Det var Ulstein Historielag som tok initiativet til å hylle Ragnar Ulstein for både krigsinnsatsen og opplysningsarbeidet hans etter siste verdskrigen. Leiar i historielaget Aksel Hauge leia arbeidet og i bystenemnda fekk han med seg Heidi Myklebust, Kjell Garnes, Ottar Kaldhol, Svein Eiksund og Leif Ringstad. Dei gjorde avtale med bilethoggaren Ola Stavseng i Stordal som utførte arbeidet.
Målet var at ei bronsebyste av Ragnar Ulstein skulle avdukast anten i slutten av april 2016, då Ulstein har fødselsdag, eller 8. mai 2016. Bysta vart avduka 16. april 2016.
Ragnar Ulstein er fødd og oppvaksen i Ulsteinvik, men har i sitt vaksne liv for det meste budd i Ålesund, der han har arbeidd som journalist og forfattar. Han har i heile etterkrigstida vore oppteken av å opplyse nye generasjonar om siste verdskrigen, og at det ikkje må skje igjen. Ulstein var medlem av Kompani Linge under siste verdskrigen. Forfattarskapen hans etter krigen om lokale, regionale og sentrale hendingar, og om heltemodige einskildmenneske under krigen, er omfattande.
Det var forsvarsminister Ine Eriksen Søreide som avduka bysta framfor Ulstein rådhus den 16. april i år. Etter talar frå mellom anna Aksel Hauge, forsvarssjef Haakon Bruun-Hansen og forsvarsminister Ine Eriksen Søreide talte Ragnar Ulstein sjølv til folkemengda samla på tusenårsplassen i Ulsteinvik:
– I hjarte og sinn har eg alltid vore ein ulsteining. Sjølv om eg no også er ein ålesundar. Eg vil nytte høvet til å uttrykkje mi store glede over å vere her. Men eg hadde aldri tenkt at eg skulle stå her i denne samanhengen, og få så mange vakre og sterke ord sagt om meg, som eg slett ikkje føler meg verd å høyre. Men eg må berre ta imot og prøve å leve opp til litt av det i den tid eg har igjen.
– Eg er så glad i og stolt av denne bygda. Den livslange kjærleiken som eg har hatt til Ulstein, har kome tilbake til meg i denne bysta her. Det var ikkje slik eg hadde tenkt det, eller slik eg drøymde det, men eg er glad for at det er kome, sa Ulstein ifølgje referatet i Vikebladet Vestposten.
Ragnar Ulstein talte engasjert og klart om fridomen og kor viktig det er å halde på den:
– Som vår statsråd seier, så er vi i ein vanskeleg situasjon. Igjen reiser det seg totalitære system rundt oss. Dei gamle er borte, men der er komne nye til. Det er utfordrande for oss når vi tek inn så mange utanfrå, og vi må få dei inn i det demokratiske fellesskapet. Vi kan ikkje la oss drive inn i mellomløysingar, som fører oss vekk frå fridomen. For fridomen er den søyle som ingen kan røre. For fridomen er slik at han ikkje skal tilpasse seg andre. Andre må tilpasse seg fridomen. Denne utfordringa kjem vi til å møte i generasjonar framover. Då må vi stå fast, sa Ulstein.
Under avdukinga var fleire hundre menneske til stades. Også forsvarssjef Håkon Bruun Hansen talte ved avdukinga. Høgtida starta med at leiaren i Ulstein Historielag, Aksel Hauge, ønskte velkomen og orienterte om bakgrunnen til at historielaget reiste bysta. Han kom inn på alt det Ragnar Ulstein hadde gjort i krig som i fred, der han spesielt har vore ein sterk talsmann for dei som var ute under krigen, og ikkje minst dei som vart sitjande åleine att.
Ulf, Con Moto, Ulstein Mannskor og Ann Cesilie Skundberg deltok i programmet og synte litt av breidda i kulturlivet i Ulstein. Heimevernet og Norske Reserveoffiserers Forbund si deltaking sette ei fin ramme rundt arrangementet
Alt i alt ei særs vellukka høgtid som ikkje minst dei tilreisande gjestene og deltakarane var svært begeistra over.