Sundagsskulen i Ulstein var dei første åra nært knytta til Indremisjonen og det er derfor naturleg å bruke nokre linjer på dette arbeidet her.
Den første offentlege sundagsskulen vi veit om i Norge vart halden i Stavanger i 1844. Idéen kom frå England (1780) og der vart sundagsskulen i løpet av få år ei landsomfattande rørsle. I Norge tok det monaleg lengre tid. Norsk Søndagsskoleforbund vart organisert i 1899 og først rundt århundreskiftet var det sundagsskular på dei fleste større stader i landet.
Ein ung bakarsvein tok med seg idéen til Ulstein. Han arbeidde rundt 1882 hjå handelsmann Rasmus Ulfsten, var frå Haugesundskanten og heitte Peder Helland. Han kjende til sundagsskulen frå heimtraktene. Etter å ha samrådd seg med Johannes P. Skeide, samla han borna på Osnes til sundagsskule.
Då Helland straks etter reiste frå Ulstein, heldt Skeide fram med sundagsskulen – vekselvis på gardane Osnes og Ulstein – til han døydde i 1888. Han hadde fått med seg fleire medhjelparar og ein av dei, Martinus Osnes, tok over leiinga.
I Hasund krins var det sundagsskule frå 1883. Skulen heldt til i prestegarden i Dimnasund, og fru Gabrielle Anker var initiativtakar og leia sundagsskulen der så lenge ho var i Ulstein. I prestegarden vart det også halde juletrefest for horna i hennar tid. Det heiter at ho var glad i å synge og hadde eit godt lag med born.
I 1895 var det presteskifte i Ulstein og for den nye soknepresten Carsten Hansteen var sundagsskulen ei hjartesak. Han hadde kome i kontakt med dette arbeidet i New York der han var hjelpeprest og seinare sjømannsprest, og dreiv sjølv ein liten sundagsskule i sjømannskyrkja. Etter at han kom heim til Norge såg han behovet for rettleiingslitteratur og skreiv og ga ut boka «Søndagsskolen» i 1893. Seinare sørga han for at det vart trykt songbøker til bruk i sundagsskulearbeidet.
Hansteen sette seg som mål å skipe sundagsskular i alle skulekrinsane i soknet og det var han som gjorde opptaket til ei fastare organisering. 24. februar 1895 heldt han foredrag om sundagsskulen i Osnes Bedehus, og foredraget fengde. På dette møtet vart sundagsskulen skipa og det vart vedteke lover for arbeidet. Martinus Osnes var sjølvskriven som den første forstandaren. Denne første organiserte sundagsskulen omfatta heile Skeide skulekrins: Ulsteinvik og gardane Skeide og Ulstein. 70 born vart innskrivne og 8 lærarar melde seg med ein gong, så oppslutnaden var stor. Snart passerte barnetalet 100. I årsmeldinga for 1897 er det opplyst at: «Børnetallet er ikke for nedadgaaende. Samtlige børn besøger søndagsskolen.» Ein samlast annankvar sundag – når det var gudsteneste i anneks-sokna.
Dette var starten. Seinare same året vart sundagsskulen i Hasund ordna og tok til å halde samlingar i skulehuset på Sundgot. Det vart også skipa sundagsskule i Dimna, i Haddal og på Flø i 1895. På Flø vart lærar Johannes Lynge formann, men elles er det påfallande kor lite lærarane slutta opp om dette arbeidet.
Så Hansteen lukkast mykje godt med målsetjinga – berre ein krins sto att: Hatløya. Her lukkast det først i 1908 å få i gong eit organisert sundagsskulearbeid.
Årsmeldinga til Ulstein Indremisjon har gjennom alle år innehalde nokre ord om søndagsskulen. Ei tid leverte ein til og med årsmelding til indremisjonen til tross for at sundagsskulen i Ulstein var tilslutta Norsk Søndagsskuleforbund frå starten i 1899.
Dette er nok uttrykk for at søndagsskulen har vore sett på som indremisjonen sitt barnearbeid. IUF har rett nok hatt yngstes- og yngres-arbeid (YA) på bedehuset, i periodar, men berre dei siste 15 åra. Den 25-årsbolken Bibelforeninga eksisterte hadde dei ein eigen komite som skulle fange opp og få med dei borna som ikkje gjekk på sundagsskulen.
Dei siste åra har oppslutnaden om sundagsskulen gått sterkt tilbake.