Som liten hadde eg ein onkel som budde i Ålesund. Han var veldig kul. Den kulaste vaksne eg kjende. Han hadde leilegheit i eit lyseblått murbygg som i staden for keisame dører hadde bogeforma opningar mellom stuene.
Eg har eit bestemt inntrykk av at jula startar tidlegare og tidlegare for kvart år som går. Det siste sparket i seriefotballen er ikkje sparka, og spelarane spring framleis berrføtte, når julepynt og nissar dukkar opp i butikkane. Brosjyrar om alt du må ha til jul, kjem til postkassene, saman med farga blad om årets siste haustmoter og skatteoppgjeret for 2019.
Sumaren 1916 reiste skulestyrar Hop til eit ungdomsskulelærarkurs som skulle vera i Oslo. Han brukte sykkel og var åleine. – Kunne difor gi seg tid og farta dit han ville, og han la vegen om Hardanger. Frå Odda kom han over fjellet til det avsides-liggjande Røldal. Her stogga han eit par dagar. Ein dag han stod nede i dalen ved den gamle kyrkja, og såg oppover bygda, feste auga seg ved det store hotell Røldal, som stod oppe i bakken ved hovudvegen.
Medan livet paa sjø og land, i hus og paa mark, i klædebunad og matstell, hev vorte umlagt og endra, so hev ogso aandslivet i mangt og mykje vorte onnorleis no enn daa vaare besteforeldre og oldeforeldre livde. Det som no set mest merke paa og styrer aandslivet ute millom folk, er vel helst den skule og den lesnad folk hev. Ser me attende til tidi kring 1800 og utyver til 1860, so finn me, at ute paa landsbygdi var dei ikkje langt framme, anten med skule eller lesnad.