Sigrid Strand opna det nye Cubus-bygget sitt på Sanden i slutten av april 1986. Kundane strøymde til.

Butikken skulle bli litt av eit trekkplaster for handlande frå fjern og nær. Grunnflata i den nye butikken var på 800 kvadratmeter, altså ei dobling av arealet i høvet til den gamle, som no ville bli leigd ut. I dei nye lokala var det også gjort plass til eit lite parfymeri, ein liten kaffibar og ei leikekrå for born.