I perioden 1983 til 1985 snur utviklinga i norsk økonomi. Vi får det som Berge Furre kallar Det store kalaset, og som andre har gitt namnet jappetida (1983-87). Snunaden vart dramatisk. Det vart gode konjunkturar ute i verda, oljen fløymde og var godt betalt. Dessutan slo regjeringa Willoch inn på ein ekspansiv finanspolitikk. Veksten i norsk økonomi var på 3,5 prosent i 1985, arbeidsløysa gjekk ned, og om lag 50.000 fleire var i arbeid enn året før og 60.000 fleire i 1986 enn i 1985.

Eit kjenneteikn ved denne perioden var framveksten av ei gruppe ambisiøse, dynamiske, individualistiske og gjerne litt yngre menneske – med haldningar som meir enn tidlegare handla om personleg gevinst. I avisene vart dei gjerne kalla jappar. Fenomenet var typisk for fleire land i den vestlege verda. I Noreg er jappetida ofte samanlikna med jobbetida under første verdskrigen; med ein personleg velstandsauke gjerne i takt med veksten i aksjekursane. Det var lett å få kreditt, og det gjorde ikkje manøvrane mindre dristige. Også i Ulstein fanst det vanlege menneske (helst menn) som ordna seg med kassakreditt via lønnskontoen for å handle aksjar.

Etter kvart gjekk snunaden i norsk økonomi over i ein etterspurnads-eksplosjon og ein forbruksauke langt ut over produksjonsauken. Det private forbruket steig med 20 prosent på tre år. Realinntektene auka med ni prosent. Det meste av forbruket var lånefinansiert. Bankar og kredittføretak konkurrerte om å skaffe seg lånekundar, og auka utlåna over alle budsjettgrenser, mykje av det forbrukslån. Det vart selt kring 340.000 nye personbilar her i landet i 1985-86. Optimismen greip om seg i næringslivet, som også auka gjelda si kraftig.

Det lokale næringslivet var ikkje upåverka av oppgangen i norsk økonomi framover mot 1985. Det var ein etterlengta oppgang, om enn kortvarig. Då Anders Talleraas (H) var på bedriftsvitjing i Ulstein i samband med stortingsvalkampen i august 1985, kunne han slå fast at det bobla i Distrikts-Noreg. Mange bedrifter sleit med å finne nok arbeidskraft.

Det skulle kome ein blåmåndag. Lokalt finn vi tydelege innslag av dette dei siste åra på 1980-talet. Sunnmørsbanken hadde i 1988 eit tap på utlån på heile 570 millionar kroner, og tapte dermed det meste av eigenkapitalen sin. Ei tid var det tale om at Sparebanken Møre ville kjøpe banken. Det var også planar om ein redningsaksjon mellom kommunar og industrifolk på Sunnmøre – fronta av verftsmannen Idar Ulstein. Etter ei nedskriving av aksjeverdien gjekk Forretningsbankenes Sikringsfond inn med ny kapital og tok dermed styringa av banken. Det enda med at Kredittkassen tok over Sunnmørsbanken i 1991. Deretter kom Nordea på banen.

Det var særleg på to område at jappetida sette spor etter seg lokalt. For det første: kredittkjøp; overtrekte kontoar og storkjøp utan kontantar greip om seg også i Ulstein. Meir enn nokon gong før såg folk seg råd til mykje meir enn det lommeboka tilsa. Då oppgjerets time kom, var det fleire som ikkje kunne gjere opp for seg. I 1986 auka talet på inkassosaker i Ulstein og Hareid med heile 35 prosent i høve til året før. Dette førte til auka arbeidsmengd ved lensmannskontoret, kunne Vikebladet fortelje i ein reportasje om saka i februar 1987. For det andre auka talet på nyetableringar kraftig.

Eit anna utslag opplevde ulsteinfolket også på nært hald: I siste halvdel av 1987 og dei første månadene i 1988 vart ei rekke forretningar i Ulstein og Hareid avvikla. Fleire av dei var nye klesbutikkar, relativt små tiltak, og sjølv om dei fleste av dei eldre forretningane heldt stand, merkast det at tilbodet hadde vorte mindre.

Under jappetida var det, som vi har vore inne på, enklare å få lån. Mange i regionen hadde levd på forskot og fekk utover i 1987-1988 stadig større vanskar med å gjere opp for seg. Frå 1985 til 1987 auka talet på namssaker med 57 prosent. Auken frå 1986 til 1987 var på 16 prosent, og talet på saker i forliksrådet auka med 23 prosent, og det var ein klart større auke i Hareid enn i Ulstein. Til Vikebladet konkluderte lensmannen med at det ikkje var generelt dårleg råd som førte til at folk ikkje gjorde opp for seg, men rett og slett at mange levde på forskot og kjøpte meir enn dei hadde råd til: – Det har blitt lettvint å finansiere høgt forbruk, og i dei fleste saker er det sjølvforskyldt at folk kjem i betalingsvanskar, meinte lensmannen.

Dei økonomiske problema tårna seg opp for folk i Ulstein-distriktet etter lånekalaset. Ikkje mindre enn 803 namssaker vart registrerte ved Ulstein og Hareid lensmannskontor i 1988, i 1987 var talet 695, og tendensen hadde vore stigande. Lensmannskontoret hadde gjennomført ei rekke utpantingar, og heile 13 hus hadde kome på tvangsauksjon berre i tida før jul 1988. I mai 1989 tillyste lensmannen tvangsauksjon over 21 hus i Ulstein og Hareid. Dette var til dels etterslep etter tilhøve som starta året før.

I august 1988 melde lokale bilforhandlarar om ei halvering av bilsalet, og Arbeidskontoret i Ulsteinvik hadde på ein månad fått 60 nye arbeidslause.

Det var ein dramatisk auke i arbeidsløysa i Ulstein distrikt utover i 1988. Det var etterdønningar etter jappetida og innstramminga i arbeidsliv og offentleg økonomi. I alt 414 personar stod utan arbeid i området ved starten av 1989, mot 134 ved årsskiftet 1987/88. Berre to gonger tidlegare hadde det vore fleire ledige i distriktet sidan målingane kom i stand i 1962: i 1979 då talet var 468, og 1983 då regionen hadde 471 ledige. Ulstein var ikkje hardast råka, men likevel var 75 ledige ved årsskiftet 1988/89, 35 menn og 40 kvinner.

Litt ut i 1989 kunne Arbeidskontoret for Ulstein distrikt registrere den høgste arbeidsløysa sidan kontoret vart oppretta i 1962; 623 personar stod heilt utan arbeid i Ulstein, Herøy, Hareid og Sande, 20 fleire enn i 1984. Innstrammingane i norsk økonomi nådde også Forsvaret, og heimevernssoldatane i Ulstein og Hareid, om lag 150 mann, fekk i august 1988 melding om at den planlagde øvinga var avlyst på grunn av økonomien.