Skjervøy Fiskemottak og egnesentral fekk ei årsomsetning på 1,2 millionar kroner i 1986. Det vart levert mest saltfisk (om lag 65 prosent), resten ferskfisk. Anlegget sysselsette 1,3 årsverk i tillegg til den eigeninnsatsen som eigaren Knut Strand la ned. Sentralen var kanskje mest å rekne som eit servicetilbod. Her kunne fiskarane egne linene sine under tak, og med fryseri, vatn og agnlager like i nærleiken. Det hadde vore stor utvikling i fiskeflåten i Ulstein dei siste åra; for fire år sidan var det berre ein båt over 35 fot, men vinteren 1986 var det sju båtar frå 35 fot og oppover. Samla hadde kapasiteten på båtane blitt meir enn dobla dei siste åra, og alle dei lokale båtane leverte fangstane sine på Skjervøybuda. I denne situasjonen var behovet for fiskerikai klart til stades.
I slutten av mai 1987 var det kranselag på den nye fiskerikaia på Saunes. Eikrem Byggelag var ferdige med betongarbeidet, og 10. juli var heile arbeidet avslutta. Kaia var 36 meter lang og 12 meter brei og hadde rikeleg plass til dei fiskebåtane som var heimehøyrande i Ulstein. Måndag 21. desember 1987 vart ein merkedag for fiskerinæringa i Ulstein. Då vart både fiskerikaia på Saunes og hamna på Flø overlevert frå Kystverket til Ulstein kommune. Overleveringa vart markert med eit festmåltid i Vonheim på Flø. Hamna på Flø hadde kosta 6,9 millionar kroner, medan fiskerihamna på Saunes kosta 3,1 millionar. Ho hadde altså stått ferdig 1987, medan den på Flø var ferdig to år tidlegare.
I slutten av oktober 1986 vart den til då siste havfiskebåten i Ulstein seld. Den 92 fot lange Karl Vadøy forlét Skjervøybuda for siste gong. Båten vart seld til Gryllefjord på Senja, og skipper Arne Høyvik førte båten dit for å gjere kjøparane kjende med fartøyet. Med det var det berre att banklinebåtar av fiskeflåten i Ulstein. Men alt i 1988 var ein ny Karl Vadøy på plass, og far og son Arne og Knut Arne Høyvik kunne halde fram satsinga si på fiskeri. Den gamle Karl Vadøy var bygd i 1964 og vart heimehøyrande på Valderøy under namnet Ny-Orbit. Han vart så seld til Godøy og fekk namnet Joffre. Der kom Arne Høyvik om bord i 1965, og kjøpte båten ni år seinare, same året som Knut Arne kom om bord. No skulle det altså bli ein ny Karl Vadøy på dei to.
Den nye fiskebåten til Høyvik-karane var under bygging utover hausten 1987. Båten vart levert frå Karstensens Skipsverft i Skagen, Danmark, i februar 1988. Ei viktig årsak til at Arne og Knut Arne Høyvik valde å byggje i Danmark, var den danske rentestøtta. Den nye båten var ein 34 meter lang shelterdekka linebåt med fryseri. Mykje av utstyret om bord kom frå Sunnmøre: Propell, ror, stabiliseringsanker og gir kom frå Ulsteingruppa, dekksarrangementet frå Odim.
I november 1985 var det klart for eit havbruksanlegg i Ulstein. Då fekk Fløfisk på Flø konsesjon på eit settefiskanlegg på 850.000 fisk per år. I august gjekk dei tre ungdommane Bjørnar Kleiven, Ove Midtflø og Ståle Herland i gang med å planere og grave ut tomt til anlegget. Etter kvart reiste produksjonshallen seg, i ein etasje, medan administrasjonsbygget skulle ha to etasjar. I januar 1986 vart det lagt inn rogn for klekking, som etter om lag 16 månader skulle bli salsvare. Hausten 1986 var seks mann i arbeid ved anlegget, men selskapet rekna med å auke dette. No var det berre å vente på lønnsemd, noko dei rekna med frå 1988. Det skulle bli mange vanskar. Men Fløfisk AS satsa friskt. I juli 1987 sende selskapet den første leveransen sin av smolt til ein verdi av ein million kroner. Planen var å levere 200.000 smolt frå anlegget i løpet av året. Men enkle kvardagar var det ikkje for oppdrettarane. I slutten av juli melde Vikebladet at lite hadde gått etter planen; rett som det var, dukka det opp nye problem. Likevel hadde firmaet seks fulltids arbeidsplassar i tillegg til nokre på deltid. Dagleg leiar var Ove Midtflø, utbyggingsleiar Bjørnar Kleiven, 25 og 22 år gamle. Dei fekk også i stand anlegg ved Spjutøya.
Men vanskane voks. I desember 1989 hadde Sunnmørsbanken og Hauge & Furnes AS teke over Fløfisk. Alle grunnleggarane på Flø var no borte frå aksjelistene. Dei nye eigarane ønskte å drive vidare med like mange tilsette. Men ifølgje Vikebladet kunne dei 13 tilsette likevel ikkje vere trygge på arbeidsplassane sine. Endringa i eigarstrukturen kravde ny konsesjonssøknad, og for matfiskanlegget ved Spjutøya som sysselsette åtte av dei tilsette, var det førebels ikkje ledige konsesjonar å søkje på. Løyvet for dette anlegget gjekk ut til sommaren 1990.
1988 vart ifølgje årsmeldinga til fiskerirettleiar Jan-Petter Mork eit dårlegare år for fiskeflåten enn dei føregåande åra. Dette skuldast mellom anna reduserte kvotar, låge prisar, små tilskot og aukande drifts- og kapitalkostnader. Både kvantum og prisar på line- og garnfiske var under middels og gjorde derfor at mange sjarkar kom dårleg ut. For snurparane var det derimot eit betre år i 1988 enn i 1987, hovudsakleg på grunn av positiv prisutvikling og fulle kvotar på sild og makrell. Den nye havgåande autolinebåten, Karl Vadøy, hadde eit brukbart år, hovudsakleg på grunn av intensiv drift og godt fiske. Sjølv om det berre var ein båt i Ulstein som dreiv banklinefiske i 1989, hadde kommunen eit aktivt banklinemiljø. I papira til Sunnmøre Fiskarlag i juni 1989 stod Ulstein ført opp med 33 banklinefiskarar, Hareid med 11. Med berre ein banklinebåt på dei to kommunane hadde mange av fiskarane arbeid på båtar utanom Ulstein og Hareid, til dømes i Herøy.
I Ulstein var det ved utgangen av 1988 179 fiskarar, 145 av desse på blad B, 34 på blad A. Talet hadde auka svakt dei siste åra og lege mellom 160 og 180. Gjennomsnittsalderen er 37 år, og fiskerirettleiaren reknar ikkje med at talet på fiskarar vil endre seg noko særleg.
Kyrne i Ulstein mjølka meir enn gjennomsnittskua i Sunnmøre Meieri; Ulstein-kua hadde i snitt ein årsproduksjon på 6408 liter mjølk i 1985. Ulstein hadde no 20 buskapar av mjølkekyr, det var uendra dei siste åra. Den gjennomsnittlege storleiken på buskapane som sorterte under ku-kontrollen, var 11,2 kyr. Det var 20 buskapar knytte til ku-kontrollen i Ulstein også i 1987. Desse utgjorde 70 prosent av mjølkeleverandørane. Storleiken på buskapane varierte frå to til vel 26 årskyr. Den største høyrde til Jon J. Flø på Flø.
Med 20 mål jord som utgangspunkt hadde familien til Else Marie og Ottar Nygjerde etter kvart nærast blitt storbønder med 19 mjølkekyr og åtte ungdyr på bås i heimegarden til Else Marie på Ulstein. No, hausten 1989, var dei i ferd med å reise driftsbygning for 20 mjølkekyr på Eidet. Det var nokre år sidan dei tok til med nydyrking på Eidet som var utmark til Vikebakkane. No var 60 mål ferdig dyrka, og nye 60 mål låg klare. Sjølv om heile familien, inkludert tre born, tok del, var det ingen tvil om at Else Marie hadde vore hovudpersonen. Ottar hadde hatt arbeidet sitt på sjøen, tidvis i Nordsjøen og tidvis som sjarkfiskar med eigen båt. Men han tok sin støyt med nydyrking og gardsarbeid når han var heime mellom turane. Gardsbruket på Eidet ligg der i beste velgåande den dag i dag, men er no selt til ein annan eigar, Roger Brudevoll.