Prestens tale i mars 1814

I Ulstein kyrkjelyd fall eidfestinga på 25. mars 1814. Sokneprest Buschmann heldt talen i den svulstige språkdrakta som var typisk for tida. I forordet til den trykte talen (S. Aarflots Bogtrykkerie) fortel Buschmann at han har late talen trykke i nokre eksemplar etter at vener og mange i kyrkjelyden har oppmoda han om det. Kanskje kunne det vere med på å halde oppe litt av den ånda som talen syntest å skape hos tilhøyrarane. Her gir eg att delar av talen omsett til nynorsk.

Prisar og rekordresultat i skipsindustrien

Høgthengande prisar vart verftsleiarar i Ulstein kommune til del vinteren 1990. Kleven-direktør John M. Kleven fekk Ringer i vannet-prisen og Ulstein-sjef Idar Ulstein Eksportprisen for 1989, på vegner av konsernet. I slutten av september 1994 vart John M. Kleven tildelt Kongens fortenestemedalje i gull for innsatsen sin som industrileiar, kulturarbeidar og lokalpolitikar. Det var fylkesmann Kjeld Brecke som stod for overrekkinga under ei tilstelling på Ulstein Hotell.

I 1992 feira Ulstein Hatlø 75 år. Bildet er frå 1970-talet.

Prisliste for skomakarane i Ulsteinvik på 1930-talet

Prislista for fire av skomakarane i Ulsteinvik er teke vare på av Kari Holseker. Ho har fått den ramma inne og hengt den opp i huset sitt. Dette er eit klenodium frå 1937 som er vel verdt å take vare på. Ein av skomakarane, Gunvald Sundgot, var onkel til Kari.

Prisar for skoreparasjon har fått bilderamme og æresplass på veggen.

Produserte bølgjestiftar

Under krigen kunne industri gå i stå på grunn av at småting ikkje var å oppdrive. Eitt produkt som møbelindustrien stod opprådd for, var bølgjestiftar.

Konrad Simonnes (bildet) byrja med produksjon av bølgjestiftar under krigen.

På tampen av 1980-talet– ei lokalavis

Dei siste par åra på 1980-talet var det mykje snakk om å satse på reiselivet i regionen. Planar kom til verda, og politikarane engasjerte seg med tru på denne nye næringa som ei vekstnæring. I juni 1987 opna det som skulle heite Ulstein Turistinformasjon kontor i Ulsteinvik. Kontoret låg i venterommet på skysstasjonen. Den viktigaste oppgåva for kontoret var å observere og registrere kva type informasjon turistane var ute etter, og så var det meininga at dette skulle vere eit utgangspunkt for arbeidet mot reiselivet dei komande åra.

Hausten 1985 vart arbeidet med å setje i stand den gamle handelsstaden på Borgarøya starta. Det første var å byggje ny kai framfor hovudhuset. Med pengar frå fylkesmannen tok kommunen til på hovudhuset. Her skulle det leggast nytt tak, bordkledning målast og hagen setjast i stand.

Quisling vinn ikkje fram

Den vidare gangen i kampen til prestane og lærarane viser at Quisling måtte slå retrett. I det ytre kunne nok NS sjå ut til å ha sigra, summerer Ragnar Ulstein opp, men legg til: – Mange lærarar vart sende på tvangsarbeid (Kirkenes), andre sat på Grini eller Falstad. Fangevaktarane prøvde å gjere dei mjuke med hard eksersis, hardt arbeid og lite mat. Dei nådde sine mål. Med få unntak underteikna lærarane ei erklæring om å melde seg inn i Lærarsambandet.

For alle som arbeider med krigen på Vestlandet, er Ragnar Ulstein (bildet) sentral.

Ragnar Ulstein

Ragnar Ulstein er forfattar og har gjort seg landskjend med bøkene sine frå krigen. Han tok artium i 1940 og drog over til England for å delta i dei norske styrkane.

Ragnar Ulstein

Ragnhild Kriken Garnes

Ragnhild Kriken Garnes har lagt ned eit stort arbeid med turn og rytmisk gymnastikk. Ho er som første kvinne æresmedlem i Hødd og har teke imot ei rekke prisar.

Ragnhild Kriken Garnes.

Reinhard Høydal

Skulestyrar Reinhard Høydal vil først og fremst bli hugsa for dei mange avisartiklane sine. Han var bokmann og skribent, og gjorde ein stor innsats for folkeboksamlinga i Ulsteinvik.

Reinhard Høydal.

Reiselivslag utan tyngde

Eit anna område som får mykje spalteplass i lokalavisa, er turist- og reiselivsnæringa. Ved inngangen til 1990-talet var det starta reiselivslag for kommunane på Ytre Søre Sunnmøre, som etter kvart fekk namnet Runde Reiselivslag.

Fangshytta Hoelsbu på Ishavsmuseet.

Revefarmar i Ulstein

Av heftet ”Pelsdyrtellingen i Norge pr. 1. september 1934” går det fram at det var kanadiaren Charles Dalton som vart banebrytaren for pelsdyr-oppdrett. Rett nok hadde Hudson Bay-kompaniet alt i 1872 freista å oppdrette sølvrev i fangenskap, men lukkast ikkje. Dalton gjekk i kompaniskap med Robert T. Oulton, og for desse to lukkast det etter kvart å kome fram til eit heldig resultat.

Hans Skeide var ein av dei som dreiv med reveoppdrett på Skeide.

Revy tileigna Hødd i 1923

I 2009 gav Herleiv Asle Saunes ut eit hefte som samla prologar, revyar og songar laga og framførde på Høddtilstelningar i perioden 1923 til 1964. I år er det hundre år sidan første revyen blei framførd.

Dette bildet er av Høddlaget i 1923-1924. Framme frå venstre: Karl (“Kalla”) Molvær, Arnulf (“Killer”) Breivik, Bjørn (“Bjønn”) Meinseth, Johs. (“Svenson”) N. Osnes og Lars (“Lall”) L. Garshol. I midten frå venstre: Johs. (“Koll”) H. Saunes, Leif (“Langva”) H. Saunes og Johan (“Blakstad”) L. Garshol. Nest øvst frå venstre: Arthur (“Brusk”) Saunes og Oskar (“Storen”) Molvær. Øvst: Fritjof (“Håkon”) Hofset.

Roar Strøm

Roar Strøm vart fødd i Kristiania 31. mars 1903. Faren var høgsterettsadvokat Oskar Strøm. Mora var Randine Strøm, fødd Vaaler. Begge foreldra var av bondeslekt. Roar Strøm vaks opp på Frogner i Kristiania. Han var fødd med leppe-gane-spalte, noko som plaga han ein del. Han var eldst i ein søskenflokk på fire. Familien var velståande og eigde fleire eigedomar i hovudstaden.

Roar Strøm portrettfoto, ukjent år.

Robert Skeide – med korsong i blodet

På Skeide bur Robert Skeide med kona Karin – Marie. Der har familien budd sidan 1981. Borna Kristian, Ruben og Miriam er vaksne og forlengst flytta heimanfrå.

Robert Skeide har svinga dirigentstokken for Ulstein Mannskor i 50 år. Her frå avskjedsgudstenesta til Margit Lovise Holte, søndag 23. mars 2025.

Rolf Hatlø

Rolf Hatlø var hans offisielle namn, men Rolf Sin vart han kalla. Dette etter far sin, Fransinius Hatlø, som vart kalla Sin, derfor Rolf Sin.

Han kunne feire årmålsdagen og 17. mai på ein og same dag. «Ej e fødde på 17. mai farr,» kunne han seie.

Rolf var det ein kan kalle ein bygdeoriginal. Ingen vil kalle han dum. Mange vil heller seie at han likte å underhalde, vere midtpunktet. Han spelte eigentleg ei rolle. Han var ein romantikar, snartenkt og kjapp i replikken. Som regel låg det noko alvor bak det han sa eller deklamerte. Han miste mor si tidleg, og dette prega han. Rolf gjentok mange gonger kor låkt mor hans hadde det før ho døydde.

Rolf Hatlø var hans offisielle namn, men Rolf Sin vart han kalla.

Rolls-Royce rullar inn, men krise for verft

Den 21. september 1999 får vi forklaringa på kvifor Vickers-planane i Ulsteinvik med eitt ikkje lenger er så presserande: Til å illustrere hovudoppslaget sitt har Vikebladet Vestposten plassert ein Rolls-Royce i Sjøgata med båtar og bedrifter i bakgrunnen. Over biletet slår overskrifta mot lesarane: «Rolls-Royce rullar inn». Nyhendet var at konsernet, som først og fremst var kjent for bilar og fly, no hadde tilbode seg å kjøpe Vickers for sju milliardar kroner. Under eit år etter Ulstein-salet kunne Vickers Ulstein bli til Rolls-Royce, som frå før var sterke på marine framdriftssystem; no ville dei bli verdsleiande.

Rolls-Royce kom til Ulsteinvik i september 1999. (Foto: Vikebladet Vestposten)

Ruth Ulstein

Ruth Ulstein og mannen Hallbjørn Ulstein dreiv pensjonat/hotell i Ulsteinvik. Ruth var hardtarbeidande og hadde ei hand med det meste i hotelldrifta.

Ruth Ulstein

Rykte og redsle

Flya kom aldri tilbake, men ulsteiningane hadde fått seg ein støkk. Fienden kunne dukke opp her òg. Folk byrja snakke om at spionar var på ferde, enkelte meinte dei såg mystiske lys om nettene. Vikebladet gav uttrykk for den redsla mange bar på: – Ver varsam med det du seier, skreiv avisa som mellom anna åtvara mot ordskifte på gatehjørne og kaféar. Mellom folk dukka det opp historier som ofte hadde lite rot i røyndommen. Vikebladet tok tak i dette og: – Me vil åtvare folk mot å legge til av eigen fantasi det ein høyrer i radio eller les i blada. Det er ein forkasteleg uskikk.

Måndag 29. april valde Ulstein formannskap ei luftvernnemnd etter ordre frå riksluftvernsjefen. Disponent Martin Ulstein (bildet) tok på seg å leie nemnda.

Råka av pressesensuren

Lokalavisa Vikebladet var som alle andre offentlege aviser under kommando. Redaktør Johs. Thorkildson ordna det tilsende stoffet og redigerte det stort sett i samsvar med direktiva han fekk. Vi har få kjelder som kastar lys over tilhøva mellom Vikebladet og den tyske sensuren.

Redaktør for Vikebladet, Johannes Thorkildson (bildet), opplevde å bli sensurert under krigen.