Støypejarnskrossane på Vik kyrkjegard – eit levande ettermæle
Så lenge eg kan minnast har eg vore medviten om kyrkjegarden som eit sentrum og ein periferi i menneskelivet. Som barn fylgde eg mor ut til Osnes og hjelpte til med stellet av familiegravene. Ho reinska og planta og delte forteljingar om dei døde. Gravstaden vart eit omdreiingspunkt for identitetsutvikling. Gravstellet hadde to funksjonar – å ære den døde ved å halde minnet levande, og skjøtte omdømet til dei levande ved å vise at norma om gravstell vart etterlevd.



















