Oddny møtte bevisst sitt yrke som ti-åring. Dr. Sellevold hadde sin årlege kontroll av skuleborn på Hareid, og då han var ferdig med å undersøkje Oddny Gustava Bigset, slo han fast at ho var altfor tynn. – du skal ha eitt egg, og spise rjome, kvar dag, taus. Pass på det. Det blir to kontrollar i året her hjå meg, heretter. Så tok han henne i hendene, vende på dei, og kommenterte; så smale, nette hender. Dette er jordmorhender, Oddny. Sa dr. Sellevold. Ved kvar einaste kontroll minte han henne på kva som var hennar veg.
– Og sidan sa eg det, når folk spurte, at eg skal bli jordmor eg, når eg blir vaksa, smiler Oddny.
Men nokon lett veg skulle ikkje det bli. Oddny er frå ein utkant i Noreg, i dag som den gong. Men verda var større i Oddnys ungdom, enn den er det i dag. På alle måtar. Vanskeleg var det med pengar og transport, og førre århundre var også ei politisk og ideologisk uroleg tid i europearanes historie. Denne uroa skulle kome til å legge hinder i vegen for Oddny, men kanskje fekk ho også hjelp av nettopp den politiske og teknologiske spenninga som hennar samtid strekte opp for henne som for alle som var ein del av den. For krigen kom og vart del av Oddny sine rammer, midt i hennar ungdoms livsutfalding. Men ho til liks med alle andre, forsøkte tilpasse seg, og ikkje la andre menneskes val og politiske idear stille seg mellom kontrakta ho og dr. Sellevold hadde skrive mangfaldige år før. Ho skulle bli jordmor, ho. Tausungen som hadde vakse opp på egg og rjome, med 6 sysken og ein fødselsskadd bror.
Og slik vart det. Til slutt.
Ho byrja søkje på jordmorskulen som 20-åring. Det var ei utfordring. Det var 1400 søkjarar til 25 plassar fordelt på to inntak. – Eg sende inn søknad to gongar årleg. Og etter to år og fire søknader fekk eg brev frå skulen om at no kom dei til å samordne opptaket, slik at det heretter skulle takast opp studentar berre ein gong årleg, og femti totalt. Javel.
I mellomtida hadde Oddny gått i lære, barnepleie, og barselpleie ved det gamle fødehjemmet i Ålesund. Men som 22-åring fekk ho altså eit tilbod frå Kvinneklinikken i Bergen, der jordmorskulen låg. Ettersom dei skulle legge om utdanninga og gjere den årviss, ville dei få eit semester med lite studentar. Ved KK nytta dei seg av studentane på fødselsklinikken, og slik dekte dei truleg ein del av behovet for arbeidskraft ved sjukehuset. No kom dei med eit tilbod til ein del av søkjarane. Dersom dei ville kome og jobbe gratis eit halvår i omleggingsperioden, skulle dei få plass ved skulen når det årlege opptaket skulle gjerast. Studentane skulle få dekt mat og hus i bufellesskap. Dette tilbodet takka Oddny ja til, og trudde at ein avtale var ein avtale.
I april 1944 kom Oddny til Bergen. Ho hadde reist heile natta, og fekk beskjed om at ho skulle ta si fyrste vakt allereie den komande natta. Oddny synst det var frykteleg lenge å gå og vente! Ho gledde seg til å byrje jobbe, for det var dette ho hadde kjent slik lengt til, i mange år. Endeleg var hennar dag komen. Og no var dei andre allereie i gang, fordi mange hadde kome før henne. Oddny kjende seg tidalaus.
– Den natta gløymer eg aldri. Eg fekk meg litt av ein start. Kvelden var ikkje før komen, før flyalarmen gjekk. Bombing i Bergen! Det betydde stress i befolkninga, og fødande strøymde inn. Mange vart sjuke av redslene rundt bombinga. Det var berre eg og ei eldre jordmor på vakt, og vi fekk fanget fullt, bokstavleg talt. Seks born kom til i løpet av den natta, og du kan tru vi sprang. Det gjekk fint med alle saman. Friske og sterke born var det. Men jammen var det heftig! Når natta var over tok den gamle jordmora meg inn i fanget og klemde meg. – Du verda kor flink du har vore! Du har sett alt kva eg har hatt trong om heile vegen. Ein skulle aldri ha trudd at dette var fyrste dagen din!
Men Oddny hadde jobba på fødeklinikk før. Og ho hadde fått god opplæring. Hennar fyrste erfaringar vart gjort saman med ei jordmor i Ålesund, som hadde vore, -ja, nettopp: overjordmor ved Kvinneklinikken i Bergen. Ho hadde teke med seg alle rutinane til Ålesund, og lagt dei i Oddnys fang. Fruktene av det arbeidet kom den gamle jordmora og dei splitter nye bergensarane til gode denne skrekkelege bergensnatta for eit halvt hundreår sidan.
– Det var godt å ha fått slik ein god start! Jordmora vart min venn heile det halvåret eg jobba der.
Men desse 25 arbeidsstudentane som skulle avhjelpe jordmorskulen og Kvinneklinikken i omleggingsfasa, jobba ikkje berre. Dei fekk fylgje undervisning når det høvde, i barselpleiefag i tillegg til jordmorundervisninga. Når semesteret var til ende, avla dei eksamen på sommaren. Dei var ein fire-fem jenter som jobba svært godt saman, og alle fekk dei Utmerket godt som var beste karakter, i alle emne dei vart prøvde i. Oddny var ei av dei. Likevel fekk ho ikkje plass på skulen ved opptak. Berre fire av dei 25 som hadde jobba ved klinikken dette halvåret vart tatt opp, og dei som hadde gymnas eller anna skulegang vart favoriserte.
– Eg måtte reise heim. Eg var ufatteleg lei meg. Dette kunne eg ikkje forstå! Kvifor måtte eg reise heim når eg hadde fått så gode karakterar? Dessutan var det krig, og det var vanskeleg å få far heim. Eg kjende meg fortvila. Korleis kunne dette kome til? Eg som hadde jobba så målretta og godt, skulle altså ikkje få denne mulegheita likevel? Kva skulle eg då måtte gjere? Betre resultat var ikkje mogleg. Eg synst det var så urettferdig. Sjølv om dei andre hadde gymnas og anna skule var dei ikkje nødvendigvis betre egna enn oss som ikkje hadde det… Så var det vel berre slik livet var. Eg skulle altså heim.
Det var også ei utfordring. Far heim. Krigen gjekk inn i ei meir intens fase, med større grad av aktivitet etter landgangen i Normandie i juni 1944, og engelskmennene var igjen og i langt større grad enn tidlegare aktive langs norskekysten. Særleg intens var den britiske aktiviteten i området rundt Bergen, og britane si bombing av Laksevåg, og det tyske ubåtverftet, som kom til å koste mange sivile norske liv.
Oddny kom seg likevel ut. Ho fekk skyss med ein båt som skulle med skuleborn til Nordfjordeid. Ungane skulle ut av byen og skjermast frå bombing og elende. Midtvegs vart båten gjort til gjenstand for merksemd av britiske fly. Dei sirkla over båten, og forsøkte nok å avgjere kva type last det var snakk om. Kapteinen og alle andre om bord vart stressa av flyas sirkling, fordi ein visste at i krig var det det overordna målet som gjaldt, og spelereglane var alltid annleis enn ein kunne forvente. Britane bomba også sivile norske mål om det var det som kravdest for å slå fienden. Kapteinen visste han hadde dyrebar last, han visste nok også kva han risikerte, men store valet hadde han knapt. Han kommanderte alle borna ut på dekk, og også Oddny, sidan ho reiste i søsteruniforma si. Kapteinens håp var at pilotane skulle sjå borna og tenkje seg nøye om før dei avgjorde båten og menneskas skjebne. Dei tok si tenketid pilotane, som reiste og kom att tre gongar, før dei til slutt trekte dei konklusjonane som sikra alle om bord livet også den dagen. Ungane hadde ikkje vore redde. Dei frykta berre dei tyske flya, men dei vaksne visste ei anna historie, og om ikkje angsten vart målboren, kjende dei den alle.
– Då eg endeleg var komen til Eid, vart den neste utfordringa å kome seg vidare til Sunnmøre. Eg fekk nyss i at det gjekk ein buss, men ingen utan førehandsinnkjøpt billett fekk plass. Ein ung gut som eg kjende att frå Bergensbåten hekta meg under arma, og spurte buss-sjåføren om han verkeleg hadde tenkt å la ein ung mann måtte reise utan kona si? Og slik fekk eg likevel plass, og kome meg heim.
Det var godt å leggje seg, sjølv om alle skuffelsane og spenningane etter reisa fylte ein sliten kropp og eit trist sinn. Men slik er nokre gongar livet, at det snur på ein femøring. Før eg hadde rukke vrenge augneloka neste morgon kom far min og rista liv i meg.
– Det er telefon til deg Oddny, frå Bergen. Du må stå opp!
– Frå Bergen?
Visst var det frå Bergen. Det var overjordmora som hadde teke saka i eigne hender. Fire hadde fått topp- karakterar og dei same fire hadde vorte heimsende. Ho hadde kontakta overlegen med klar melding: dette går ikkje an!
Og med slik kom det seg altså til at Oddny likevel skulle få bli jordmor. Beskjeden var at ho skulle kome attende til Bergen så fort ho berre makta. Denne gongen reiste ho med tog om Oslo. Og som om ikkje gleda over å få reise var stor i seg sjølv, så traff ho kjente på toget til Bergen. Det føddest livslange vennskap denne ettermiddagen over fjellet. Dei tre andre jentene som saman med Oddny hadde funne saman i hardt arbeid og trøst over urettvisa, og som hadde reist slukøra heim, fekk no dele gledene over det gode som livet no likevel skulle ta dei hen imot.
– Skulen vart ei lærerik tid, med knappe gode. Maten var på huset, men elles kosta det pengar å bu i Bergen. Oddny minnest at det kosta tjue øre med trikken frå Haukeland og ned til sentrum. – Det var pengar eg ikkje hadde, så det vart til at eg gjekk.
Eg undrar meg på kvar ho fekk pengar frå til å gå på skule. Krigen ga knappheit på alt, ikkje minst pengar. Det må ha vore ei utfordring å skaffe dei, og ikkje minst forvalte det ansvaret ein pådrog seg ved å setje pengar på slikt i vanskelege tider. Men det mangla ikkje på mot. Og det kan eg tru. Når eg ser på henne no der ho sit i stolen og fortel så openhjertig om livet sitt, tenkjer eg at ho er viljesterk, og har tru på eigne evner. Det stadfestar ho sjølv gjennom forteljingane som skal kome, om hennar liv og virke for alle ufødde born og fødande kvinner som i Ulstein skal få møte sine livs mest krevjande stunder saman med jordmora. Fleire generasjonar fødande hjelpte ho gjennom krevjande timar og for enkelte: dagar, og sørga for at Ulstein vart ein av kommunane i heile fylket der dødsfall og skader ved fødsel låg langt under det statistikkane tilsa var normalen andre stadar. Kanskje har ulsteiningane og Ulstein kommune mykje meir å takke denne kvinna for enn ein har brukt tid til å reflektere over?
– Pengar lånte eg av far min. Tusen kroner kosta det. Og det var mykje pengar den gong. Men eg betalte han dei attende, etter at eg var koma i arbeid.
Det vart ei god tid på skulen. Opplegget bestod i å arbeide mykje. Det var ein kjempefordel, hevdar Oddny.
– Vi jobba heile tida, men stod fritt til å planlegge og fylgje undervisning. Jordmødrene puffa heile tida på for at vi skulle ta undervisningstimar, så her hadde praksis og teori ein balansert status. Deltok vi på timane, stod vi heller lenger att på kveldane for å kompensere for tapt arbeidstid. Når det oppstod ekstraordinære situasjonar på fødestova om nettene, kom jordmødrene og henta oss for at vi skulle få trening. Mange var trøytte og avstod frå tilbodet nattestid, men eg stod alltid opp og fekk med meg setefødslar og tvillingfødslar. Berre ved keisarsnitt kunne eg sove over. Det ville likevel ikkje bli mitt ansvar, utan at legen måtte forestå dette på sjukehuset, i det som skulle bli mi arbeidsmark.
Dei fire unge kvinnene vart ferdig utdanna ved Kvinneklinikken i Bergen i 1945.