Utover i august 1985 ber avisene preg av at det er stortingsval i september. Då Kåre Willoch vart statsminister i 1981, var det viktig for Høgre å regjere åleine eit par år og såleis legge sporet. Historikaren Berge Furre vurderer det slik at Høgre hadde stort utbyte av å profilere regjeringa åleine med to nokså passiviserte støtteparti (KrF og Sp), som etter kvart vart mindre og mindre glade for rolla si. Dei bar ansvar utan å hauste vinning.

Abortsperra vart stadig meir omstridd i KrF, og landsmøtet våren 1983 sette døra på gløtt for å delta i regjeringa. Høgre hadde bunde seg til å opne regjeringa for dei to partia, og omsider gav Sp-leiar Johan J. Jakobsen det avgjerande signalet i mai 1983. Etter ein runde med forhandlingar rykte fire frå KrF og tre frå Sp inn i regjeringa og avløyste høgrestatsrådar. KrF-leiar Kjell Magne Bondevik vart kyrkje- og undervisningsminister, Jakobsen samferdselsminister. Rokeringa var med på å gi Høgre eit heller svakt kommuneval i 1983, medan Frp gjorde det godt. Det same gjorde Ap.

Måndag 9. september 1985 var det stortingsval. Kåre Willoch heldt fram som statsminister i ei mindretalsregjering. Våren 1986 fall oljeprisen frå 29 til 15 dollar fatet, og i mars la Willoch fram ein påskepakke med 16 innstrammingsforslag. Eitt av dei var å auke bensinavgifta med 42 øre literen. Regjeringa vende seg først til Ap for å få støtte, men dei stilte krav som Willoch ikkje ville gå med på. Etter kvart viste det seg at regjeringa var avhengig av støtte frå Frp for å overleve. Men då Willoch stilte kabinettspørsmål om påskepakken, sende Carl I. Hagen (Frp) ut ei pressemelding om at veljarane kunne stole på han i spørsmålet om bensinprisar. Dermed var saka klar. Den 9. mai 1986 gjekk Willoch av, og Gro Harlem Brundtland tok over. Nokre veker seinare auka ho bensinavgifta likevel.

Den 11. september 1989 går veljarane til urnene igjen. Dette er det første stortingsvalet med utjamningsmandat, og talet på stortingsrepresentantar er auka med åtte til 165, ti av dei frå Møre og Romsdal. Valet vart ein thriller mellom dei lokale kandidatane Einar Holm (V), Marie Lovise Widnes (SV), Per Sævik (KrF) og Ottar Kaldhol (A). SV opplevde ein klar framgang dette valet, og Widnes fekk stortingsplass saman med 16 andre i SV-gruppa. Per Sævik frå Herøy kom òg inn.

Etter stortingsvalet i 1989 danna Jan P. Syse (H) ei mindretalsregjering med Høgre, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti. Det vart eit kortvarig regime. Den 3. november 1990 gjekk regjeringa i oppløysing då Senterpartiet ikkje lenger fann seg til rette saman med Høgre. Grunnen var først og fremst den komande EU-kampen fram mot ei ny folkerøysting. Dermed danna Gro Harlem Brundtland regjering for tredje gong.