Generalforsamlinga i Sørøybuss AS gjekk våren 1985 inn for at det skulle byggjast sentralanlegg for selskapet på Larsnes. No spekulerte avisene i om Moldskred i Ulsteinvik ville gå ut av selskapet. Slik skulle det då gå. Våren 1986 avgjorde samferdselsutvalet i fylket at hovudanlegget til Sørøybuss AS skulle ligge på Larsnes. I bygda gjekk flagga til topps då meldinga kom.

Søndag 20. november 1988 opnar Sørøybuss AS det nye sentralanlegget sitt. I avisoppslaga poserer styreleiar Einar Holm saman med disponent Anders Petersen og samferdselssjef Lasse Hjermann. Det hadde verkeleg stått strid om lokaliseringa. Til og med samferdselssjefen var usamd i plasseringa. Men Holm hadde kjempa for Larsnes og endå ein gong brukt distriktspolitiske argument. Heilt sidan selskapet vart skipa i 1982, hadde dei måtta ty til provisoriske løysingar i leigde lokale, og administrasjonen og verkstaden var delt. No vart alt dette samla på ein stad.

I august 1987 vart det klart at det tradisjonsrike buss- og transportselskapet Moldskred i Ulsteinvik trekte seg ut av Sørøybuss AS. Aksjonærane Anders Petersen og Bjåstad-familien løyste ut den tredje aksjonæren, Arve Moldskred, og tok over aksjeposten til Moldskred på 40 prosent. Det hadde vore strid mellom partane om leigekontrakten for Moldskred-anlegget i Ulsteinvik.

Åra frå 1983 til 1987 viser ein kraftig trafikkauke over Hareid. Frå 1983 til 1986 stig biltrafikken på strekninga Hareid-Sulesund med 27 prosent. Persontrafikken med hurtigbåten aukar også. Hareid-Sulesund stod no som det nest største sambandet i fylket. Styret i MRF vedtok i desember 1986 å opprette ei nattferjerute Hareid-Sulesund. Dessutan ville dei at snøggbåten også skulle gå til Valderøy.

Tanken om at snøggbåten skulle ha eit fast anløp til Valderøy, vart for alvor kasta fram i november 1986. Det var eit behov for anløp til sentrale flyruter, og dette ville bli endå meir aktuelt når tunnelen frå Ålesund vart ferdig. Rett før jul gjekk MRF-styret inn for at snøggbåten skulle gå innom Valderøy. I februar 1987 kalla Ulstein kommune, Verkstadforeininga og reisebyrået Winge Viking inn til eit regionalt møte for å støtte MRF-styret i spørsmålet om hurtigbåt til Valderøy. Ålesund og Giske bruselskap, som dreiv dei nye undersjøiske tunnelane frå Ålesund, protesterte mot at hurtigbåten skulle gå til Valderøy. Men møtet i Ulsteinvik vedtok ei klar fråsegn til Vegdirektoratet med full støtte til MRF-styret. Frå 1. april 1987 starta hurtigbåten med ruter frå Hareid til Valderøy – 65 stopp per veke. I dag kan vi knapt tenkje oss noko anna.

Tysdag 20. oktober 1987 klokka 18 gjekk Valderøy-ferja den siste turen sin, og flybussen gjennom tunnelane tok over. Journalistar frå inn- og utland var til stades for å dekke den historiske hendinga, opninga av det lengste og djupaste undersjøiske tunnelsambandet i verda.

Den 30. september 1987 var Eiksund postkontor ope for siste gong. Posten i bygda skulle ha feira 85-årsjubileum denne sommaren, men det var ikkje rette stemning for det. Poststyrar Anna Nytun køyrde frå no av den nye landpostruta i Haddal og Eiksund. Til lokalavisa sa ho at posttenesta og servicen skulle bli minst like god som før. Men Eiksund hadde fått ein annan samlingsstad. Det var tre år sidan Grete Eiksund starta med kiosk og gatekjøkken ved ferjekaia i Eiksund, og trafikken hadde vore aukande heile tida. Med seg hadde ho tre tilsette på deltid, og kiosken var open frå klokka ni om morgonen til 22 om kvelden. Dette var ingen vanleg kiosk. Her kunne bygdefolket få kjøpe mjølk som dei tinga i førevegen. Litt andre kolonivarer førte kiosken også, til dømes kaffi. I sommarsesongen, med mykje båt- og hyttefolk i bygda, tilbaud kiosken også ferskt brød.

Ulstein Forsyningsteneste AS fekk tilbod om å drive godsterminalen i Ulsteinvik frå 1. februar 1989. UFAS skulle betale 140.000 kroner per år i leige, og måtte forplikte seg til å vere ekspeditørar for Mørerutene og syte for at alle transportørar som opererte både landverts og sjøverts, fekk kjøpe tenester ved terminalen. UFAS ønskte høve til å flytte heile verksemda si til godsterminalen. Bedrifta leigde allereie lagerplass i terminalen.

Unhjems Transport AS i Ørsta hadde på dette tidspunktet leigt mesteparten av det som var ledig i Moldskred-anlegget i Brattøra i Ulsteinvik. No ville selskapet tilby daglege direkteruter til Oslo som eitt av tilboda. Gods som vart lasta opp her i distriktet, ville vere i Oslo neste morgon, og sameleis motsett veg.