Det som først og fremst prega kommunevalet i Ulstein hausten 1987, var at kommunen stadfesta stillinga si som Høgre-kommune. Med åtte mandat var Høgre framleis det klart største partiet, og den ny Frp-lista hadde ikkje rokka ved denne posisjonen.
Den store taparen var Senterpartiet. Partiet miste over 100 røyster sidan førre val og kom igjen med berre to mandat. Høgre fekk 810 røyster (8), Ap 578 (5), KrF 536 (5), Venstre 309 (3), Sp 227 (2), Frp 169 (1) og SV 150 (1). Men sjølv om Høgre var størst, skulle partiet kome til å bli sett på sidelinja i ein thriller av ei konstituering.
Berre 14 dagar etter valet var det nemleg klart for Ap-ordførar i Ulstein. Ottar Kaldhol, lokalpolitikarar gjennom mange år, hadde vunne fram etter drøftingar; KrF, Sp, Venstre og Ap hadde gått inn eit samarbeid om fordelinga av dei ulike verva etter kommunevalet. Målet var at Kaldhol no skulle vere ordførar på heiltid. Turid Folkestad (V) vart ny varaordførar, som den første kvinna i denne posten i Ulstein. Det var så meininga at Arne Walderhaug (KrF) skulle ta over som varaordførar etter to år, i 1990. Dei fire samarbeidspartia fekk også støtte frå SV.
– Vi føler oss tilsidesette og førte bak lyset, kommenterte Erik Haakonsholm i Høgre i samtale med Vikebladet: – Eg veit ikkje om dette er latterleg eller fantastisk. Eg har i alle fall aldri opplevd maken. Det er greitt at parti går saman og vel ordførar, med at dei samtidig fordeler leiarverva i hovudutvala, det er uhørt, basunerte Haakonsholm. Dei fire samarbeidande partia hadde også blitt samde om ei edruskapspolitisk linje. Her lova dei å stå for ein restriktiv politikk med omsyn til tildeling av skjenkeløyve. Ved konstitueringa i desember fekk formannskapet denne samansetjinga: Erik Haakonsholm (H), Bård Vikanes (H), Asbjørn Flø (Sp), Turid Folkestad (V), Arne Walderhaug (KrF) og Ottar Kaldhol (A). Ottar Kaldhol var den første valde Ap-ordføraren i Ulstein.
Til høgre: På bildet ser vi frå venstre: Arne Walderhaug (KrF), Leif P. Dimmen (Sp) og Turid Folkestad (V). Framme sit Ottar Kaldhol (Ap).