Ei bekymra mor og vanmakta i fiskar- og småbrukarheimane

Innlegg i lokalavisa fortel mykje om kva vilkår innbyggjarane levde under. Etter eit foreldremøte på ein skule skriv ei mor eit innlegg i Vikebladet og uttrykkjer otte for borna og oppveksten: – Skulle det ikkje kunne la seg gjere å lære borna å få nokre høgare interesser enn dei fleste ungdommar her har no, utan at foreldra må betale massevis av pengar for kvart barn? Dei fleste veit at det ikkje er så gode tider her no at alle kan greie det; slett ikkje dei som har ein stor barneflokk (…). Når borna skal på søndagsskule søndag morgon, finn dei flasker og ting som verre er, etter vegane, prøver leivningane på flaska, spør etter kva mangt skal tyde; då trur eg det er best vi hjelpest åt alle saman. Mange av gutane røykjer òg; det har eg sett så mang ein gong, skriv ho mellom anna.

Ulsteinsamfunnet var tufta på jordbruk og fiske. Kombinasjon med eit lite gardsbruk og fiske var vanleg for dei aller fleste. Her ser vi arbeid med klippfisk i Ulsteinfjøra. I bakgrunnen Runde. Søskena Lidvin (t.v) og Berta Skeide med nevøen Bjarne Skeide i forgrunnen.

Ei kjensle av jul

Som liten hadde eg ein onkel som budde i Ålesund. Han var veldig kul. Den kulaste vaksne eg kjende. Han hadde leilegheit i eit lyseblått murbygg som i staden for keisame dører hadde bogeforma opningar mellom stuene.

Spennande med ein onkel som budde i Ålesund.

Ei merkeleg hending på sjøen

For mange år sidan fekk eg eit notat av dåverande rådmann i Ulstein, Asbjørn Waage. Notatet omhandlar ei merkeleg hending på sjøen som skjedde først på 1800-talet. Grunnen til at eg fekk notatet, var truleg at tipp tipp oldefaren min, John Larsson Osnes, var ein av dei som er omtala i hendinga det her skal forteljast om.

Johan K. Hasund.

Ei ny tid

Det hadde sjølvsagt vore initiativ frå satsevillige sjeler med kapital i Ulsteinvik før òg. Men no kjem det eit oppslag i lokalavisa som signaliserer at noko meir kan vere i emning: Lokale investorar som vil gjere sitt for å endre bygdebyen. Bjarne Wærdahl er først ute i denne nye bølgja. I avisa gjer han seg til talsmann for selskapet Bard Vekst og melder si interesse for Geileneset: – Vi verker etter å kome i gang. Vi treng eigedom og har kapital, slår han fast.

Bjarne Wærdahl.

Ei tragisk hending på Høddvoll

Som medlem av anleggsutvalet i Hødd fotball har eg dei siste 40 åra trakka rundt på Høddvoll, og eg trudde eg visste det meste som hadde skjedd der. Men det ingen hadde fortalt meg, var at laurdag 1. september 1945 skjedde dei ei trist dødsulykke på Høddvoll. Ved ei ulykke den dagen omkom den 9 år gamle Øystein Skeide (30.12.1936- 01.09.1945). Etter at eg fekk høyre om ulykka, har eg snakka med ein del folk for å nøste opp i kva som skjedde den fatale laurdagen i september 1945.

Øystein Skeide døydde ni år gamal på Høddvoll 1. september 1945.

Ei tragisk hending på sjøen

Ei tragisk hending står fast i folk frå omkring 1816 eller så. Det var mykje brukt den tida å reise utom Djupet i Bormegga og drage lange om hausten. Ein haust var to båtar (trerøringar) frå Osnes ute på slikt fiske. Kvar båt var bemanna med fem mann. Dei reiste ut i fint ver, men ut på dagen bles det opp ein landvindstorm med snøkave. Det viste seg snart at dei ikkje greidde å ro seg opp til Goksøyra slik som dei meinte.

Sunnmørsåttring.

Eigedomsskatt

– Det er ingen diskusjon lenger, spør du meg, vi må innføre eigedomsskatt, meinte rådmann Einar Vik Arset då han orienterte det nye kommunestyret om arbeidet med budsjettet for 2016. Rådmannen viste til at tidene hadde blitt trongare for næringslivet og at kommunen neppe ville få like gode inntekter dei neste åra. Dette var 4. året på rad at Vik Arset tok til orde for eigedomsskatt i Ulstein. Han meinte gevinsten første året ville lyde på vel 13 millionar kroner.

Ulstein Utvikling hadde fått hand om området langs Sjøgata frå kommunekaia på Geileneset inn til hotell- og kulturhustomta i Saunesosen. No stod firkløveret Einar Kristensen, Morten Ulstein, Stig Ulstein og Henning Ulstein fram i lokalavisa med detaljar omkring planane sine. Visjonen var at 27.000 kvadratmeter nye bygningar skulle vere med på å gjere Ulsteinvik til ein fascinerande vestlandstettstad. I dag ser vi korleis sjøsideprosjektet lyfter seg. Den nye Sjøgata stod ferdig i 2015, og tettstaden har teke nye sjumilssteg. Bildet er frå 2021.

Eika

Når ein no etterkvart kan ta i bruk Eiksundbrua og kome seg tørrskodd over til Eika, vil nok mange ta spaserturen dit.

Folkevandringane har vore frå fjordane og utover, nærare og nærare fisken. Slik har det vore i Eiksund og slik har det vore på Elika. Unntaket er Sunde 1 som fekk brukarar frå Ulsteinstranda og Flø. Sundevågen og Klungsvågen er gode båthamner. Til Klungsvågen kom dekksbåtar m.a. frå Vartdal for å ligge trygt mellom fiskjene. Langevågen, som går inn ved Geitholmen, er dei siste åra ei mykje nytta overnattingshamn for fritidsbåtar.

Skulehuset på Eika fotografert i 1989.

Eikholm

Bakgrunnen

Historie og kultur i Ulsteinregionen rundt 1940

Åra rundt 1940 var avslutninga på dei såkalla harde tredveåra både i norsk og europeisk historie. Oppgangen i næringslivet og det økonomiske livet hadde starta allereie i 1935 her i landet. Straks føre krigen var difor tida prega av optimisme og nysatsing innan næringsliv og handel, og ein var komen opp på nokolunde normal aktivitet når det gjaldt samfunnslivet i det heile. Såleis var det mange av dei bedriftene og verksemdene som for ettertida skulle få så stort oppsving, som vart grunnlagde nett i denne tida.

Eiksund i krigsåra

Før eg skal prøve å skrive noko om korleis Eiksundbygda opplevde krigsåra – trur eg at eg vil byrja med dagen før krigsutbrotet – nemlig den 8.april.

Agnes og Arthur Eiksund ved postkontoret i Eiksund.

Eiksundsambandet, kommunikasjonar og boss

Første nyttårsdag 2008 tok selskapet Tide over sambandet Hareid-Sula. Med det var ein epoke på åtte år for ferjeselskapet Hurtigruten AS over for dette sambandet. Frå 1. januar 2009 skulle hurtigbåten Tideekspressen bryte bølgjene over Breisundet.

Ei av markeringane i samband med opninga var den såkalla Eiksundsamklangen, der dirigent Svein Eiksund hadde samla 300 songarar frå 11 kor frå regionen med konsert mellom anna i Herøy kyrkje.

Ein kommuneingeniør ser tilbake på utviklinga

Saman med rådmann Asbjørn Waage var kommuneingeniør Bjarne Reite ein av dei som må seiast å vere far til det nye Ulstein. Då han hadde den siste arbeidsdagen sin på Ulstein rådhus og vart pensjonist i slutten av september 1985, laga Vikebladet eit lengre intervju med han. Reite kom til Ulstein i 1962, akkurat då utviklinga i kommunen verkeleg fekk fart på seg.

Saman med rådmann Asbjørn Waage (t.v) var kommuneingeniør Bjarne Reite ein av dei som må seiast å vere far til det nye Ulstein.

Ein landhandel

«Ka dinnja quindå innjebere i sitt indre å ytre hjerte»

Ei mange år gamal skisse utgjer grunnlaget for skildreriet (olje 50×70 cm). Personane skulle vere ulike typer, og er valde ut frå det. Legg merke til at mannen til venstre har pengane i hua si.

Det var Ludvig Moldskred som dreiv landhandelen på Haddal som denne tekstskissa gjev oss eit innblikk i.

Ein levedyktig kommune må ha elektrisk kraft

Politikarane i Ulstein såg etter kvart at ein levedyktig kommune er avhengig av elektrisk kraft. Kommunen må sikre seg eit kommunalt elektrisitetsverk, og dessutan ta del i ei stor framtidsretta utbygging i indre strøk. Spørsmålet om utbygging av Tussa-vassdraget hadde kome opp i 1916. Då hadde Hjørundfjord kommune kome til at utbygginga ville vere for stor for kommunen åleine. Her måtte det samarbeid til. AS Tussa kraftselskap blir skipa 26. november 1917.

Ulsteindalen kraftverk starta produksjon av elektrisitet i 1917.

Ein spesiell konflikt

Torsdag 27. februar 2000 eksploderer ei nyheitsbombe: Over eit bilete av Morten Ulstein slår overskrifta over framsida på lokalavisa mot lesarane: «Byggjer offshorefartøy hos Langsten». Medan hundrevis er i ferd med å bli permitterte ved Ulstein Verft, averterer konkurrenten Langsten Slip & Båtbyggeri etter arbeidskraft. Verftet i Tomrefjord har fått oppdraget med å byggje eit offshorefartøy til 250 millionar kroner. Oppdragsgivar er mellom andre ulsteinselskapet Borgstein, der Morten Ulstein er ein av aksjonærane.

Morten Ulstein.

Ein sumardag for vel 70 år sidan

Det er i siste halvdel av mars. Torskefisket er kome so langt at karane hev fått tjøra av fingrane. Den fiskaren som ikkje hadde fingrane impregnerte med tjøre når fisket starta, hadde ikkje fornya vegna si forsvarlegt i vinter. Veret hev vore laglegt i vinter, fisket hev ogso vore godt, truleg godt over eit middels år. So i år vert det nokre kroner meir enn vanlegt på «misjonsgarna» ogso.

Prestefamilien i Ulstein 1900-1910. Soknepresten heitte Severin Nyhagen. Han var tidlegare sokneprest i Leka. I 1910 vart han utnemnd til sokneprest i Molde.

Ein vital hundreåring

I år er Hødd 100 år. Idrettslaget blei skipa i 1919 – i eit tiår som var ei ekspansiv tid for Ulsteinsamfunnet. I tidsromet mellom 1909 og 1919 hende det mykje som har fått stor betydning for Ulsteinsamfunnet.

Logoen til Hødd.

Einar Grimstad

Einar Grimstad var fødd i Ulsteinvik og var eldst av ni syskjen. Einar var aktiv i det kristne ungdomsarbeidet knytt til Fredheim. I vaksen alder starta han det lokale bokforlaget Spor Forlag.

Einar Grimstad.

Einar Magne Flø

Einar Magne Flø er kunstnar. Han har bak seg ei rekke utstillingar og har teke imot prisar for kunsten sin. Mest kjend er han for draumebilda. Han har og gitt ut bøker.

Einar Magne Flø.

Einar Spjutøy

Frå den tida eg kjende Einar Spjutøy vart han kalla «Einar på hjemma». Det fortalde alle at han levde det meste av si tid som gammal på gamleheimane her i Ulsteinvik.

Einar Spjutøy var fødd i 1898 og døydde i 1981.