Dette stoffet er henta frå heftet «Ymse nedteikningar av Knut J. Hasund», samla av dottera, Asbjørg Hasund Grønmyr. Artikkelen er den andre frå dette heftet.
Denne artikkelen blei skriven av Knut J. Hasund i 1965.
Vi har valt å halde på den skrivemåten som han sjølv brukte då han skreiv dette.
Her var mykje overtru hjå folk i gamle dagar, både på landjorda og på sjøen. Det meste av det hadde kvorve då eg vaks opp, men somt hekk igjen, og somt heng kanskje att ennå.