Det nye skulelova som vart vedteken av Stortinget i 1827 stilte opp ei rekkje minimumskrav for skulen. Eit av krava var at det skulle vere minst ein «fast» skule i kvart prestegjeld anten i eigne skulebygg eller i leigde lokale. Kyrkjesongaren (klokkaren) skulle vere lærar i den faste skulen. Skulestellet skulle styrast av ein lokal skulekommisjon med prosten (dersom han var tilstades) eller presten som formann.
I Ulstein var det sokneprest Andreas Hofgaard Winsnæs som i første omgang hadde ansvaret for å fylgje opp lova – både som formann i skulekommisjonen til 1843 og som den første ordføraren i Ulstein kommune frå 1838 til 1841. Han var opplysningsmann og var svært interessert i skulen. Winsnæs starta boksamlingar og skipa til leseselskap, møtte ofte opp og høyrde på undervisinga der det var omgangsskule og gjorde ein stor innsats for å gi lærarane betre opplæring. Men helsa var dårleg, og dette hindra han nok litt i å drive igjennom det han trudde på.
Bergensbispen Neumann var også sterkt interessert i skulen og han pressa på for å få til ein «fast» skule når han var på visitas. Allereie i 1827 hadde prost Münster i Herøy og sokneprest Winsnæs blitt samde om at Hovset ville vere ein høveleg stad for ein fast skule. Men det var ikkje hus på garden som høvde. Då prost Thoresen overtok i Herøy, ville han heller ha skule på Hareid.
Det var også eit hinder at «gamleklokkaren» Johannes Hovlid var klokkar i heile soknet. Han var gammal og kunne ikkje gå inn som skulemeister i den nye skulen. Først då han døydde i 1835, kom det litt meir fart i arbeidet, sjølv om det skulle kome til å dra i langdrag.