Innføringa av faste skulerom førde også med seg eit nytt læremiddel: veggtavla. Dette var nok det eine læremiddelet som i sterkast grad påverka undervisningsformene. Etterkvart kom det også eit rikt utval i plansjar og dette læremiddelet høvde også godt til den nye måten å undervise på.
Kristendomsfaget var sjølvsagt også det faget som først vart utstyrt med «moderne» læremiddel. Dei første veggkarta kom i bruk her i 1830. Det første veggkartet var gjerne eit kart over «Jødeland». Så kom plansjar som synte viktige hendingar i bibelsoga. Etterkvart vart plansjane trykt i fargar og som oftast var det dei første fargebileta elevane hadde sett.
I vekselskulen si tid vart det utvikla seriar av stave og rekneplansjar – som også var i bruk mange tiår seinare. Etter 1860 ga Kyrkjedepartementet statsstøtte til utvikling av nye læremiddel. Seminar-utdanna lærarar var opptekne av det såkalla «anskuelighetsprinsippet». Elevane skulle så langt råd var sjå, ta på eller oppleve det som vart omtala. Når det var uråd å ta tingen inn i klasseromet, kunne eit bilete vere ei god erstatning.
Når ein les inventarlista for skulen i sentrumskrinsen, slår det ein kor lite læraren hadde å hjelpe seg med. I 1860-åra hadde ein framleis berre veggtavla og dei gamle stavetabellane. I 1867 vart det kjøpt inn ein «Globus med Futeral» og eit «Vægkart over Auropa». I løpet av 70-åra vart derimot kjøpt inn over 60 plansjar og kart. Også når det gjeld lærebøker og hjelpebøker er det dårleg stell før nærmare århundreskiftet.
Frå Haddal skule i 20-åra hugsar Knut V.A. Ringstad at dei hadde eit tellarium, «elles var det ei elektrisitetsmaskin og dertil ei kule som smatt gjennom ein ring, men vart kula oppvarma, vart ho liggande oppå ringen. Finurlege greier, ser du. Elles var det kart, plansjar frå flora og fauna, og med motiv frå Bibelen, slike som Kain og Abel, Josef i brunnen og syndfloda. Eg hugsar kor syndarane kleiv og kneip seg fast i tre og bergknattar og slikt forefallande, mens arken seilte i lett bris.»
Det var stor ulikskap mellom læremiddelutvalet på ein byskule og på landsbygda. I byane hadde ein alt på midten av 1800-talet bygd opp velfylte materialrom, ein hadde fleire spesialrom for undervising i til dømes naturfag og lærarar som hadde spesialisert seg i visse fag. Denne kløfta vart ikkje utjamna før ved innføringa av 9-årig skule.