Dei siste par åra på 1980-talet var det mykje snakk om å satse på reiselivet i regionen. Planar kom til verda, og politikarane engasjerte seg med tru på denne nye næringa som ei vekstnæring. I juni 1987 opna det som skulle heite Ulstein Turistinformasjon kontor i Ulsteinvik. Kontoret låg i venterommet på skysstasjonen. Den viktigaste oppgåva for kontoret var å observere og registrere kva type informasjon turistane var ute etter, og så var det meininga at dette skulle vere eit utgangspunkt for arbeidet mot reiselivet dei komande åra.
Utover sommaren 1987 var restaureringsarbeidet på Borgarøya godt i gang. Handelsstaden, som kommunen no eigde, hadde kulturhistorisk verdi. Det var viktig å gi området og huset bruksverdi i tillegg. Kommunen ønskte signal frå innbyggjarane om kva Borgarøya burde brukast til i framtida. Tanken var at øya skulle vere open for alle, og at også turistar skulle kunne nytte staden.
I juli 1989 opna eit kontor for turistinformasjon på kaia på Hareid. Kontoret låg i same bygningen som terminalkiosken og skulle drive turistinformasjon for både Hareid og Ulstein. Ei stund før jul 1989 låg utkastet til reiselivsplan for Hareid, Ulstein og Herøy føre. Her vart det mellom anna ymta om å flytte ishavssatsinga i Brandal til Herøy, og Hareid-rådmann Solsletten kom med følgjande ironiske merknad: – Eg går ut ifrå at det er meininga at nasjonalmonumentet for slaget ved Hjørungavåg skal stå der det no er… Reiselivs-samarbeidet kom såleis skeivt ut frå starten. Men det som skulle bli Runde Reiselivslag, heldt det gåande i ti-tolv år framover.
Det skjer ting på lokalavisfronten også før 1980-talet er omme. Vestposten har i fleire år slite tungt økonomisk, medan Vikebladet har skote fart. Avisa opplever ein så kraftig tilgang på annonsar at ho berre har plass til artiklar på 50 prosent av sidene. I 1986 går Vikebladet difor opp frå to til tre utgåver i veka: tysdag, torsdag og laurdag. Under redaktør Marit Kvammen har avisa blitt ei offensiv avis som konkurrerer hardt med Sunnmørsposten og NRK om dei lokale nyheitene. Den 1. februar 1989 takkar redaktør Ivar Grimstad for seg i Vestposten. Han har nådd pensjonsalderen og overlèt roret til Leiv Arne Grimstad. Samtidig er det tingingar mellom dei to avisene om ei samanslåing. Den 30. august 1989 kjem den aller siste utgåva av Vestposten ut, og tysdag 5. september ligg den første utgåva av Vikebladet Vestposten i postkassene – med Marit Kvammen som ansvarleg redaktør.