Hausten 1980 runda Eiksund kvinneforeining 100 år. Margit Eiksund kom med eit historisk attersyn i Vikebladet. Foreininga vart skipa av O. J. Eiken i 1880, og han var drivkrafta dei første åra. Dei samla seg ein gong for fjortendagane, song og bad for misjonsarbeidet og las misjonsbladet. Strømper, lester og vottar i alle storleikar vart gode auksjonsvarer til den årlege basaren. Auksjonarius var i lang tid Johan Henriksen Havåg.

Første tida heldt dei til i skulen, men då samlingshuset i Eiksund kom i bruk i 1915, møttest dei der. Skikken med at basaren skulle vere 3. juledag, varte til slutten av 1940-åra, og grunnen var at dei ville ha han frå seg før karane reiste på fiske. Men så kom det ei tid då fisket tok til før jul, og då vart basaren flytta fram ein månad.

Vinteren 1982 runda den såkalla Osnesforeininga 60 år med jubileumsfest på Ulsteinvik bedehus. I eit intervju med lokalavisa kunne Ingeborg (Bolla) Osnes sjå tilbake på ei misjonsforeining med stor aktivitet. Men fram mot jubileumsåret hadde rekrutteringa svikta. Dei hadde byrja å bli gamle dei som var med.

I april 1982 markerte Ulstein kristelege blandakor 50 år. Det var i ei av dei største vekkingane som hadde gått over Ulstein, i 1931, at Kristenfolkets sangkor vart skipa i 1932. Første kvelden møtte om lag 80 unge og eldre fram for å vere med. Sokneprest Otto Holmås, som hadde vore aktiv under vekkinga, vart den første dirigenten for koret. Men presten hadde mange gode medarbeidarar, både åndeleg og musikalsk; Severin Hop, Edvard Standal, Osvald Ulstein som var formann i ungdomslaget. Enok Ulstein var òg sentral.

Kormedlemene var elles aktive i lagsarbeid, så som ungdomsarbeid, misjonsarbeid og yngresarbeid, fortel Oddmund Ulstein i det historiske attersynet. Då sokneprest Holmås slutta som dirigent, tok lærar Johan Sæter over. I han fekk koret ein dugande leiar, men interessa mellom kormedlemene vart etter kvart lita nokre år, og dirigenten vart motlaus. Koret var såleis lite aktivt siste delen av 1930-talet. Men i første halvår i 1940 gjekk det ei vekking over bygda. Ifølgje Oddmund Ulstein var det Kristian Myklebust som stod i den vekkinga. Då kom det ny fart i korsongen. Leiar var no Johs. H. Saunes, og koret talde 30 songarar. I 1943 kom det ei ny vekking over bygda med emissær Dyrseth i spissen. I denne vekkinga kom det mange unge med, fleire av dei aktive songarar frå før, og dei fann no plassen sin i blandakoret. Koret skifte namn og vart til Ulstein kristelege blandakor. Femtiårsjubileet vart høgtida med festkveld på Ulsteinvik bedehus laurdag 3. april 1982.

Ulstein kristelege blandakor hadde eksistert i 52 år då koret song sin siste tone hausten 1984. Koret hadde hatt vanskar med rekrutteringa, og no hadde det blitt umogleg å halde fram. Birger Ulstein hadde dirigert dei siste 20 åra. Koret hadde hatt mange dirigentar, mellom desse organist Hop, Johan Sæter, Johannes Saunes, Oddmund Indreeide og Magne Grimstad sr.

*

Søndag 18. april 1982 kunne Stormfuglen feire 70-årsjubileum, kvinneforeininga til Den Ytre Sjømannsmisjonen på Flø. Laget vart skipa i 1912, og jubileumsfesten vart halden på samlingshuset Vonheim. Leiar i foreininga var Signy Eidem Flø.

Heile 80 års barnearbeid i teneste for misjonen, det var det barneforeininga Liv i Hasund kunne skilte med hausten 1982, ei av dei aller eldste i sitt slag på Sunnmøre. Søndag 31. oktober kunne den livskraftige foreininga høgtide 80-årsjubileet. Barneforeininga talde no 50 aktive frå sju år og oppover. Der var tre avdelingar for jenter, inndelt etter alder, og ein guteklubb. Møta heldt dei i heimane. På jubileumsfesten på Sundgot bedehus var salen fullsett av born og foreldre. Ei av dei eldste jentene, Linda Hasund, opna festen, og nokre av dei yngste hadde eit innslag der dei gjekk rundt i salen og tende lysa på borda – etter at dei hadde sunge og lese mellom anna misjonsbodet. Karin Ertesvåg skreiv referatet frå festen i Vikebladet.

Barneforeininga Ljosglimt i Haddal feira 80-årsjubileum i 1983. Like etter hundreårsskiftet tok arbeidet med barneforeiningar til også på våre kantar. Onsdag 12. januar var det jubileumsfest i Haddal. Alfhild Haddal gav eit historisk tilbakeblikk over dei 80 åra. Ho peikte mellom andre på Sølvi Myrene som kom med i arbeidet i 1960 og hadde vore med sidan, og stod med nokre avbrot som leiar i jubileumsåret saman med Rannveig Myrene.

*

Søndag 17. februar 1980 var det festgudsteneste og stor kyrkjelydsfest, noko som hadde blitt tradisjon dei siste åra. Heile 400 møtte fram til gudstenesta i kyrkja søndag kveld. Etterpå var det årsmøte og fest på Sunnmøre Folkehøgskule. Arild Myklebust leia samkoma, medan soknerådsformann Konrad Myrene la fram årsmeldinga. Ordninga med utdelinga av Mi kyrkjebok det året barnet fyller fire år, var blitt eit fast innslag i kyrkjeåret, medan 11-åringane fekk utdelt Det nye testamentet. I årsmeldinga frå soknet blir det også poengtert at lærarane som vanleg hadde stått for kristendomsundervisninga, og kateketen hadde følgt opp med vitjing i klassene. Konfirmantane var pålagde to helgar til Kjeldsund leirstad, åtte gudstenester og fem-seks gruppesamvær i til saman 14 heimar. Den nye organisten, Leif Sundsbø, var no inne i sitt andre år i Ulstein. Han hadde kome i gang med barnekor med 40 medlemer og øvingar to gonger i veka; også 20 aspirantar øvde fast. I tillegg dirigerer han kyrkjekoret, som han sjølv har starta i 1980.

I årsmeldinga frå 1982 kan vi lese at fleire går til kyrkje i Ulstein. Kollektane ligg på topp i bispedømmet, og gjennomsnittet er 250 kyrkjegjengarar per gudsteneste, medan snittet for Møre bispedømme er på 114: – Vi held til i den delen av bispedømmet der det tradisjonelt er eit sterkt kyrkje- og kristenmiljø. Kyrkjesøkinga speglar eit aktivt kristent organisasjonsliv, meiner presten som minner om at bygda har heile 36 foreiningar for ytre misjon og 26 foreiningar for indre misjon. – Vi som arbeider i kyrkja, ser det som ekstra gledeleg at mange unge familiar kjem til kyrkje, sa den nye soknepresten, Atle Hopland, under årsmøtesamlinga på Fredheim i 1983.

Kyrkja og kristendommen viser altså framleis styrke i Ulstein i det vi går inn i 1980-åra. Men medan Den norske kyrkja nokre tiår tidlegare var heilt einerådande i kommunen og hadde så godt som 100 prosent av folket som medlemer, ser vi tendensar til ei endring. Framleis er over 95 prosent av folket i prestegjeldet statskyrkjemedlemer, men ein del personar er no med i trussamfunn utanfor kyrkja. I tillegg har vi dei som ikkje har noka tilknyting i det heile. Så får kommunen gradvis eit innslag av flyktningar og innvandrarar – og etter kvart også ein del arbeidsinnvandring, folk som høyrer til både andre kyrkjesamfunn og andre religionar – som muslimar og hinduar.

Ei slik endring var det då Filadelfia Ulsteinvik vart ein sjølvstendig kyrkjelyd i 1978, tilslutta pinserørsla i Noreg. Den første tida heldt den vesle flokken til i heimen til Ingrid og Ole Rørstad. Frå hausten 1978 fekk Filadelfia leige eit klasserom på Bjørndals Minne, og dette fungerte som møtelokale fram til våren 1981. Då vart forretningsbygget Fløtun i Bjørndalsvegen 19 til sals; Filadelfia fekk tilslaget, og etter mykje dugnadsarbeid var det nye gudshuset klart til bruk til jul i 1981 – og innvigd i mars 1982.

Det vesle huset med lyskors på ytterveggen fungerte godt i mange år, men etterkvart som Filadelfia fekk fleire medlemer, og besøkstala auka, måtte kyrkjelyden sjå seg om etter andre løysingar. Målet er å bygge sitt eige lokale i Ulsteinvik, men i mellomtida har dei pussa opp dei tidlegare butikklokala i Sjøgata 45, der Filadelfia no leiger både 1. og 2. etasje. Lokala vart innvigde i august 2017. I første etasje har dei storsalen der gudstenestene går føre seg. I tillegg er der kafé, kjøkken, lobby og toalett. I andre etasje er det mange fleirbruksrom, og i hovudsak har kyrkjelyden barne- og ungdomsarbeidet sitt der. I Filadelfia sine gamle lokale i Bjørndalsvegen 19 etablerte bruktklebutikken Sarepta seg, men han vart råka av brann, og er no starta opp att.

I Ulstein var det på slutten av 1980-talet elles 10 aktive medlemer i Jehovas Vitne.

*

På siste del av 1970-talet eksisterte det alt eit ungdomskor i Ulstein, som mellom anna tok del på Vintertreffet i Volda i 1978. Men no skulle ytterlegare eit tiltak sette meir fart i det kristne ungdomsarbeidet. Nokre eldsjeler gjekk saman for å starte det som skulle bli eit tensing-kor i bygda. Den 7. april 1978 møttest 47 ungdommar til skipingsmøte og med Kristen Ulstein som møteleiar og referent. Koret var i første omgang ei gruppe lagt til Gnisten ungdomsklubb, og ikkje innmeldt i Noregs KFUK/M som eige tensing-kor. Men etter ei kort stund vart koret ei sjølvstendig eining, fekk namnet Profil og hadde øvingane sine på Fredheim. Aldersgrensa for å bli med var 7. klasse, det som i dag er 8. klasse og første året på ungdomsskulen. Solveig Myrene vart vald til den første leiaren i koret, og Kari Eide vart den første dirigenten. Songutvalet hadde eit moderne uttrykk og var påverka av impulsar frå Jesusrørsla, fortel Magne Grimstad jr. i artikkelen Ulstein Tensing 40 år i Levd liv 2018.

Profil leigde den første tida utstyr frå den kristne gruppa Salvation, seinare ser det ut til at tensing-koret kjøpte det brukte utstyret til songgruppa. Men alt går ikkje på skinner desse første åra. Då Arne Sæter sluttar som dirigent våren 1980, kjem koret i vanskar, og talet på medlemer går ned. Det endar med at koret legg ned aktiviteten i januar 1981. Men i august 1982 kjem det eit nytt initiativ, der Kristin Flacké Husøy stiller seg til disposisjon som musikalsk ansvarleg og dirigent. Øvingane blir flytta til fredag, og ungdomslaget får dette arbeidsåret ny eittåring, Frode Midttun. No nærast eksploderer interessa, og det kan vere opp i 120 ungdommar samla på Fredheim til øving. Koret får også ei rekke oppdrag.

Magne Grimstad jr. kan fortelje om ei glanstid for tensing-rørsla, med fleire store kor rundt om på Sunnmøre. I 1985 blir det til dømes arrangert Vintertreff i Ulsteinhallen med over 700 deltakarar og med Profil som vertskap for arrangementet. Vaksenleiarane var viktige for det gode miljøet i koret. Hausten 1985 var Arild Myklebust leiar. Dei komande åra var det stor aktivitet, med eigne musikalar og turnéar. I 1988 var Profil Tensing på eit toppunkt. Med Einar Grimstad som dirigent og John Olav Sæter som styreleiar reiser koret til Tyskland i slutten av februar. Då hadde styret, foreldra og vaksenleiar Svein Rødset gjort ein stor innsats mellom anna med å samle inn pengar til å chartre fly frå Vigra til Tyskland. Koret vart godt motteke, og enkelte stader møtte dei eit publikum på over 1000.

I løpet av 40 år har fleire tusen ungdommar vore innom koret. Det er ingen tvil om at tensing har vore ein viktig arena for ungdom i Ulstein og ein stad for både åndeleg og musikalsk utvikling. Ulstein Ten Sing, som koret no kallar seg, er i dag eit av dei største tensing-kora på Sunnmøre (Magne Grimstad jr. 2018).

*

Den 23. mars 1982 var det 100 år sidan presten Anker samla nokre gutar og starta Ulfstens Ynglingeforening. Og i mars 1982 kunne Ulstein kristelege ungdomslag feire 100-årsjubileum i ei heil veke med ulike arrangement. Dåverande generalsekretær Kjell Grønner var invitert. Hausten i jubileumsåret utvida speidarane med fleire patruljar, og KFUM starta opp to ulveflokkar. KFUM-speidarane talde ved årsskiftet 1982/83 i alt 70 medlemer. Lidbjørn Vattøy var leiar for foreininga i jubileumsåret.

I 1983 var det eit nytt jubileum i bygda. Denne gongen var det Ulsteinvik Indremisjon som runda 100 år: – Den åndelege sida har vore og skal vere hovudpoenget for indremisjonen. På dette området må vi framleis ha frimod til å vere einsidige, sa Lars Langnes i attersynet under jubileumsfesten. Heile 300 var samla på Sunnmøre Folkehøgskule. Formann Olav Hofseth ønskte den store festlyden velkomen, Hallbjørg Hop spelte flygel, Inge Røren las dikt, og Ulstein Musikklag hadde fleire avdelingar. Kveldens hovudtalar var generalsekretær Ole Abel Sveen frå Vestlandske Indremisjonsforbund. Mellom dei mange som kom med helsingar, var den nye soknepresten i Ulstein, Atle Hopland. Hopland fortalde at dette var første møtet hans med Ulsteinvik Indremisjon, men han hadde god kjennskap til indremisjonen frå oppveksten i Ålesund. Han hadde med interesse lese jubileumsheftet, forfatta av Kristen Ulstein, som også peiker på motsetningane som har vore mellom kyrkja og indremisjonen opp gjennom tida. Hopland viste til at forgjengarane hans hadde bidratt til å etablere eit godt samarbeid og ville sjølv følgje opp denne linja: – Vi skal få legge historia bak oss og strekke oss framover i lag, var Hoplands ønske. Styret i Ulsteinvik i jubileumsåret var Agnar Dag Ulstein, Johan Sverre Ulstein, Olav Hofseth (leiar), Ottar Nygjerde, Janny Engås, Reidun Røyset og Ingrid Ringstad (Vikebladet).

*

Men det skulle dukke opp flokar i forholdet mellom kyrkja og indremisjonen – og ikkje minst stridsemne i kyrkja internt – i tiåra som låg føre. Dei indremisjons-medlemene som hadde levd nokre år, hugsa til dømes godt helvetesdebatten på 1950-talet og striden om kvinnelege prestar berre nokre år seinare. Striden mellom Hallesby og Schjelderup hadde vist at den liberale teologien hadde fått innpass i kyrkja. Mange i dei teologisk konservative organisasjonane, som indremisjonen, såg det slik at kyrkja ikkje lenger var til å stole på når det gjaldt å stå vakt om skrift og vedkjenning.

Alt i 1928 vart det skipa ei nattverdforeining i Ulstein. Ho søkte om å få nytte småsalen i bedehuset til formålet, og fekk løyve. Foreininga har hatt eigne nattverdmøte heilt til vår tid, skriv Kristen Ulstein i 1983. Etter kvart har Ulsteinvik Indremisjon teke over ansvaret for desse møta. Dei har samla folk som har meint at nattverden skulle feirast berre saman med «venesamfunnet», men òg personar som oppfattar det slik at dei også kan gå til nattverd i kyrkja.

Under overflata var det i tillegg ein strid mellom kven som skulle representere – eller vere talsmenn – for kristendommen her i landet. Det dukka opp ytringar frå toppfolk i kyrkja om at glanstida til lekmannskristendommen var forbi, og det vart ymta om at indremisjonen lenge nok hadde fått bestemme den allmenne oppfatninga om kva som var kristendom. Også i Ulstein reagerte indremisjonsfolk med uro. Då dei fekk to prestar i prestegjeldet, vart det tillyst gudsteneste i Ulstein kyrkje oftare enn tidlegare. I 1971 skreiv styret i Ulsteinvik Indremisjon brev til soknerådet og protesterte mot at kyrkja la gudstenester til søndagar som tradisjonelt hadde vore søndagane til bedehuset (Ulstein 1983). Etter kvart som utviklinga dei siste tiåra har gått i retning av ei såkalla open folkekyrkje, har til dømes Ulsteinvik Indremisjon hatt konkurrerande samlingar søndag klokka 11.

*

I byrjinga av juli 1983 var dei to nye prestane på plass på Hareidlandet. Atle Hopland med flyttelass og familie installerte seg i prestegarden i Ulsteinvik og skulle ta til i tenesta 10. juli. Dag Håland skulle tradisjonen tru bu på Hareid. Hopland hadde mellom anna vore res. kap i fem år i Balsfjord saman med den markante og omstridde Børre Knudsen. Kyrkja i Ulstein var stappfull då soknepresten vart innsett i tenesta. Prost Gunnar Skrede las innsetjingsbrevet, og soknerådsleiar Birger Ulstein ønskte Hopland og familie velkomne.

I februar 1983 konstituerte det nye bispedømmerådet seg, og kateket i Ulstein, Leiv Havåg, vart vald til den første formannen i rådet. Kyrkjelydsbladet i Ulstein var no inne i sin niande årgang og gjekk til om lag 1800 husstandar, 40 av dei utanbygds. Lokalavisa, som frå hausten 1989 vart til Vikebladet Vestposten, kom mot slutten av 1980-talet med ei eiga kyrkjeside, der sokna stod for innhaldet kvar sin laurdag.
I 1983 gjennomførte Ulstein kyrkjekor og Hareid ungdomskor eit stort lyft då dei framførte Händels Messias i begge kyrkjene på Hareidlandet i mars. Leif Sundsbø og Folke Grimstad dirigerte kvart sitt kor. Sopransolist var Hildegunn Saunes Botnen. Sundsbø hadde starta Ulstein kyrkjekor i 1980. Koret hadde no om lag 30 medlemer og tok på seg fleire større framføringar i åra framover. Messias var såleis eitt av fleire storverk som lokale korkonstellasjonar førte fram desse åra. Første søndag i advent 2005 stod Hareid kammerkor og Ulstein kyrkjekor igjen bak framføringa av Messias av Georg Friedrich Händel saman med solistar og musikarar. Mellom solistane denne gongen var Lisbet Brekke Lislevatn og Arild Grimstad. Dirigent for Ulstein kyrkjekor var kantor Ståle Helvig.

*

Så kan Vikebladet slå fast at det nye Fredheim blir ei perle i Ulsteinvik sentrum. Bygget er renovert både innvendig og utvendig. I slutten av mars 1989 vart Fredheim igjen nyopna, huset som i dette året kunne feire 80-årsjubileum, var restaurert for 1,5 millionar kroner og nærare 6000 dugnadstimar sidan 1986. Fredheim fekk også konsertflygel til 40.000 kroner. Pristilbodet var godt, og mykje av pengane samla inn i bygda. Flygelet var på plass i februar 1988.

I 1985 fekk Ulstein kyrkje ny kateket; Elisabet Sundgot tok over for Leiv Havåg som hadde vore kateket i Ulstein sidan 1977. No vart han undervisningsleiar i Møre bispedømme fram til 1993.