I 1814 var det berre nokre få såkalla lærde skular her i landet. Det var rett nok katedralskular i dei fire største byane og «borgarskular» i tre av dei. Og landet hadde fått sitt eige universitet året før. Først i 1861-åra kom det til og med borgarskule i Ålesund. Men i praksis var desse skulane ikkje aktuelle for ungdom frå Ulstein.

Det var i det heile sjeldan at born frå allmugeskulen på landet gjekk vidare på den lærde skulen. I 1837 kom det 295 gutar frå landsbygda til den lærde skulen – det vil seie 16 pr. 10.000 born i skulepliktig alder.

I 1880 skriv futen på Sunnmøre i ei melding til Amtmannen at «det er meget almindeligt, at Almues­børn gjennem privat Undervisning, ved Indtrædelse paa Seminarier eller Underofficersskoler og (de yngre) paa Amtsskoler søges bibragte en høiere Undervis­ning.» Dette var nok sterkt overdrive. Så seint som på 1950-talet gjekk meir enn 2/3 av dei som avslutta 7.klasse direkte ut i arbeidslivet.

Biletet til høgre: Det er ikkje så lenge sidan det berre var eit lite mindretal som gjekk vidare på gymnaset eller studerte ved høgare lærestader. (Vikebladet 1966)

Folkehøgskulen, amtskulen og kristelege ungdomsskular

Ideen til folkehøgskulen kom frå Danmark. Der hadde presten og diktaren N.S.F.Grundtvig starta ei rørsle for ei livsglad og medviten kristendomsform. Skuleslaget han vart far til, var ein reaksjon på den stive latinskulen, der pugging og lærarfrykt hadde utarta i reine meiningsløysa. I folkehøgskulen skulle dei unge lære seg å tenke sjølve, dei skulle få eit vidare utsyn og høve til å utfalde seg gjennom samtale og kulturytringar. Skulen retta seg mot 17-18-åringar som alt hadde skaffa seg litt livsrøynsle.

Den første folkehøgskulen i Danmark vart opna i 1844. 30 år seinare var det 35 folkehøgskular i drift i Noreg. Den mest kjende var Chr. Bruun sin folkehøg­skule i Sel i Gudbrandsdalen. Folkehøgskulane kom til å spele ei viktig rolle for fremje frilynt kristendom, venstrepolitikk og målsak. Skuleslaget skulle først og fremst «begeistre», skreiv Bruun i «Folkelige Grundtan­ker» – og slik vart det.