Herskap og tenarar

Kva gjorde pengeflaumen med livet i Ulsteinvik? Det var dette spørsmålet gravejournalisten Bjørn Olav Nordahl i Dagens Næringsliv sette seg føre å finne ut på vårparten 2001. Med ein fotograf på slep drog han til bygda, snakka med folk og gjorde sine undersøkingar. Laurdag 31. mars kjem reportasjen på trykk og blir hovudoppslag: Gullsteinvik er tittelen på framsida, Herskap & tjenere inne i avisa. Den seks sider lange reportasjen vekkjer oppsikt i lokalsamfunnet, truleg hos DN-lesarar elles i Noreg òg.

Kva gjorde pengeflaumen med livet i Ulsteinvik? Det var dette spørsmålet gravejournalisten Bjørn Olav Nordahl i Dagens Næringsliv sette seg føre å finne ut. Laurdag 31. mars 2001 kjem reportasjen på trykk og blir hovudoppslag: «Gullsteinvik» er tittelen på framsida, «Herskap & tjenere» inne i avisa. Den seks sider lange reportasjen vekkjer stor oppsikt i lokalsamfunnet. (Faksimile frå Dagens Næringsliv).

Historia om Alice frå Ulsteinvik

Perioden frå midten av 1960-talet og kring 20 år framover var gullalderen for lokale popgrupper og rockeband. Då kunne store offentlege dansar rundt om på samfunnshus og utearenaer samle hundrevis av ungdommar – frå nær og fjern. Dei kom gjerne køyrande i fullasta bilar; rikeleg med drikke og med kvar sin gong å vere privatsjåfør. Stimmelen etter dansane vart både ungdommar, politi og foreldre godt kjende med via haldeplassen i Ulsteinvik. Sjølvsagt var det fyll, slåsting og spetakkel. Men dansane gav også unge musikarar høve til å spele for eit stort publikum, tene pengar og gjerne skaffe seg ein tilhengarskare.

Bandet Alice (1978 - 1983) frå Ulsteinvik. F. v: Ståle Rasmussen, Bjørn Barstad, Ronny Jakobsen, Rune Ertesvåg og Eldar Vartdal.

Historia om Anton Ulstein

På oppmoding og spørsmål om eg kan tenkje meg å skrive og fortelje litt om bestefaren min Anton Ulstein, så har eg svara ja. Det har ikkje vore så vanskeleg å finne stoff, for Anton Ulstein var ein særdeles sterk og aktiv mann. Med sterk så siktar eg både til fysisk og psykisk personlegdom.

Anton Ulstein i daglegstova i Ivagarden. Anton høyrde ofte ynskjekonsert frå Færøyane søndagane.

Historia om Gunnar W. Eide

Veterinær Gunnar Waldal Eide har hatt eit innhaldsrikt liv og ein utruleg akademisk karriere. Han vart fødd i 1921. Foreldra var Ingvald og Laura Eide. Mora var fødd Waldal. I 1949 vart Gunnar W. Eide gift med Eva Møller-Christensen (f.1924).

Gunnar W. Eide.

Historia om Inga Ulstein

Dette er historia om den unge kvinna frå ein fjellgard i Geirangerfjorden, som busette seg og slo rot ved havet. Inga var mormora mi. Vi kalla henne ”bestemor på Reiten”.

Inga Karoline Ulstein (f. Ingebrigtsdotter Knivsflå), kom til verda på fjellgarden Knivsflå i 1897.

Historia om Peder Fritz Waage

Far min, Peder Fritz Waage (1922-1996) vart fødd i Ulsteinvik som nummer to av fire sysken, Asbjørn (f. 1920 d. 1988), Johan (f. 1931 d. 1970) og Ingeborg (f. 1932). Foreldra var Signe Kasbara f. Hasund og Paul Nikolai Waage.

Peder på permisjon i London i 1942, 20 år gammal.

Historia om Sjannøy

Denne artikkelen handlar hovudsakleg om den gamle treskuta Sjannøy som er frå heimstaden min, Garnesgrend, og om turar som denne skuta har gjort.

Skipper og reiar Oskar Garnes.

Hjelp oss å ta vare på fortellinga om Ulstein

Ulstein Historielag har som føremål å skape interesse for og innsikt i vår lokale historie. Laget skal arbeide for å auke kunnskapen om vår lokale kulturarv, og arbeide for å ta vare på kulturminna i bygdene våre.

Ulsteinvik sentrum om lag 1903.

Hjelp til fattige og eldre

Eit interessant trekk ved dei første lovene til Ulstein Indremisjon er at dei legg stor vekt på medmenneskeleg ansvar på det materielle planet. Det åndelege og materielle var langt på veg sidestilt. Dette var ikkje vanleg i mange andre foreiningar, og igjen er det nok sokneprest Anker vi ser merke etter, konkluderer Kristen Ulstein. Både fattige og sjuke skulle hjelpast og pleiast.

Eit stort framsteg var det då gamleheimen vart bygd i 1891 med innsamla midlar. Gamleheimen var i drift under krigen og fram til 1959. Bildet er frå 1950-åra og syner bak f.v.: Adolf Sundgot, Johan Ulsteinvik, Anna Ringstad og styrarinna Elen Roppen. Framme f.v.: Peder Evensen, Karoline Waage (Karo), Ingeborg Flø og Karen Botnen.

Holme-Sigvald

Holme-Sigvald var oldefar min. Man heitte Sigvald Håkonsholm, men i dagligtale Holme-Sigvald.

Foreldra er Sigvald og Ingeborg Håkonsholm. Barna frå venstre: Sigurd, Anna, Ole, Astrid og Sina.

Hotell med forviklingar

I 1978 deltek ordførarane frå dei fire kommunane på Ytre Søre Sunnmøre på ei samling i Loen. Dei fire er Einar Holm (Hareid), John Gjerde (Sande), Einar Leinebø (Herøy) og Olav B. Urke (Ulstein). Eit avisoppslag etter møtet skulle kome til å resultere i ein disputt mellom ordførarane i nabokommunane Hareid og Ulstein.

Ulstein Hotell i Varleitet kom opp i 1981.

Hugo Opdal

Hugo Opdal er fotografen som har sett Flø på verdskartet gjennom Studio Hugo Opdal, der han har vist fram kunsten til nasjonale og internasjonale kunstnarar.

Hugo Opdal.

Huld frå Hetland

Stend me ein fin sumardag på Oshaugen, ein av dei største gravhaugane frå bronsealderen, hev me eit vent utsyn over bygdene ikring. I nordvest strekkjer Ulsteinstranda seg utover mot havet. I sør-aust ligg byungen Ulsteinvik. I sud reiser dei mektige Rovdefjella seg med snø på toppane, og i vest ser me Runde og alle øyane i Herøy, og so storhavet utanfor so langt auga rekk.

For nokre 10 år sidan var her ein person frå skipshistorisk museum i Bergen og såg på vraket. Han meinte at dette skipet var bygd i Holland. Ein sambygding såg ikkje bort frå at dette skipet hadde opphald på Borgarøya. Vedkomande som passa skipet fant det høveleg at det fekk slite seg i stormen. Dette for å dekke over verdiar som var fjerna. Det vart ikkje funne politianmeldelse i Riksarkivet i Trondheim på dette. Martin Bjørndal si historie «Hild frå havet» er god.

Huset høgt oppunder Osberget

ildet er frå tidleg 1970-talet og fotograf er Kristine Trulsrud Røren, teke midt i “Storesvingen”. Kristine var gift med Inge Røren som døydde i haust. Han og kona Kristine var blant dei første som flytta til byggefeltet i Bugarden.

Fotograf: Kristine Trulsrud Røren.

Hødd eit bilete på sjølvkjensla i Ulstein-samfunnet

I 1963 fekk Hødd grasbane, ein flott arena og eit stort steg framover for laget. Den første kampen gjekk i slutten av juni og var 2. runde i NM-cupen mot 2. divisjonslaget AaFK. Heile 3000 tilskodarar møtte opp i det flotte juniveret. Hødd kasta seg over gjestene frå første speleminutt og gav seg ikkje før det stod 5-2. Søndag 30. juni vart bana formelt opna med ei miniturnering mellom Hødd, Langevåg, Ørsta og VRF. Hødd vann greitt, men dei som såg på, merka seg den tekniske langevågaren Magne Fylling, som seinare skulle spele for Hødd.

I 1963 fekk Hødd grasbane, ein flott arena og eit stort steg framover for laget. Den første kampen gjekk i slutten av juni og var 2. runde i NM-cupen mot 2. divisjonslaget AaFK.

Høddeventyret

Det var ein gong eit fotballag frå ei øy på nordvestkysten som imponerte eit heilt land av fotballinteresserte. Det heile starta for 42 år sidan på Lerkendal i Trondheim.

Tor Meinseth var kaptein på Høddlaget i 1965, då eventyret starta for fullt. (Foto: SMP)

I skotveksling på Garnes

To av dei første frå Ulstein som kom i aktiv marineteneste, var Harald Notanes og Ottar Garshol. Dei vart sende til den norske motorlaunch-flotiljen i Kanalen. Dette var små fartøy på 75 tonn med maksimalfart på 17 knop og eit mannskap på 17.

Dei tre krigsveteranane, Anton Kleiven, Harald Notanes og Per Dimmen, var til stades ved markeringa av Dragsundraidet 23.03.2007. Det var berre Harald av desse tre veteranane som tok del i Dragsundraidet. Her står dei tre krigsveteranane på Garnes-sida.

Idar Ulstein – industribyggjaren og nytenkjaren

Då han som nyutdanna sivilingeniør begynte ved Ulstein Mekaniske Verksted i 1962, hadde bedrifta rundt 50 tilsette, og alle arbeidsplassane var knytte til verkstaden i Ulsteinvik. Då han 35 år seinare gjekk av som sjef for Ulstein-konsernet, var talet på tilsette 4500, dei var spreidde over heile verda, og omsetnaden hadde passert 5 milliardar kroner.