Kommuneøkonomi og stigande arbeidsløyse

Innstramminga i kommuneøkonomien og den stigande arbeidsløysa ved starten på 1980-talet må delvis sjåast i samanheng med situasjonen nasjonalt. Då lønner og prisar slapp laus igjen i 1980 etter pris- og inntektsstoppen, nådde inflasjonen snart nye høgder – med ein topp på 14 prosent i 1981.

Ulstein Verft, 1980-talet.

Kommunikasjonar

På Sunnmøre hadde folket alltid vore meir opptekne av kommunikasjonar enn av kommunesamanslåing; bruer, tunnelar, hyppige ferjeavgangar, hurtigbåt, flyavgangar. Derfor jaga politikarar, entusiastar og næringsliv stadig vidare. På Søre Sunnmøre var dei vinteren 2004 godt i gang med Eiksundsambandet. Den undersjøiske tunnelen skulle knyte øybuarane til fastlandet og samle Søre Sunnmøre til eitt rike. Eiksundsambandet var likevel ikkje nok til å gi regionen vekst.

Eiksundbrua – over til Eika – vart i slutten av mai 2005 overlevert frå entreprenøren Reinertsen Anlegg AS til Statens vegvesen. Med det var Eiksundsambandet eit steg nærare realisering. Men det skulle enno gå snart tre år før tunnelen kunne opne.

Kommunikasjonar

Transporten på land gjekk gjerne for seg med hest og kjerre, men i 1916 kan vi lese i avisa Aarvak at Ole J. Skeide har søkt om å få starte med bilrute i kombinert person- og varetransport. Bilen han skaffa seg, kom til bygda i juni 1916, og planen var rute frå Flø til Kjeldsund, ja, kanskje også til Larsnes. Dette var den første bilen i Ulstein, ein Toledo Overland 1912-modell. Men ikkje alle såg like positivt på framsteget. Ein av dei som ikkje likte saka, var Olaf Ringstad som gav uttrykk for meininga si i eit innlegg i avisa.

Ein Moldskredbuss på veg gjennom Hareidsdalen.

Kommunikasjonar og renovasjon

Midt i oktober 2016 skreiv Fjord1, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Havila under avtalen som gjorde at ferjeselskapet skifta eigar. Den nye eigaren var Sævik-selskapet Havilafjord AS: – No er vi det største selskapet for ferjedrift i Noreg, og det er ein posisjon vi aktar å kjempe for å halde på, slo Per Sævik fast i samtale med Vikebladet Vestposten.

Midt i mars 2017 utropte fylkeskommunen Fjord1 til anbodsvinnar for mellom anna ferjestrekninga Hareid-Sulesund.

Kommunikasjonar og vatn

I starten av september 1989 starta Sørøybuss eit nytt samband til Bergen. Med den nye 48-seters turbussen sin køyrde dei ruta Hareid-Ulsteinvik-Selje på tre timar. Derifrå kunne dei reisande ta ein av hurtigbåtane Fjordprins eller Sognekongen til Bergen, ein båttur på fem timar.

Sørøybuss AS.

Kommunikasjonar, kommuneval med meir

I november 1936 hadde endeleg Eiksund fått vegsamband med Ulstein i det Håheimsvegen var gjennombroten og knytt saman med gamlevegen på Eiksund-sida. Dermed hadde Ulstein kommune gjennomført det som kom på seg. Men vegen i sjølve Eiksund var så dårleg at han ikkje ville tole mykje trafikk. Han måtte såleis utbetrast. På dette tidspunktet var Eiksund ein del av Herøy kommune. Og folket der var nøgde med det.

Julius Ulstein bygde Sjøborg i 1917-1918. I Sjøborg var det innreidd både kommunestyresal og fleire kommunale kontor som var i bruk fram til det nye rådhuset stod ferdig.

Kommunikasjonar, MRF i utvikling og konkurranse

Då samferdselskomitéen på Stortinget kom på vitjing til Ulsteinvik i 1996, var bodskapen frå MRF-styreleiar Einar Holm klar: Han var uroa over at ferjeflåten i fylket ikkje hadde halde tritt med trafikkutviklinga. Han peikte på at gjennomsnittsalderen på ferjene no var over 20 år. Han poengterte også at trafikkveksten mellom Hareid og Sulesund gjorde krav på nattferjer. Dette måtte kome fram i statsbudsjettet for 1997.

Hurtigbåt og ferje på Hareid.

Konfirmasjonen og kristendomsskulen

Kyrkja kravde allereie på 1100-talet at borna skulle kunne dei kristne grunnsanningane utaboks. «Pen­sum» den gongen var Credo, Pater Noster og Ave Maria – trusvedkjenninga, Fader Vår og Maria-verset – og det var foreldre og fadderar som hadde ansvaret for opplæringa. Etter at borna var 7 år gamle, måtte dei møte til skriftemål ein gong i året, og då kunne prestane kontrollere kristendomskunnskapane.

Kongen sel kyrkja vår

Den store Nordiske ufreden var slutt kring 1729. Statskassa var tom og kongen sine rådgjevarar fann å selje kyrkjene. I eine valdstida rekne kongen med at kyrkjene var hans eigedom. Sunnmørskyrkjene vart selde på ein auksjon i Borgund i 1723.

Ulstein kyrkje 1100-1200.

Konrad Simonnes

Konrad Simonnes var fødd og oppvaksen i Basseneset på Kvamsøya. Foreldra var Iver Simonnes og Vendel Kvamme. Dei tok etternamnet Vestnes, som er gardsnamnet til bnr. 14 i Basseneset. Konrad ville halde på det tidlegare etternamnet til faren, og nytta såleis Simonnes som etternamn. Dei andre søskena nytta etternamnet Vestnes.

Konsertarrangørar

Frå skrivepunktet er det 30 år sidan no: Ut av det aktive og kreative KFUM/K-miljøet i Ulsteinvik voks det på 1980-talet fram ein gjeng ungdommar med entusiasme, pågangsmot og evne til å tenkje stort. Dei hadde trua si i botnen, brann for song og musikk og gjekk gjerne i forbøn for konsertprosjekt som meir sindige folk i lokalmiljøet såg på som hasardiøse. Eitt av mange høgdepunkt var då den unge Sissel Kyrkjebø samla 1700 i Ulsteinhallen i november 1986.

Den kanskje best «tima» konserten for Sponders var då den framstormande Sissel Kyrkjebø song i Ulsteinhallen 8. november 1986. Publikum strøymde til og heile 1700 møtte til konsert. Jan Åge Fjørtoft var kveldens konferansier, scenevand då som no. Sissel tok naturlegvis publikum med storm.

Kor gammal kyrkja kunne vere

Dei tilhogne marmorsteinane har høyrt til dør- og vindauge-opningar. Set ein mange nok saman, lagar dei ein halvrunding.

Den gamle kyrkjestaden på Ulstein.

Koret

Koret er penaste romet i ei kyrkje. Her ifrå lyder Guds ord, her vert truvedkjenninga sagt fram og bøner borne til Gud. I koret – ved altarringen – tek Jesu vener i mot nattverden, konfirmantar og brurfolk får si velsigning, og ved døypefonten vert borna kristna.

Framsidebilde.

Korkplater – ein brann­farleg produksjon

Møre korkfabrikk AS, eller i daglegtale berre Korken, vart skipa i 1937. Fabrikasjonen var ekspanderte korkplater og ekspandert granulert kork til isolering av alle slags husbygg, kjøleanlegg og fryseri.

Etter brannen i 1937 kjøpte Vilhelm Ringstad «Hadarøybuda», som stod i Dimnasund, og sette ho oppatt på Strandabøen. Her vart ho nytta til korkfabrikk i nokre år på same stad som den første korkfabrikken hadde stått.

Korleis forma var

Om det har vore fleire meiningar. Ei tid såg det ut til at dei som meinte at kor og skip var jambreie, hadde rett. Andre meinte at ho hadde eit særskilt og smalare kor. Under utgravinga kom dei gram på nokre murblokkar og den særaustre hjørnesteinen til skipet som gjorde grunnforma klar.

Steinkyrkja på Ulstein.

Korportalen

Denne er samansett av ein stor romersk boge i midten og to mindre på kvar side. Frå der den store og dei to små bogane møtest, skulle gå søyler ned til golvet.

Ulstein kyrkje 1100-1200.

Krig, kyrkjekamp og kamp for kristne verdiar, nye arbeidsformer og kyrkjejubileum

Vinteren 1939 var det krigsfrykt i Europa. I oktober hadde Hitler okkupert tjekkoslovakisk Sudetenland, og i mars 1939 okkuperte han Praha. Austerrike vart okkupert i 1938.

Der naziprestar vart tilsette, var kyrkjene tomme, og dei måtte sjå i auga at dei her stod overfor krefter som dei ikkje rådde med. Ulstein sokneråd, presten og kyrkjelyden hadde synt eit mot og ei handlekraft som etterslekta har grunn til å ha den største vørdnad for, konkluderer Peder Fritz Waage. Fotograf ukjend.

Krigen og freden i Ulstein

Ragnar Ulstein var første mann heim av dei ulsteiningane som hadde vore borte under krigen. Våren var still og vakker då bilen svinga opp gardsvegen og inn i tunet der mora og faren stod. Trykte handa deira utan å få fram eit ord, steig i ørske opp steintrappa og inn i stova. Alt var kjent, alt var godt.

På bilde ser vi Ragnar Ulstein tale i Volleskogen for Ulsteinfolket på 17.mai 1945.

Krigen og fredsdagane i Ulstein

Om morgonen tysdag 8. mai 1945 kunne folket i Ulstein høyre kyrkjeklokkene kime. Frigjeringsfesten var i gang. Om kvelden strøymde bygdefolket til Ulsteinkyrkja til fredsgudsteneste. Mannskor og blandakor song, Musikklaget Ulf spelte.

Heimestyrkane i Ulstein marsjerer i spissen for 17. mai-toget i 1945. Kyrkjegardsmuren og Ulstein kyrkje t.h. (Frå boka Lagunen og stormen).

Krigsfrykt og rasjonering

I november 1938 blir det kjent at sokneprest Otto Holmås igjen har søkt seg bort og truleg vil få kallet i Radøy. Samtidig køyrer dei ein møteserie med god oppslutning. Etter den tredje møtekvelden skriv ei mor ei takk gjennom lokalavisa til presten. Kanskje håpte ho han ville ombestemme seg å bli: – Eg har slik hug til å takke presten vår for alt han gjer for oss! Så pliktoppfyllande som han er, så prøver han å gi oss det beste han veit. Frå hans store, rike sjel strøymer hans forklaring av Bibelen mot oss, og Guds nåde. Holmås er den fødde førar, og han leier i sanning ungdommen «på dine vegar».

Dette fotoet tok Olav Osnes då han var heime i gravferda til broren Sverre i 1941. Gardsbruket midt på biletet er “oppe i Gjerda”, heimen til Olav Osnes.