober 1986, men marknaden var framleis stram. Samtidig melde Hasund om at verkstaden trong meir folk. Dei ville ha full sysselsetjing i månadene framover og meir arbeid enn dei 32 tilsette ville klare å ta unna. Hasund bygde på denne tida ikkje ferdige båtar sjølve, men var underleverandør til dei større skipsverfta i distriktet. Årsomsetninga var på vel 8 millionar kroner.

Hausten 1987 markerte Hasund Mek. Verksted 40-årsjubileum. Verkstaden vart starta som smie og sveiseverkstad i 1946/47, og Hallvard Hasund, gründer saman med Karl L. Breivik, Leif L. Breivik og Klaus Dimmen, vart tilsett som disponent. I 1953 tok Hallvard Hasund over alle aksjane, og i 1962 fekk Hasund førespurnad frå Ulstein om dei kunne byggje skroget til ein snurpar på 110 fot. Seinare følgde mange skrog. For å ta på seg aukande arbeidsoppgåver vart det etter kvart ei jamn utbygging ved verkstaden. Dei husa som vart reiste på slutten av 1940-talet, vart først bygde på. Men seinare måtte det større og nyare bygg til. I 1964 vart vegen forbi verkstaden flytta lenger opp, slik at dei fekk plass til ein ny platehall, som dei også utvida seinare. I 1976 sette bedrifta opp endå ein platehall. I 1967 kom det nytt kontorbygg, og i 1977 ein ny maskinverkstad. I 1970-åra skaut dei ut det meste av den såkalla Storehaugen og brukte massen til å skaffe seg areal ved utfylling i sjøen, skriv Johan Ottesen i ein artikkel om bedrifta i Vikebladet i november 1987.

Likestillinga i yrkeslivet gjekk sakte, men sikkert framover på 1980- og 90-talet. I mars 1986 kunne lokalavisa fortelje om den første kvinnelege sveisaren med fagbrev. Else Stav (34) var frå Skeide og hadde teke fagbrevet sitt på Ulstein Hatlø. Der hadde ho vore sidan 1980 etter at ho hadde vore husmor i fleire år. For tida var det åtte kvinner som jobba i produksjonen på avdeling Hatlø, medan der var 229 menn. Det var tre kvinner der då Stav starta. Det var også i 1986 mangel på kvinnelege arbeidsplassar i dei fem kommunane på Ytre Søre Sunnmøre. Av dei 160 personane som var melde arbeidsledige våren 1986, var det 86 kvinner, og dessutan var 120 kvinner på arbeidsmarknadstiltak. Totalt var det 206 kvinner utan fast arbeid i regionen. I tillegg kom alle dei som ikkje hadde meldt seg ledige, men som ønskte seg arbeid.

Året 1986 hadde opna med heller dystre utsikter for skipsindustrien. Leiarane spådde vanskelege tider og fekk rett. Supplymarknaden fall heilt ut; det var også lite kontrahering av transportskip. Både Ulstein Hatlø og Kleven måtte stille om til andre skipstypar. I april, rett etter lockouten av 900 i verkstadindustrien i Ulstein og Hareid, fekk 600 tilsette ved Ulstein Hatlø permitteringsvarsel, og 2. mai var 200 utan arbeid. Men utover hausten var det stigande optimisme. Verfta såg ut til å klare omstillinga til fiskefartøy. Først kunne Kleven melde om kontrakt med ein irsk fiskebåtreiar i november, og i desember kom det endå ein kontrakt til same verkstaden. Ulstein Hatlø fekk kontrakt på to fiskebåtar same månad.

Ulstein valde å selje Ulstein Smedvik hausten 1987. Eit nystarta selskap med basis i Voldnes Skipsverft i Herøy var kjøpar. Den 1. mai 1988 tok Herøy Industrier AS over bedrifta i Tjørvåg. Då Ulstein kjøpte Smedvik etter konkursen i 1979, starta dei produksjon av skipsutstyr der. Smedvik produserte mellom anna den kjende haikjeften ankerhandteringsutstyr. Men heile tida hadde store delar av anlegget i Tjørvåg stått ubrukt. I 1987 var arbeidsstokken 48 mann, medan Smedvik på det meste sysselsette kring 160 arbeidarar. No fekk dei tilsette valet mellom å gå inn i ei av Ulstein-bedriftene eller å halde fram på Smedvik under dei nye eigarane.

Stranda Verksted leverte eit nytt fiskefartøy i mai 1987. Den vesle verkstaden i Hasundstranda skulle levere ein båt av same type til årsskiftet. Dei tre Herøy-fiskarane som skulle ha den nye båten, var fulle av lovord over produktet og arbeidet som verkstaden hadde utført. Havprins var ein 50 fot lang autolinebåt, altså litt større enn ein tradisjonell sjark. Det var Bård Vikanes som hadde prosjektert fartøyet til Stranda Verksted – som brukte eit halvt år på å byggje båten, fortalde lokalavisa.

Den 31. oktober 1987 vart den første båten hala på land ved Strandebø Slipp og Mek. Verkstad, og Ulstein hadde med det fått ein slipp for båtar opp til 75 fot. Både fiskeflåten og lystbåteigarane kunne helse slippen velkomen. Til no hadde det vore få plassar i Ulstein til å drage opp mindre båtar. Mannen bak bedrifta i strandlinja på Strandabøen var Atle Strandebø. Han hadde investert vel ein million kroner i anlegget så langt.

Så vart det igjen gode tider for verfta. I april 1989 leverte Kleven den siste av ei rekke på sju fabrikktrålarar til norske og utanlandske reiarar. No stod produksjonen av ti fryseskip til det finske reiarlaget Gustaf Erikson for tur. Det første fryseskipet skulle leverast i september 1989, og laurdag 30. september var det dobbeldåp ved Kleven for dei to første skipa til Erikson på Åland. Samtidig kunne verftet proklamere kontraktar på åtte nye fryseskip, denne gongen i samarbeid med Lauritzen-gruppen i Danmark.

I juni 1989 var Kleven størst i landet innan skipsbygging; Klevengruppa hadde kjøpt både Ankerløkken i Florø og SIVA-anlegget i Førde. Konsernet rekna med ei omsetning på om lag ein milliard kroner og ville få 750 tilsette i 1990. Samtidig kunne direktør John M. Kleven presentere ein ny kjempekontrakt, fire kjemikalieskip til eit av dei største reiarlaga i verda, Stolt-Nielsen-gruppen.

Ulsteinkonsernet voks seg også stadig større. I 1988 hadde omsetninga passert 1,5 milliardar kroner og om lag 2200 tilsette var fordelte på verksemder i 10 land. Ulstein var no den største produsenten av propellar i verda. Årsresultatet for 1988 var på over 94 millionar kroner, og konsernet sat på ein pengesekk på 630 millionar. Ordrereserven var på 1,6 milliardar og rekordstor.