Ei tragisk hending står fast i folk frå omkring 1816 eller så. Det var mykje brukt den tida å reise utom Djupet i Bormegga og drage lange om hausten. Ein haust var to båtar (trerøringar) frå Osnes ute på slikt fiske. Kvar båt var bemanna med fem mann. Dei reiste ut i fint ver, men ut på dagen bles det opp ein landvindstorm med snøkave. Det viste seg snart at dei ikkje greidde å ro seg opp til Goksøyra slik som dei meinte.

Kom frå kvarandre

Dei tok då til rådslå om å gå alle inn i ein båt og la den andre drive
til havs. Likevel kunne dei ikkje verte samde om kva båt dei skulle forlate, og det vart skjebnesvangert. Allereie den første natta kom dei ifrå kvarandre og visste ikkje å treffe kvarandre. Det gjekk dag etter dag og natt etter natt, men stormen rasa vedvarande frå land. Båtane vart fylte halvt gong etter gong, men dei fekk dei lensa, og det kan ikkje beskrivast kva dei leid dei lange haustnettene.

Etter fleire døgn landa den eine båten i nærleiken av eller på Harøya i Romsdalen og den andre i nærleiken av Kristiansund. Ein unggut i 17–18-årsalderen, son til Paul Osnes, var død i båten, og på den andre, der alle kom levande i land, døde ein under første måltidet han skulle ta inn. Dette var ein enkjemann som tente hjå John Osnes, medan John sjølv fekk eit livssår, så han ikkje meir vann å bruke sjøen og døde kort etter. Det var den gongen korkje post eller telefon som kunne gi melding heim, og det gjekk heller ikkje fort å nå heim att.

Lang veg heim

Dei kom fram på den måten at folket rodde når vêret tillèt det, stykke for stykke, og kosten måtte dei få ifrå kvar dei kom, og det var visst ofte skralt med levemåten. Endeleg etter fleire veker, nådde dei heim, nettopp som lensmannen heldt på med å registrere buet til dei som var rekna for å vere omkomne.

Denne hendinga sette djupe merke etter seg og har levd på folkemunne i mange år. Mellom dei som har skrive ned det som er fortalt om dette, er Johan Haddal, og her er eit samandrag:

– På Osnes skulle ein gong to trerøringar reise på sjøen saman med mange andre. Det var straks inn under jul og fint godt ver. Medan dei låg der ute på fiskebanken, small det opp med eit fælande ver som ingen hadde sett maken til. Dei skulle prøve å få opp ein lapp av seglet, men båten ville ikkje bere det på nokon måte, for sjøen rauk. Då dei endeleg hadde fått opp ein liten lapp, ikkje større enn at båten bar det, så tok vinden det av like som ei rota fille. Nå var det ikkje anna råd enn å andøve på vêret det beste dei vann. Mange av båtlaga slo seg i hop to og to, og gjekk inn på den eine og let den andre fare. Dei som det gjorde, kom seg til lands. Osneskarane ville også gjere det, men vart ikkje samde om kva båt dei skulle ta. Pål Osnes hadde ein ny trerøring og ville ikkje forlate den, men det var ein mindre røynd sjøbåt, så dei andre ville ikkje om bord i den, og med det vart det.

Såg eit nåljos

Dei kava og arbeidde kvar for seg det beste dei vann, men dreiv meir og meir til havs. Snøkaven var også så grauttjukk at dei såg ikkje neve for tenner. Det var også bitande kaldt, og dei hadde med seg niste berre for ein dag. Snart vart dei matlause også.

Son til Pål Osnes, ein ung gut, seig snart om og var død av kulde og arbeid. Då sa Pål: «Dette venta eg på, for då me gjekk nedover sanden og skulle fare på sjøen, såg eg eit nåljos trille av skinnhatten hans. Det trilla nedover ryggen og heilt ned på sanden før det slokna.» Dei sleit og arbeidde i tre samfulle døgn utan mat og drikke i storm og sjødrev. Den eine båten dreiv langs med Vigra og så nær land at dei såg budeia som for inn i fjøset med våndlane. Det skulle vere ein søndagsmorgon.

Til Nordøyane

Denne båten kom seg inn til Nordøyane seier somme, andre seier Hustad. Den andre båten dreiv vidare nordover, og på den tredje dagen om kvelden dreiv dei langs med ei øy. Karane ville på land, men Pål nekta det før han såg hus. Det var lukka, for natta vart den verste, og dei hadde sikkert frose i hel. Neste dag, då det tok til å skymast, kom dei til eit land med bustadhus på. Glade kava dei seg i land og kom seg i hus. Her vart dei godt mottekne og fekk turre klede og mat. Då dei hadde ete litt, seig ein av karane om og var død. Han hadde svolte og lide vondt så lenge at han ikkje tolte å ete. Folket dei var komne til, var hjelpsame med dei. Dei hjelpte å få dei døde i jorda på skikkeleg vis.