Eldreomsorga i Ulstein var i omvelting mot slutten av 1980-talet: – Her vil vi bli gamle, slo prosjektleiar Aksel Hauge, sosialsjef Arthur Grønmyr og helsesjef Torbjørn Måseide fast i samtale med lokalavisa i mai 1987. Dei tre stod i spissen for ei prosjektgruppe som la fram ein omfattande plan for omlegginga av eldreomsorga i kommunen fram mot hundreårsskiftet. Hovudmålsetjinga var trivsel for den einskilde med meir individuelt tilpassa hjelp.
For å oppnå dette måtte eldreomsorga leggast om til meir open omsorg. Institusjonane skulle gradvis byggast ned, og i staden skulle det satsast på heimebasert omsorg. Aldersheimen skulle gjerast om til bukollektiv og bli ein del av Ulstein eldresenter på Ulshaug, det nye namnet på bukollektiva, eldresenteret og aldersbustadene ved Skollebakken. Denne planen prega utviklinga i eldreomsorga i Ulstein i åra som følgde, sjølv om kommunen framleis måtte ha eit sterkt sjukeheimstilbod.
Før jul i 1986 såg folk i Ulstein noko av resultatet til prosjektgruppa for eldreomsorga i Ulstein. Gruppa hadde blitt leia av helsesjef Torbjørn Måseide, og døgnvaktteneste i form av ein ekstra nattsjukepleiar var eitt av tiltaka. Dessutan skulle det kjøpast inn alarmapparat til eldre som budde heime. I det heile ville dei no utvide heimehjelps- og heimesjukepleieordninga. Det skulle leggast endå betre til rette for eldre som ville halde fram med å bu heime.
Ved årsskiftet 1987/88 tok kommunane over ansvaret for drifta av sjukeheimane frå fylkeskommunen. For Ulstein betydde dette 83 nye kommunale arbeidstakarar. Kommunen markerte overtakinga med at kommuneleiinga møtte dei tilsette på sjukeheimen. Dette var det første offisielle oppdraget til den nyvalde Ulstein-ordføraren, Ottar Kaldhol. Helsesjef Torbjørn Måseide, som frå no fekk det faglege ansvaret for sjukeheimen, kom med ei programerklæring: – Ulstein blir alt omsnakka i positive ordlag i fylket og Sosialdepartementet – for helse- og sosialsektoren vår. Eg ser ingen grunn til at ikkje Ulstein sjukeheim også skal kunne kome i første divisjon mellom sjukeheimane i fylket. Ulstein sjukeheim skal vere ein god stad å vere og eit eksempel for andre, slo Måseide fast ifølgje lokalavisa.
Men i juli 1988 sa Ulstein Sanitetsforeining opp avtalen med kommunen om drifta av Ulstein Eldresenter på Ulshaug. Driftsunderskotet det inneverande året hadde kome opp i 100.000 kroner, og saniteten såg seg ikkje syn med å halde fram drifta. Pensjonistane i kommunen hadde nytta seg mykje mindre av tilbodet ved senteret enn det saniteten trudde då eldresenteret vart opna i 1982. I staden for ein treffstad for pensjonistar på dagtid hadde eldresenteret og bygdestova blitt meir eit ettertrakta selskapslokale på kveldstid. Saniteten såg ikkje utleige av selskapslokale som oppgåva si. Dei som kom til å sakne tilboda ved eldresenteret, vart nok pensjonærane ved aldersheimen og dei som budde i aldersbustadene i området. For dei var eldresenteret det det skulle vere for alle pensjonistane i Ulstein, ein treffstad med sosialt fellesskap og praktiske tilbod som kafeteria, frisør og fotpleie.
Den store satsinga på heimehjelp og heimesjukepleie i eldreomsorga i Ulstein førte ei stund til nedgang i talet på pasientar ved Ulstein sjukeheim. I juli 1988 kunne lokalavisa melde om 20 færre pasientar ved sjukeheimen, ledige rom og overskot på helsearbeidarar. Verken Ulstein eller dei andre kommunane i området satsa no på institusjonsplassar som den einaste løysinga for dei eldre. Ulstein sjukeheim hadde 54 senger, av desse disponerte kommunen 43 sjølv, medan fem plassar var leigde ut til Hareid, fire til Sande og Vanylven.
I alt 205 personar arbeidde i 1988 innan helse- og sosialtenesta i Ulstein. Dette var såleis ein av dei største arbeidsplassane i kommunen. 82 av dei tilsette arbeidde ved Ulstein sjukeheim – som altså hadde blitt kommunal frå årsskiftet. Utover i 1988 skjedde det ei omorganisering ved sjukeheimen, som no ikkje lenger skulle vere ein regionsjukeheim, men ein institusjon for innbyggjarane i Ulstein.
Hausten 1989 starta arbeidet med å byggje fleire bustader for eldre like ved eldresenteret i Ulsteinvik. Kommunen hadde kome til at det ville lønne seg å byggje ut heile det området kommunen hadde her, i ein gong, i første omgang ti aldersbustader. I september 1989 kunne det planlagde grunnarbeidet på dei nye aldersbustadene ta til. Husbanken hadde gitt lånetilsegn som dekte heile 90 prosent av byggekostnadene. Prosjektet kom på totalt sju millionar kroner. Det skulle byggjast 16 husvære i toetasjes rekkehus med areal på mellom 59 og 67 kvadratmeter. Alle husværa ville få inngang utan trapper og bli utstyrte med carport. Då eldresenteret og dei 22 trygdebustadene ved sida av stod ferdig, hadde det kosta godt og vel åtte millionar kroner.
I november 1989 opna Bygdestova ved eldresenteret på nytt kafeteria. No skulle stova bli samlingsplass etter at kaféen hadde vore stengd i over eit år. Det var kommunen som stod for drifta om dagen, medan saniteten hadde ansvaret om kvelden. Det var kombinasjonen badevakt og kafédrift som no gjorde at kommunen såg seg syn med å opne kafeteriaen på nytt. Grete Jorde, som hadde vore tilsett som badevakt dette året, hadde teke på seg å stå for kafeteriaen også – i samarbeid med kjøkkenet på kvileheimen. No kunne ho by på kaffi, te, mjølk, brus, vaflar og rundstykke frå klokka 10 kvar yrkesdag. Du kunne også kjøpe middag, men då helst med tinging i førevegen. Saniteten tok over både varmbadet og kaféen på kveldstid. Dei hadde i sving om lag 40 personar i løpet av ein månad på tiltaket. Leiar i Ulstein Sanitetsforeining var på dette tidspunktet Kirsti Vattøy Ulstein.
I 1989 hadde Kvileheimsforeininga vore det sikraste besøket for mange av pensjonærane på kvileheimen i Ulsteinvik i 30 år. Den tredje torsdagen i kvar månad kom medlemer frå foreininga til møte i kvileheimen. Der venta dei som budde der på ei kjærkomen avveksling i kvardagen og ein drøs over ein kaffikopp med folk utanfrå.
Jordmor Oddny Holte, nærast ein institusjon i lokalsamfunnet, takka av i juni 1988: – Eg visste at eg skulle bli jordmor alt som 10-åring. På ein skulekontroll sa doktor Sellevoll at eg hadde jordmorhender, så då måtte eg bli jordmor. Med det var det gjort, eg kunne ikkje bli anna, smilte Oddny i samtale med Vikebladet i julenummeret i 1987. I vel 36 år hadde ho vore distriktsjordmor i Ulstein, og vel 2500 born hadde ho hjelpt til verda. Ho følte at ho eigde litt i dei alle, ho som hadde opplevd ei fantastisk utvikling gjennom desse åra. Frå ho fór rundt i heimane på tronge loft og kammers og tok imot nye ulsteiningar, til bygda fekk eiga fødestove, og jordmora fekk fleire å dele ansvaret med. I mai 1988 fekk Holte tildelt Kongens fortenestemedalje for innsatsen sin.
I starten av september 1988 avgjorde helse- og sosialstyret i fylket at fødestova i Ulstein skulle få halde fram. Fleirtalet gjekk såleis imot fylkeshelsesjefen som ville legge ned tilbodet. Men det skulle ikkje gå lenge før fødestova ved Ulstein sjukeheim var ein saga blott. Dei siste åra hadde talet på fødslar ved fødestova i Ulstein lege på kring 60. Men i 1988 auka dette med ti. Heile 70 fødande tok jordmødrene imot på Ulstein sjukeheim dette året, og endå var fødestova stengd i åtte veker om sommaren. No såg det ut til at tendensen til aukande fødselstal ville halde seg utover i 1989, fortalde jordmor Elllen Grete Bersås i eit oppslag i lokalavisa.
Folketalet både i Ulstein og Hareid auka i 1988. I Ulstein budde det 1. januar 1989 5610 innbyggarar, i Hareid 4496. Begge kommunane opplevde eit nokså høgt fødselsoverskot. I Ulstein var talet på fødde 74, medan 35 gjekk bort. Innflyttinga til kommunen var også større enn utflyttinga, 235 til, 201 ifrå.
I 1986 var det ti år sidan kvinnedagen 8. mars vart markert i Ulstein og Hareid for første gong, 8. mars 1976. Det var den første uavhengige kvinnegruppa i Ulstein og Hareid som stod for arrangementet. Markeringa vart lagt til Solstrand på Hareid, og 20-30 kvinner tok del. Arrangementet vart opptakten til nye kvinnegrupper. Dei var ikkje minst opptekne av barnehageplassar.
Den prekære barnehagesituasjonen i Ulstein tvinga politikarane til å handle. Kommunestyret vedtok derfor å utvide barnehagetilbodet frå 1. september 1987 med 18 heildagsplassar for born i alderen tre til sju år. Den nye barnehagen skulle mellombels halde til i det kommunale husværet Skeidehus i Ringen ved Høddvoll. Det stod ledig. Det var ei hjelp då Skollebakken opna i 1986, men langt frå nok.
I starten av februar 1988 vart den etterlengta Ringen barnehage offisielt opna. Foreldrerepresentanten Svein Elde lova meir dugnad, og at leikeapparata ute skulle forankrast så godt at det var umogleg å fjerne dei. I følgje lokalavisa kom det fram under markeringa at Ulstein hadde fått ein god barnehage. Styrar var Bente Skinlo. I alt 20 born, fire plassar var delte, hadde fått plass. Halvparten av borna kom frå Ulsteinvik, resten frå krinsane, og kanskje mest frå Hasund som stod for tur neste gong kommunen såg seg syn med å byggje barnehage.
I mai 1988 runda Ulsteinvik barnepark 20 år. Der er truleg rett å seie at barneparken var spiren til den seinare barnehageutbygginga i kommunen. Initiativet til barneparken kom frå foreldra, og det var også dei som hadde stått for drifta i dei 20 åra sidan 1968. I ei særstilling stod Judith Skeide som hadde leia parken og passa borna i 13 år. Under jubileumsmarkeringa fekk ho blomster og godord av ordførar Ottar Kaldhol. Som kjent låg barneparken sentralt til midt mellom barneskulen og ungdomsskulen i Ulsteinvik. Trass i tronge tilhøve gav parken plass til 25 born i alderen to til seks år.
Fritidsklubben Hjalmar flytta i februar 1986 inn i kjellaretasjen til Skollebakken barnehage i Ulsteinvik. Innflyttinga vart feira med stor festivitas og markerte slutten av ein intens dugnadsperiode. Ulstein sosialkontor med Per Albert Rogn i spissen var sentral i arbeidet med å få ungdomsklubben i sving, og det skjedde i eit samarbeid med Norsk forbund for psykisk utviklingshemma. Klubben var eit integreringstiltak og heldt det gåande i mange år. Om lag samtidig vart Skollebakken barnehage formelt opna. Med det var den første kommunale barnehagen i Ulstein ferdig. Frå byggjestart i 1984 til barnehagen stod ferdig tok det åtte månader. Dermed hadde 63 av dei 600 førskuleborna i Ulstein fått barnehageplass.
Fritidsklubben Hjalmar var eineståande i sitt slag på Sunnmøre – fordi han integrerte psykisk utviklingshemma på klubbkveldane. I starten vart alle klubbaktivitetane haldne på Ulstein dagheim og internat. Den nedre aldersgrensa for å vere med i klubben var 6. klasse og inga formell øvre grense, men få var over 18 år.
Den påbygde og fornya Flø-skulen vart offisielt opna i mars 1986 med 140 gjester til stades. Odd Kåre Wiik frå Ulstein kommune var byggjeleiar, og leiar i byggjenemnda Ola Flø. Skulen hadde også fått nytt piano, og Stig Lennert Håheim fekk æra av å innvie det. Det hadde vore skulebygg på Flø sidan 1891, då den første skulen vart bygd. Han stod lengre ned mot sjøen. Men alt i 1902 vart skulen reist der han no står etter at den gamle skulen brann ned i 1901. Den første læraren var Johannes Lynge. Han hadde vore omgangsskulelærar i 17 år før han flytte inn i skulebygget, og der vart han verande i 48 år. Så tok sonen Sverre Lynge over og var lærar ved skulen saman med kona Borghild fram til 1969. Då hadde Lynge-familien sytt for kunnskap til Flø-borna i snart hundre år. Skulen fekk eit tilbygg på 1960-talet.
På slutten av 1980-talet kjempa folket i Hasund for ny skule i krinsen. Lokalavisa møtte ein stor flokk foreldre, born og lærarar på skuletomta 10. juni 1988, og dei lova å sitje på tribunen når kommunestyret handsama saka to dagar seinare. Og kommunestyret lytta til bygdefolket; det skulle bli ny skule. Vedtaket kom etter ein to timar lang debatt der dei også drøfta tilbygg til Ulsteinvik barneskule. Men dette fall, og no skulle første byggjesteg av Hasund-skulen kome. Hasund skulle få ny skule med bygdehusdel og scene. Folket i krinsen slutta mannjamt opp om bygdehusplanane. Prisen på bygdehuset var kalkulert til 2,2 millionar kroner for vel 300 kvadratmeter. Finansieringa skulle Hasund-folket sjølve bere hovudansvaret for gjennom dugnad og kontanttilskot.
Ulstein fekk ny sjukebil i juni 1986, og Arnvid Ertesvåg, som hadde ansvaret for sjukebilen til Røde Kors, var glad for at den nye bilen var endå betre utstyrt enn den førre. Den nye bilen, ein Mercedes Bentz 250, hadde montert både EKG-apparat og spesialbåre for sjokkskadar og ryggskadar. Det var om lag 25 år sidan Ulstein fekk den første sjukebilen sin. I 1986 var det tilsett to faste sjukebilvakter i tillegg til Arnvid Ertesvåg.
Utover vinteren 1988 var det ein del diskusjon om kommunen skulle opne opp for handelssenter i Eiksund-anlegget i Holsekerdalen. Dei som hadde teke over bygget, søkte gjennom selskapet Noby AS om å få nytte dette området i Holsekerdalen til eit handelssenter. Utbyggjarane hadde gått inn ein samarbeidsavtale med Domus. Men då Ulstein formannskap fekk saka på sitt bord i februar 1988, var politikarane splitta: tre røysta for kjøpesenter, fire imot. Då politikarane ikkje avviste planane med ein gong, førte det til opprør mellom handelsfolk i sentrum. Dei skulda politikarane for å ikkje vere truverdige: – Truverdet kviler på ein 20 år gammal lovnad om eit slagkraftig sentrum i Ulsteinvik. Vi som har kjøpt oss tomter her, har fått lagt fram ein reguleringsplan som viser kvar butikksenteret skal vere. Her har vi satsa, og posisjonen til Ulsteinvik som regionsenter står og fell på eit sterkt sentrum, argumenterte butikkeigarane Torbjørn Hofseth, Åse Dimmen Grimstad og Ragnhild Overvåg i samtale med Vikebladet. Dei hadde ein samla forretningsstand i ryggen og kunne vise fram ei lang liste med underskrifter. – Vi har ikkje noko imot etablering av eit Domus-varehus i og for seg, men vi er livredde ei splitting av sentrum. Det verste som kan skje, er at Holseker blir regulert om til handelsformål. Vi har 31 mål ledig tomteareal i sentrum. Spørsmålet er berre om kommunen vil legge til rette for utvikling, meinte dei tre. I første omgang gjekk kommunestyret inn for omreguleringa, men ved andre gongs handsaming fall forslaget, og Ulstein sa nei til varehus i Holsekerdalen.
I industriområdet Saunesmarka gjekk det lenge trått. Våren 1988 låg området framleis nesten tomt og aude. Sjølv om kommunen hadde selt eller lovt bort 14 tomter siste året, hadde det så langt ikkje resultert i aktivitet. No signaliserte kommunen strengare reglar, slik at ikkje tomtekjøparar kunne sitje på tomter i årevis utan å byggje.