«Ka dinnja quindå innjebere i sitt indre å ytre hjerte»
Ei mange år gamal skisse utgjer grunnlaget for skildreriet (olje 50×70 cm). Personane skulle vere ulike typer, og er valde ut frå det. Legg merke til at mannen til venstre har pengane i hua si.
Sola er komen ut over Rambjøra. At dei har noko på hovudet, og er rimeleg godt kledde, treng ikkje tyde på at det er kaldt. Folk var ikkje så snare å lettkle seg, og kveldslufta hadde dei respekt for.
Handelsmannen nytta mykje ordet quinde i ymse bøyingsformer. Han hadde og lagt seg til standsmessige ord som t.d. hvor’sn, kor’sn og mankere.
Her var dampskipsanløp. Her var postkontor og her var handel. Handelen omfatta det mest nødvendige for å leve, og i tillegg eit visst utval i tøy, sko, spikar og slikt. Men når ein matros på Dampen spurde etter kalosjer, fekk han til svar: «Nei, kalosje hekje ej, men ej he godt smør». Han tok imot heimesmør og egg for varer som konene kjøpte.
Folk brukte føtene. Det var godt å få setje seg ned. Her var gode benkar. Stort sett var det karane som vart sitjande utover kveldane. Kanskje dei sit og ventar på tobakkskvota? «Det e (h)ærle når kvotå kjørne!»
Men i natt hadde han drøymt om invasjon og frigjering. «Ej (h)aure invasjonenj kor anj kom.
Det va-a so kjekt å sjå kor dei sprong!»
Stengetid? Lars Ringstad fekk spørsmål på eit heradstyremøte om korleis det var i Haddal. «I Haddal vart butikken opna i 1931, og har ikkje vare stengd sidan.»
Her var fin blå og kvit «søse» for skråtobakstyggjarar. Dei prøvde etter beste evne å utøve presisjonsspytting. Butikken hadde flisgolv med sluk.
Besta hadde reinhaldet av Ungdomshuset. I gangen der hang ein stor plakat i glas og rame: «Spytt ikkje på golvet. Hosta ikkje mot nokon.»
Men besta måtte vaske vekk mange titals brune spytteklyser etter samlingane. Det fortelst om ein tobakkstyggjar i Eiksund. Han hadde fast plass ved gallerikanten. Der sat han og spytta ned i salen.
Fleirtalet var røykjarar, etter kvart vart lufta tjukk av røyk. Sneipane hivde ein på golvet, som skikken var.
Bak døra vi ser litt av til høgre, er postkontoret med ekspedisjonsluka midt på veggen. Når eg kvitterte for verdipost sa han: «Skriv namne has fardinj so vert ikkje det noke tullj.»
Det skulle vel aldri vere nokon som tok vare på ein kalendar frå mellomkrigstida med «Sko og lær – godt utvalg, glas og steinty – godt utvalg m.m.»?
Firmaet hadde påtrykte brevark:
MOLDSKRED & CO. A/S
(DISP. L MOLDSKRED)
POSTOPNERI
RØKERI
AGENTUR
HADDAL DEN …………
Kaffien vart seld umalen frå store blekkboksar som tok opp ein god del av disken til høgre for vekta. På kaffiposane stod det:
«VI KJØPER VÅR KAFFE FRA MOLDSKRED & CO FOR VI VEIT DEN ER GO.»
Verdsøkonomien var på det svartaste nokon sinne eit par år før butikken opna. Sidan har det stort sett gått oppover. «Borja» fekk såleis leve livet sitt på ei oppgangsbølgje, noko det vart teke godt vare på.
Betraktaren har gått nær inn på motivet og står midt i lokalet. Bak han er det ei luke i disken, dør til lageret i bakkjellaren, ein disk på tvert med avdeling for tøy og andre «quindevarer». Der er også to vindauge til som vender mot kaia. Og utdøra er midt på vestveggen.
Praten går mellom dei vi ser og dei vi ikkje ser. Naturleg nok dreiar det seg mykje om syklar, sykkelreparasjonar, kven «so he eit godt nav» og kven «so he dele so passa.»
Om krank med klemskruar på trødene: «Ej teita det ej va go for, so klenka ej endanje å smure på saltlakje.»
Om bilar: «Plymuthenj has Edvin e» Ford. Pontiacen på Rise e» Ford. Allje bila e» Ford altso, det e» bære forskjellige namn på dei.»
Om overdriven hamstring: «Det verte einsle fyre dej når allje hine he svolte i hæl.»
Ein frå nabobygda om bror sin: «Hanj bryr sej bære om å drikke, hanj bryr kje sej om kvenfolk ein gong – ja, det kanj no einaste vere innje Indira Gandhi å nje Golda Meir.»
Naboane var ekstremt kristelege og ville gjerne vise det. Naboborna kom og ville vite kven som snudde på lødetroppa: «Jau, ditta va Jesus det! Å no kjaure hanj forbi dokke.»
På spørsmål mange år før dette om kvifor ein som gjekk maskinistskulen ikkje hadde sett brøk før, svara dåverande lærar at brøk ikkje rakk så langt fram på Dalen.
Undervisning i brøk: Simulerer ein griseskrott på disken og deler den opp: «Her ser dokke at grisenj he fire holve, to framholve å to bakholve! Visst du vil ha ribbe, må du ta ei ta framholvå, for det fæ kje du visst du tæ ei bakholve men då fæ du altso skjenke.»
Om arbeidsrutiner på Hestholmen: «Slær altso å tæ potete, det gjere dei onda bakkja, men skjere det gjere dei mote.»
Her var alltid noko å høyre, og alltid noko å lære.
Ein av dei som var med på det, mintest utpakkinga til opningsdagen i 1931: «Her mankera ei
kasse rosine.» Hjelparane leitte fram ei kasse det sto Sun Maid på, og ville opne og sjå kva som var ned i.
«Nei, Sun Maid e» kje bestilt, so denj peise oss i retur!»