«Forordning om Skolerne paa landet» frå 1739 fastsette 5 års skuleplikt – frå 7. til 12. leveåret. Men dei to siste åra var det nok at borna møtte opp hjå skulehaldaren eit par gonger i vinterhalvåret for å repetere. I fylgje lova skulle borna dei 3 første åra ha 6-8 timars undervising kvar dag i tre månadar kvart år. Økonomiske tilhøve, lite interesse for bokleg lærdom og lærarmangel gjorde at det berre var dei heldigaste som fekk så mykje skule dei første hundre åra.
Heller ikkje denne delen av lova vart fylgd opp i praksis. Prosten på Søre Sunnmøre, Peder Nerem, skreiv i 1770-åra at borna fekk 5-6 veker skule i året. Mange stader vart det nok mindre enn det. I Borgund til dømes fekk borna berre 2 skuleveker.
Vi veit ikkje sikkert korleis det sto til i Ulstein. Rapportar soknepresten har skrive, tyder på at lærarane skulte heile året og fekk løna dei hadde krav på. Etter at dansketida var slutt, gjennomførte styresmaktene ei undersøking av skulestellet. Frå Ulstein blir det antyda at det etterkvart vil bli naudsynt med ein lærar til. I 1820 skriv biskop Pavels at skulen i Ulstein «findes så vel indrettet at derved ingen forandring for nærværende kan ønskes eller forvæntes».
Den nye skulelova frå 1827 innførte skuleplikt for alle frå borna var 7-8 år gamle til dei blei konfirmerte, men framleis kunne borna vere borte frå skule dei 2-3 siste åra dersom dei måtte arbeide heime. Skulen skulle vare minst 2 og helst 3 månadar i året. Ei undersøking frå 1837 viser at det gjekk lenge før også denne målsetjinga blei fylgd opp i praksis. Då fekk gjennomsnittseleven undervising 47,5 dagar i året. Borna i omgangsskulen på landet, slik som i Ulstein, fekk minst undervising, medan elevar ved dei faste skulane i byane fekk mest.
Landsskulelova av 1860 vidarefører og presiserer minimumskrava. Borna skal no gå på skule frå det året dei fyller 8 til dei vert konfirmert – minst 12 veker i udelt og minst 9 veker i delt skule kvart år. I Ulstein heldt ein seg til krava. Skulen var gjerne innom tre gardar i kvar krins og det vart skult fire veker på kvar stad.