Kyrkje og kristenliv

Hausten 1980 runda Eiksund kvinneforeining 100 år. Margit Eiksund kom med eit historisk attersyn i Vikebladet. Foreininga vart skipa av O. J. Eiken i 1880, og han var drivkrafta dei første åra. Dei samla seg ein gong for fjortendagane, song og bad for misjonsarbeidet og las misjonsbladet. Strømper, lester og vottar i alle storleikar vart gode auksjonsvarer til den årlege basaren. Auksjonarius var i lang tid Johan Henriksen Havåg. Første tida heldt dei til i skulen, men då samlingshuset i Eiksund kom i bruk i 1915, møttest dei der. Skikken med at basaren skulle vere 3. juledag, varte til slutten av 1940-åra, og grunnen var at dei ville ha han frå seg før karane reiste på fiske. Men så kom det ei tid då fisket tok til før jul, og då vart basaren flytta fram ein månad.

I april 1982 markerte Ulstein kristelege blandakor 50 år. Det var i ei av dei største vekkingane som hadde gått over Ulstein, i 1931, at Kristenfolkets sangkor vart skipa i 1932. Første kvelden møtte om lag 80 unge og eldre fram for å vere med.

Kyrkje og kristenliv

Misjonsforeininga Samhald feira i mars 1992 100-årsjubileum. I salen i Ljosheim på Ulstein var over 100 personar med på jubileumsfesten. Samhald var samansett av fire misjonsorganisasjonar, og den nest eldste av dei var Norsk luthersk misjonssamband. Foreininga var opphavleg stifta av Petra Olaviussen i 1892, som eit tillegg til den misjonsforeininga som alt var stifta på Ulstein, knytt til Misjonsselskapet. Olaviussen var primus motor i foreininga i 42 år. I referatet fortel Vikebladet Vestposten at foreininga i løpet av åra hadde hatt ein misjonær ute i feltet, Hilma Sundgot. Ho vart omtalt som ein pioner av folk frå Misjonssambandet. Bjørg Ulstein hadde i jubileumsåret arbeidd i 20 år som leiar for Misjonssambandet på Ulstein.

Hopland vart igjen avisstoff då han nekta KFUK/KFUM-leiar Irene Wenaas Holte å ta del som prest i ei gudsteneste i Ulsteinvik

Kyrkje og kristenliv

Nokre hendingar frå det vi kan kalle kyrkje og kristenliv set ditt preg på denne perioden. Frå og med 2014 skulle til dømes konfirmasjonen i Ulstein kyrkje flyttast frå mai til september. Det var eit fulltallig sokneråd bak vedtaket. Målet var å heve kvaliteten på konfirmantundervisninga.

Søndag 9. januar 2011 tok ein rørt Atle Hopland farvel med kyrkjelyden då han heldt avskilsgudstenesta. Den nye soknepresten vart Margit Lovise Holte. Ho var på plass i den nyoppussa prestegarden i slutten av juli 2011 saman med mann og born, og tok fatt på tenesta i starten av august. Det var første gong Ulstein fekk ei kvinne som prest. Faksimile Vikebladet.

Kyrkje, ungdomsskule og ungdomshus

Det høyrer med til historia at den nye kyrkja som vart reist på Ulstein i 1848, vart flytta til Ulsteinvik. I juni 1878 tok dei til med rivinga av kyrkja. Grunnmuren vart sett opp i 1877 av murmeister Bernt Myrene, og mesteparten av steinen henta dei på Ulstein og frakta på vinterføre med hest og slede. Dei henta også ein del stein med båt frå Botnura. Det som vart til overs, brukte dei til kyrkjemur.

Fredheim om lag 1912.

Kyrkjeeigarane

Kona til Møller tok imot kongeskjøtet som vart skrive 12. august 1724. me veit ikkje anna enn at ho og ervingane etter henne stelte seg slik med kyrkja og jordegodset at få hadde grunn til å klage.

Ulstein gamle kyrkjestad.

Kyrkjestad, gravstad

Parken ikring ei kyrkje med tre og planter, med mange minner steinar over graver, kallar vi kyrkjegard. Staden høyrer kyrkje til og er innvigd saman med kyrkjehuset.

Den gamle kyrkjestaden på Ulstein.

Kyrkjeverja og litt frå rekneskapane

Til å sjå etter at kyrkjehuset var i stand, hadde kvvar kyrkje ein ombodsmann. Han vart kalla kyrkjeverje. Han hadde også meir å gjere attåt dette, for han skulle krevje inn tiende av gardsbrukarar og fiskarar, krevje inn landskyld og byksel av jordegodset kyrkja leigde ut. Sameleis kravde han inn leige for kyr og geiter som kyrkja åtte.

Ulstein kyrkje 1100-1200.

Lagnaden til Kleven inn i eit nytt tiår

Vi skal følgje nokre hendingar i utviklinga i Ulstein kommune litt inn i det neste tiåret, sjølv om det er utanfor ramma for denne boka. Lat oss først sjå på Kleven: Det var framleis mykje uvisse omkring Kleven då verftet leverte den siste Maersk-båten i februar 2019; ein serie på seks ankerhandteringsfartøy var med det ferdig. Dei blå skroga hadde vore eit landemerke i tre år medan bygginga heldt på. Lokalavisa konkluderte med at dette markerte slutten på offshore-æraen for Kleven, i alle fall for denne gongen. No kunne avisa fortelje at det hadde vore møte mellom Kleven-leiinga og leiinga i Vard-konsernet. Det var då ingen løyndom at Hurtigruten ikkje såg for seg å drive skipsverft særleg lenge framover. Hurtigruten hadde teke over 100 prosent av aksjane i Kleven sommaren 2018. Då vart Myklebust Verft skilt ut som eige selskap. Men det kom ikkje noko ut av samtalane med Vard. Den 25. juni 2019 vart MS Roald Amundsen formelt levert over frå Kleven Verft til Hurtigruten: – Vi har opparbeidd oss ein eineståande kompetanse gjennom dette prosjektet. Det set oss i ein heilt ny posisjon når det gjeld bygging av passasjerskip, insisterte Kleven-sjef Olav Nakken i samtale med lokalavisa. Nakken varsla i juni 2019 både oppseiingar og permitteringar ved verftet, sjølv om han var optimistisk for framtida til Kleven. Men vi som kan vurdere situasjonen frå skrivepunktet i 2021, veit at korona-åtaket vinteren 2020 og utover ikkje akkurat fremja marknaden for cruise- og passasjerbåtar.

Den 25. juni 2019 vart MS Roald Amundsen formelt levert over frå Kleven Verft til Hurtigruten: – Vi har opparbeidd oss ein eineståande kompetanse gjennom dette prosjektet. Det set oss i ein heilt ny posisjon når det gjeld bygging av passasjerskip, insisterte Kleven-sjef Olav Nakken i samtale med lokalavisa. Fredag 20. desember 2019 vart ekspedisjonsskipet MS Fridtjof Nansen overlevert frå Kleven til Hurtigruten.

Laluna Platebar

Tysdag 6. september 1977 var ein merkedag for alle musikkinteresserte på søre Sunnmøre. Då opna Laluna Platebar som den første spesialforretning innan plater og kassettar. Både Radioservice og Loen’s musikkcenter hadde i fleire år selt musikk og musikkutstyr, men det var først med Laluna Platebar at Ulstein fekk ein eigen platebar som kun selde musikk. Denne artikkelen skal i hovudsak handle om oppstartsåret.

Jorunn Grønmyr og Svenning Vang ved platedisken i den nye spesialforretninga innan plater og kassettar. Foto: Vikebladet.

Landhandelen i Dimna

Sjølv om det no er snart 50 år sidan Hans og Alma Dimmestøl la ned drifta av butikken på Dimna, er det mange på våre kantar som hugsar den vesle butikken i Hellestøa. Dimmestøl & Co AS var ein familiedriven landhandel, der vi borna måtte hjelpe til frå vi var små, slik andre ungar hjelpte til med slåtten og anna gardsarbeid.

Det eldste bildet av landhandelen i Dimna. Kombinasjonen handel i første etasje og husvære i dei to neste etasjane var vanleg i tidlegare tider.

Lastebilar i Ulstein

Aksel, Levd liv himself, har eit sterkt ønskje om å få inn noko om lastebilgründerane i Ulstein, dei som starta opp med dette nye yrket, og dei som heldt fram til våre dagar. God ide, Aksel, men dette kan ikkje eg nok om. Jau, du har no mykje om dette i boka ”Bilen og Folket i Hareid og Ulstein”. Men eg kan ikkje tyte oppatt det som står i boka. Ja men her er ikkje andre som eg veit til å gjere denne jobben. Lastebilfolket hadde eit tøft yrke, og eg vil ha slitarane fram i lyset også i Levd Liv. Nei, ja , eg får prøve å sjå kva eg kan kome på, og sjå om eg får til noko som er verdt å lese. Det er ikkje greit å seie nei til kulturfyrtårnet Aksel Hauge.

Kolbjørn Moldskred før han starta med persontransport.

Laurits Knutson Dimmestøl

Laurits Knutson Dimmestøl var fødd 23.3.1868 og døydde 25.9.1939. Han gifte seg i 1900 med Elen Løvøy (1868-1924) frå Lofoten.

Foreldra til Laurits var Knut Nilsson Dravlaus-Lillebø frå Dalsfjorden (1831-1915) og Marie Larsdatter Ulstein, frå Ulstein (1827-1908). Laurits hadde ein bror, Sakarias, som var fødd i 1870. Han vart slegen over bord av storseglet under torskefisket ved Svinøya i 1900.

Leiv Havåg

Leiv Havåg er kjend både som talar, diktformidlar og forkynnar. Ei tid vart han kalla «erkekateketen». I 1983 vart han vald til den første leiaren i det nye bispedømmerådet.

Leif Håvåg.

Lensmannen framleis i Hareid

I august 1961 døydde lensmann Bernhard Harkjerr etter 30 års teneste i Hareid og Ulstein. Han hadde ikkje berre engasjert seg i jobben, men mellom anna også i idrettsarbeid og losje. Det oppstår no ein disputt mellom Ulstein og Hareid om kvar den nye lensmannen skal bu.

Artikkelen er henta frå boka "Ulstein veks fram".

Levd liv med 20-årsjubileum

I år er det 20. utgåva av Levd liv. Ulstein Historielag vart stifta i 1947. Men laget arbeidde tungt ei tid. I 2003 valde laget Aksel Hauge til leiar.

Einar Grimstad var den første redaktøren i Levd liv. Her saman med leiar i redaksjonsnemnda Aksel Hauge (t.h.). Bildet er teke på loftskontoret til Spor Forlag i Bjørndalsvegen 7A. Fotograf er Ingvild Aursøy Måseide.

Lidvard Ulstein – eit liv i krig og fred på sjø og land

Lidvard gjorde til dels vaksen manns arbeid alt frå 8-10-årsalderen. Slik kunne det vere den tida, totalt avvik frå det som er vanleg kvardag for born og unge i dag.

Han er fødd 10. mars 1917. Det er lenge sidan, jammen er han 96 år her han sit og auser av sine historiske kunnskapar med ein presisjon som kunne vere eigna til å gjere ein historieprofessor forlegen. Og han har mykje å lære oss som er litt yngre, og han har svært mykje å lære dei som er verkeleg unge. Det er ein av grunnane til at vi ynskjer å skrive ned litt av dei erfaringane som han har gjort seg igjennom livet, både om barndom, arbeid, krig og fred.

Lidvard sin far var dampskipsekspeditør og kommunekasserar og hotelleigar. I tillegg til dette dreiv han ein revegard som var vanleg som god attåtnæring den tida. Faren var streng med eldsteguten Lidvard.

Lidvard er fødd 10. mars 1917. Her avbilda saman med artikkelforfattar Johs.

Lillebøverkstaden i Ulsteinvik

Johannes Lillebø, f.11.01.1899 – flytta frå Volda til Ulsteinvik i 1932. Han ætta frå Abelgarden i Dalsbygda i Dalsfjorden, son til Abel og Marta Lillebø. Marta døydde tidleg, og Abel flytta til Volda og bygde hus i Lensmannsbakken.

Johannes Lillebø.

Lise Gjerdsbakk

Lise Gjerdsbakk – eller Søster Lise – gjorde ein grunnleggande innsats som helsesyster i Ulstein-området. Ho vart eit omgrep – som førte den offentlege helsetenesta mange skritt vidare.

Lise Gjerdsbakk.

Livssoga mi

Som ei dronning mellom møyar
ut mot havet der i vest,
ligg du kransa av små øyar
og i ly for storm og blest.

Og mot sør i bakkehellet,
kringom blenkjer våg og vik,
og mot nord, i ly av fjellet
der ligg bygda Ulsteinvik.

Ulsteinvik sentrum på 50-talet. Bildet er teke frå Gotebakkane.

Lokalavis

Men ikkje alt var heilsvart. Der kom også nye tilskot til samfunnslivet. Vikebladet kom med si første utgåve 21. januar 1929. Avisa blir etter kvart viktig også for hareidsfolk, men ho får aldri den posisjonen der som i Ulstein, i alle fall ikkje før mot slutten av 1980-talet. For forfattaren av denne boka blir Vikebladet ei viktig kjelde. Ein del av det følgjande i dette avsnittet er bygt på artiklar i Vikebladet, nokre av dei skrivne av Johan Ottesen.

Vikebladet kom med si første utgåve 21. januar 1929. Avisa blir etter kvart viktig også for hareidsfolk, men ho får aldri den posisjonen der som i Ulstein, i alle fall ikkje før mot slutten av 1980-talet. For forfattaren av denne boka blir Vikebladet ei viktig kjelde.