Allmuge var eit negativt lada ord. Det bar med seg signal om fattigdom og mangel på «dannelse». Allmu­geskulen var ikkje berre skulen for allmugen. Nei, embetsmennene og borgarskapet var opptekne av å halde på klasseskilja. Dei ville bruke skulen til å sikre at allmugen aldri blei noko anna enn allmuge. Difor fekk born av allmugen andre lærebøker og anna undervising enn embetsmannsborn. Dei radikale poli­tiske ideane, som fekk slik grobotn på Austlandet i 1840- og 50-åra, førde også til eit ynskje om å få fjerne allmuge-stempelet frå skulen.

Seminaristen Ole Vig blir rekna som far til folkesku­len sjølv om han døydde i 1857 og folkeskulen ikkje vart innført før i 1889. Vig var med andre ord ein pedagog langt føre si eiga tid. Han ville ikkje berre ha ein skule for heile folket, han var også kritisk til faga og arbeidsmåtane i skulen. Han ville ha mindre «Udenad­læsning» og «tør Begrebsudvikling» – og meir vekt på det nasjonale, på morsmål og historie. Borna skulle ikkje berre gjerast skikka til å leve i den kristne kyrkja, men også i eit borgarleg samfunn. Ole Vig var i åra 1852-56 sekretær for Selskabet for Folkeoplysnin­gens Fremme og redaktør for tidsskriftet Folkeven­nen. Han redigerte også «Den norske Folkeskole» – tittelen var i si tid eit provoserande politisk progam i seg sjølv.

Biletet til høgre: Hartvig Nissen var ein av dei fremste pådrivarane for ein betre skule på 1800-talet.