Idéen om vekstsenter

Det har ofte vist seg både økonomisk og politisk at om eit senter kjem over ein viss storleik, hjelper tyngdekrafta det vidare. Slik vart det med Ulstein og Ulsteinvik. I 1972 fekk kommunane på bordet ein fylkesplan som var påverka av tanken om vekstsenter. Omgrepet vart lansert i Europa i 1955, kom så til Noreg og vart ei heitt tema i debatten på 1960- og 70-talet. I Arbeidarpartiet fann idéen klangbotn, medan parti som Venstre og Senterpartiet var meir skeptiske.

Modell av Ulsteinvik sentrum frå 1971.

Ikkje til å kjenne igjen

Om vi går inn i tidsmaskinen og stiller klokka 20 år tilbake i høve til skrivepunktet, ville vi knapt kjenne bygda igjen i høve til det vi ser i dag. I 2003 byrja Trekantsaka å rulle, ei av dei viktigaste politiske sakene i kommunen dei siste 50 åra. Saka kom til å stå som eit symbol på korleis privat-offentleg samarbeid kan gi ein kommune satsfart og nye hopp i utviklinga.

I 2007 var hotellet tilbake i sentrum, i Saunesosen, etter at Trekantsaka var eit faktum; 93 rom i starten vegg i vegg med kulturhus og kinosal, deretter utvida med ein femte etasje til 123 rom i 2012. Her står hotelldirektør Steinar Kulen framføre det nye hotellet som er i ferd med å reise seg.

Illegal radiolytting i Ulstein

Nils Grønmyr, fødd 09.03.1910 og død 26.06.1995, budde heile sitt liv på heimegarden Osneslegane i Ulstein. Han var i heile sitt yrkesaktive liv kontormann, først ved Hatlø Verksted og seinare ved Ulstein kom. El-verk.

Han var ein ekte bygdepatriot og levande interessert i idrettslaget Hødd. Sonen Arthur har skrive av artikkelen om faren. Teksta er henta frå heftet om Grønmyrslekta i Ulstein (gnr. 7, bnr. 8). Asbjørg Hasund Grønmyr har samla stoffet i dette heftet.

Nils var ein aktiv natur- og friluftsmann og spesielt interessert i å gå i fjellet. Her frå ein tur til hytta si ved Brørevatnet.
I fjøra ser vi den første mylna som blei driven av elektrisk kraft i Hasundstranda. I venstre bildekant, mot vegen, kan vi såvidt skimte tomta til meieriet. Foto frå ca 1920.

Inge Dragsund

Inge Dragsund var for mange kjend som disponenten i suksessbedrifta Odim, som han starta saman med tre andre i 1974. Odim jobba blant anna med mekanikk og hydraulikk til både fiskeri- og oljebransjen, og selskapet har vore ein viktig del av næringslivet i regionen.

Inge (bak til høgre) saman med foreldre og søsken. Dagnar er ikkje med på bildet.

Inge Seljeset, forretningsmann og fotballspelar

Då eg vart spurd om å skrive ein artikkel om far min, Inge Seljeset, i Levd liv, vart eg litt usikker på om eg skulle gjere det. For det første er eg ikkje sikker på om far ville ha likt det. Han var det eg vil kalle eit kvardagsmenneske og likte lite merksemd rundt sin eigen person. Samstundes vert det vanskeleg å skrive om ein person som har vore så tett på deg.

Forretningsbygget i Ulsteinvik sentrum som var teikna av Olav I. Seljeseth, far til Inge.

Inger G. Ulstein

Svenske Inger G. Ulstein har gjort ein stor innsats for musikklivet og musikkopplæringa i Ulstein, men også i Saniteten. Inger voks opp i Kungälv.

Inger G. Ulstein.

Inger Ulstein

“Ein må prøve å setje seg inn i og forstå dei forskjellige, og vere villig til å ta innover seg dei historiene som pasientane har. Ein lever i og med forteljingane deira – og i det fylde det ofte også mykje trist, sjølv om mykje også var bra. Det var ikkje så lett å gå heim frå jobb og slå av brytaren.”

Inger Ulstein (1922-

Inn i 1950-åra

K. Moldskred Rutebiler heldt til i Ulsteinvik og dreiv buss- og varetransport i området Ulstein, Hareid og Brandal, gjerne i korrespondanse med ferjer og passasjerbåtar. På bildet ovanfor ser vi Moldskred får overlevert ein Mercedes OH 321, 1956-modell. Bussen, ein 37-setar, hadde ein 120 HK dieselmoter. Det var første bussen med hekkmotor. Til venstre på bildet står seljaren, Adolf Pedersen frå Ålesund.

Inn i ei ny tid – og med ny kyrkje

Opplysningstida var ei åndsretning som kom til Europa på 1700-talet. Ho skulle kome til å prege mange prestar i Danmark-Noreg i fleire tiår, med vekt på fornuft, kunnskap og vitskap.

Ifølgje lokalhistorikar Ingvard Bjåstad skal det ha vore ein flokk haugianarar eller såkalla vakte i Ulstein i 1830-åra. Her ser vi det berømte måleriet til Adolph Tidemands berømte måleri «Haugianerne» frå 1848 som viser ein lekpredikant som forkynner for norske bønder og småkårsfolk. Foto: Nasjonalgalleriet.

Inn i eit nytt tusenår

Rakettane gjekk til vêrs med lys og drønn. Folk omfamna kvarandre, tok farvel med 1900-talet og helsa det nye tusenåret velkome med von og uvisse. I nyttårsleiaren sin skriv redaktøren for lokalavisa i det han ønskjer velkomen til år 2000: – Kvardagen er her igjen, tida går som vi veit, nokså fort, og straks har det blitt vane for oss å skrive 2000.

Godsterminalen.

Innstramming, arbeidsløyse og aksjon

Ved årsskiftet 1978/79 registrerer arbeidskontoret rekordarbeidsløyse i distriktet. I alt er 255 utan arbeid på Ytre Søre Sunnmøre. Eit så høgt tal har kontoret aldri registrert sidan opprettinga tidleg på 1960-talet. Utover mot 1979 kjem der stadige meldingar i avisene om at tidene er i ferd med å bli trongare. Det vart også strammare økonomi for kommunane, også Ulstein. Kva har skjedd?

Dagbladet kan fortelje at lønningane i verftsindustrien ligg seks-sju kroner timen over det andre bedrifter kan betale. Illustrasjonsbilde av Ulstein Verft frå 1971.
Dagbladet kan fortelje at lønningane i verftsindustrien ligg seks-sju kroner timen over det andre bedrifter kan betale. Illustrasjonsbilde av Ulstein Verft frå 1971.

Interkommunalt kraftsamarbeid

I 1946 vart Søre Sunnmøre Kraftlag skipa, 12 lokale kraftlag i kommunane Hareid, Ulstein, Herøy, Sande, Rovde, Vanylven og Dalsfjorden. Ein primus motor i dette arbeidet var sokneprest Sverre Nybø i Vanylven. Søre Sunnmøre Kraftlag fekk i oppgåve å byggje ut vassdraget i Søre Brandal i Vanylven og byggje hovudlinjer i distriktet. Anlegget stod klart til drift i 1951. Parallelt gjekk arbeidet med kraftlinjene.

I 1946 vart Søre Sunnmøre Kraftlag skipa, 12 lokale kraftlag i kommunane Hareid, Ulstein, Herøy, Sande, Rovde, Vanylven og Dalsfjorden. Ein primus motor i dette arbeidet var sokneprest Sverre Nybø i Vanylven. Søre Sunnmøre Kraftlag fekk i oppgåve å byggje ut vassdraget i Søre Brandal i Vanylven og byggje hovudlinjer i distriktet. Anlegget stod klart til drift i 1951. Parallelt gjekk arbeidet med kraftlinjene

Intervju med Aksel Hauge

Denne artikkelen stod i julemagasinet “Julestjerna”, 2021. Det var det siste intervjuet som blei gjort med Aksel Hauge der han bl.a fortel om juleminne frå Egypt i 1956 medan han var med i FN sitt sanitetskompani. I Levd liv 2016 skriv Aksel Hauge om denne opplevinga i artikkelen “FN-soldat i Suez og Gaza.

Aksel Hauge fekk Frivilligprisen 2021 for sitt arbeid med bl.a Ulstein Mannskor og Ulstein historielag. Det var ein rørt og stolt Aksel Hauge som tok imot prisen.

Inventar i Ulstein kyrkje

Inventarliste frå tidlegare tider. Noko av inventaret er blitt borte eller eksisterer ikkje lenger, men mykje er framleis å finne i kyrkja.

Foto: Cecilie Hatløy.

Inventarium

Kyrkjeverje og skiftskrivar fylgjer også med kva kyrkje har av inventar ved kvart oppgjer. Diverre tek dei ikkje med alt.

Framsidebilde.

Ishavsvisa

Det var Aksel Garshol som kom med tips til redaksjonsnemnda i Levd liv om å skrive om ulsteiningen Lars Sundgot. Om han og Ishavsavisa var det ein eigen artikkel i polarmasinet til Ishavsmuseet, “Isflaket” nr. 3 2023. Innhaldet er attergjeve med løyve frå museet.

I mange år har eg tykt det var synd at Lars Sundgot, onkelen min, ikkje fekk den æra han fortente med omsyn til forfattarskapen sin. Av det han skreiv vart Ishavsvisa den mest kjende, nokon sette melodi til henne og brukte delar av eitt av versa som refreng. Denne visa vart mykje spelt på radio ein periode. Då var Lars alt død, og kunne ikkje stå fram som forfattar. Derfor vart visa som regel underskriven med «forfattar ukjend» når ho vart gjengitt eller referert til.

Lars Andreas Peter Johannesson Sundgot (17.5.1876-11.10.1943)

Jakta på julefisken

Han var fjorten, og skulle konfirmerast til våren. Det var eit år sidan han hadde kjøpt den vesle færingen for sparepengane sine. Den hadde ikkje motor, den var lett å ro. Når vêret var fint, brukte han berre ti minutt å ro til Storneslykta, der han av og til kunne få mange små torskar og av og til ein lyr eller sei.

Bildekjelde: Nasjonalbiblioteket.

Jan Berset

Jan Berset har sete i formannskap og kommunestyre i Ulstein i over 30 år. Han er inne i den tredje perioden sin som ordførar. Han har vore med på ei storstilt utvikling av lokalsamfunnet.

Jan Berset.

Jan Ove Ulstein

Jan Ove Ulstein er teolog, forfattar, salmediktar og poet. Han har skrive ei rekke bøker og diktsamlingar i sjangrar frå barnebøker til romanar og dikt. Arbeidar i dag som førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda.

Jan Ove Ulstein