I januar 1985 kunne Vestposten fortelje om eit nytt, stort samferdselsprosjekt. Ordførar Olav Fure hadde fått ingeniørfirmaet Sam Lorgen til å rekne på ein tunnel frå Hareidlandet til Sula. Idéen om Hareid Fastlandsamband var fanga, og prisen var rekna til om lag 480 millionar 1984-kroner. Fure hadde valt lanseringsdatoen med omhug: Måndag 28. januar kom samferdselskomitéen på Stortinget til Sunnmøre for å sjå nærare på det ferjefrie sambandet Ålesund-Vigra som no skulle realiserast. Undersjøiske tunnelar var i skotet, og bankane stod klare til å låne ut pengar.

Den 21. mars 1985 kalla Fure inn til ordførar- og rådmannsmøte for å drøfte tunnelen. Her møtte kommunane på Søre Sunnmøre i tillegg til Sula og Ålesund. Møtet bestemte at det skulle veljast eit interimsstyre til å arbeide vidare med saka. I april vart Olav Fure valt til leiar for interimsstyret. Representantar for Hareid, Sula, Ulstein, Sande, Herøy og Vanylven sat i interimsstyret.

Fredag 21. mars 1986 vart Hareid Fastlandsamband AS skipa av følgjande kommunar og interessentar: Hareid, Ulstein, Herøy, Sande, Vanylven, Sula, Ålesund, Giske, Haram, Selje, Vågsøy og Sparebanken Møre. Olav Fure vart vald til styreleiar. Han fekk med seg Hallvard Ramnefjell, Sula, Erik Haakonsholm, Ulstein, Einar Leinebø, Herøy, Bård Vikanes, Ulstein, og Ivar H. Røyset, Hareid, i styret. Det nye selskapet hadde no ein aksjekapital på 240.000 kroner.

I ettertid står sider ved debatten om tunnelen fram i eit tidsoptimistisk lys. Både tilhengarar og motstandarar av prosjektet syntest å sjå for seg ei rask realisering av sambandet. Stemninga var nærast apokalyptisk; tunnelen hadde blitt ei openberring hos dei ivrigaste mellom tunnelfolket. Om lag som då læresveinane venta på dommedag og på Jesu snarlege attkome i deira generasjon, slik tenkte tunnelfolket at sambandet ville kome i deira tid. Dermed vart diskusjonane om trafikk og plassering av tunnelopning så levande og konkrete, medan mykje anna vart sett på vent.

I juni 1986 ber Olav Fure kystkommunane om å prioritere fastlandsambanda på Søre Sunnmøre. Han har funne ut at Sulafjord-tunnelen blir to-tre gonger så lønsam som Eiksundsambandet. Det vart sett ned eit utval som skulle vurdere Hareid Fastlandsamband opp mot andre bru- og tunnelprosjekt på Søre Sunnmøre. Gruppa skulle også vurdere Flø-Godøy og alternativet rørbru.

Vinteren 1987 blir det helt kaldt vatn i blodet på tunnel-optimistane. Då kom det for ein dag at Vegstellet ville støtte utgreiingsarbeidet, men ikkje gi økonomisk støtte: – Vi vil understreke at slik det ser ut førebels, kan konklusjonen på utgreiinga like gjerne bli at tunnelen ikkje bør byggjast som at han bør. Ordinære midlar kan ikkje påreknast i vegplan-perioden 1990-93. Byggjestart i andre kvartal 1988 er urealistisk, slår vegsjefen fast. Sett frå skrivepunket i 2020 verkar det utruleg at optimistane hadde ein byggjestart i 1988 i tankane. Men dette var før Ålesunds-tunnelane var opna, og før bompengeselskapet ikkje kunne handtere gjelda si.

I januar 1986 kan vi lese i lokalavisa at Eiksundbrua kan bli tunnel i staden for flytebru. Ein konsulentrapport slo fast at det ville vere teknisk mogleg med tunnel under fjorden. Bruselskapet ville arbeide ut eit tunnelalternativ og vurdere det opp mot bru.