Det utvikla seg ei ny lærar-rolle. I åra frå 1860 og fram til unionsoppløysinga undergjekk det norske samfunnet ei voldsom utvikling. Lærararane var faneberarar for den utviklingsoptimismen som rådde. Dei var dei viktigaste pådrivarane og opinionsdannarane på bygdene – både på det kulturelle, det politiske og det økonomiske området. Dette var lærarstanden si stordomstid.
Lærarane var som oftast radikale – dei var grundtvigianarar og Venstre-menn. Og dei hadde ei nesten religiøs tru på folkeopplysningstanken. Det sterke engasjementet som dei hadde fått med seg gjennom utdanninga, strekte seg langt utover skulestova. Det var lærarar som gjorde opptaket til det meste av lag og foreiningar. Som ihuga Venstre-folk, kom dei til å dominere både i kommunestyret og på Stortinget.
Misjonsforeininga i Ulstein (1846) var også den første på Sunnmøre. Sokneprest Wraamann tok initiativet, men det var lærarane som skaffa medlemar. Etter sterk agitasjon kom medlemstalet opp i 189 frå Ulstein – nesten berre menn. Men foreininga vart klart prestestyrt og lærarane, som var lekmenn, heldt elles ikkje nokon høg profil.
Lærarane var meir aktive på det kulturelle og verdslege området. Då. Ulfstens Sogns Spareforening, seinare Ulstein Forbruksforeining, vart skipa 28.desember 1872, var det Martinus Bjørndal som hadde ført lovene i pennen. Han var også styreformann frå 1878 til 1900. Frå starten var dette eit radikalt kooperativ-tiltak, men seinare vart foreininga omgjort til handelsselskap. Frå seinare tid bør skulestyrar Hans Dragsund nemnast. Han var mellom anna formann i styret for Ulstein nye Sparebank frå 1927 til 1960.
Også i lokalpolitikken var lærarane aktive. Ein svært høg prosent av dei tok sin tørn i heradstyret og i kommunale utval. Lærar Nils Nedrelid var den første ikkje-geistlege ordføraren i Ulstein (1842-43). Året etter tok Martinus Overaa over. Han var ordførar i tre periodar. Elles merkar vi oss Martinus Bjørndal og Knut Ertesvåg på ordførarlista. Dei to heldt i klubba i 14 og 11 år.
Karl Hatlemark skipa det første songkoret i Ulstein i 1874. Han var lenge ein av pådrivarane i song- og musikklivet, I 1876 leverte han taktstokken til Augustin Buset. Det var Hans B. Osnes som gjorde opptaket til musikkforeininga «Ulv» i 1893. Seinare dirigerte Enok Hasund. Alle var lærarar.
Før århundreskifte var lærarane mellom dei få som abonnerte på aviser. Difor var lærarane mykje nytte som innleiarar og dei var flinke til å setje dagsaktuelle spørsmål på dagsorden.
Det som i dag er Ulstein kr. Ungdomslag (skipa 1882) vart på mange måtar folkeopplysnings-emmisærane sin viktigaste arena ved sida av skulen. Her kunne dei fylgje opp dei fleste av elevane etter at dei var konfirmerte. Både Martinus Bjørndal og Augustin Buset sat i det første styret. Seinare sat Johs. Lynge i styret i mange år og Olaus Alme var den første ikkje-geistlege formannen i laget frå 1901.
Programmet i foreininga passa lærarane som hand i hanske. Her bles venstrevinden, her var det spennvidde og rom for initiativ og nytenking. Kultur i form av song, musikk og opplesing, gjekk hand i hand med «opbyggelse» og foredrag om praktiske, politiske og tidsaktuelle tema. Innanfor foreininga var det arbeidslag som arbeidde for ei rad ulike saker: «Hedningemisjonen, sløid, fiskeri, jordbrug, maalsagen, sømandsmisjonen, Israelsmisjonen, dyrebeskyttelsen, skogsagen, sang og musik, og industri.» Det var fleire døme på at lærarlaget og ungdomsforeininga saman la politisk press på Heradstyret. Dette skjedde både når det galdt skogplanting og målsak.
Også i «Ulfstens forening for indre mission» (skipa 1883) sat Bjørndal, Buset og Alme i styret. Her spela lærarane ei meir tilbaketrekt rolle, men dei var særleg med på å bere det sterke sosiale engasjementet. Foreininga tok initiativ til både «kirkelig fattigpleie» og aldersheim. På eit samtalemøte i 1889 peika Johs. Lynge på at dei gamle på kår slett ikkje alltid fekk den omsut dei trong og hadde krav på. I innleiinga si gjorde han gjorde framlegg om å bygge ein gamleheim. Det var framsynte tankar, for på den tida fanst ingen gamleheimar på Sunnmørsbygdene. Noko liknande fanst knapt elles i landet heller, forresten. Heimen sto ferdig to år seinare og var i drift til 1953.
Dette var berre nokre døme på optimismen som rådde og lærarane si sentrale rolle i ei blomstringstid. Foreininga fekk etterkvart livssterke avleggarar også utanfor sentrumskrinsen. Det ville føre altfor langt å ramse opp alt lærarane gjekk i bresjen for. La oss berre slå fast at lærarar har hatt ei hand i det meste – ofte heilt opp til i dag.
Lærarane sin sjølvoppofrande innsats for folkeopplysning bar snart frukter. Utdanningsnivået vart heva og dette svekka etterkvart lærarane sin posisjon. I dag har læraren vorte ein underordna mønsterplanfunksjonær og ein god prosent av foreldra har like god utdanning som læraren. Samstundes har moderne massemedia for alltid gjort slutt på lærarstanden sitt kunnskapsmonopol.