Hans Gisle Holstad frå Hareid kom til Hødd hausten 1964 og vår såleis med på oppkøyringa til det som skulle bli den første sesongen i den såkalla gullalderen, 1965, og det direkte opprykket til toppdivisjonen då. Hans Gisle hadde spelt på Hareid. No hadde han lyst til å prøve seg på eit høgare nivå.
– Kjetil er tre år eldre enn meg. Då eg var smågutespelar, høyrde eg folk på Hareid snakke om ein gute- eller juniorspelar på Hødd som for det første var veldig god, men det spesielle var at han gjekk opp i lyngen ovanfor bana etter kampen og gret – når laget hans ein sjeldan gong tapte. Eg meiner dette viste alt då at Kjetil hadde eit spesielt velutvikla vinnarinstinkt – og ei sterk lyst til å vinne. Det hadde han alltid, så lenge eg spelte saman med han og har kjent han, ein indre driv – trass i sitt audmjuke og stillferdige vesen, fortel Hans Gisle.
– Korleis var det å kome til Hødd utanfrå?
– Eg vart veldig godt motteken. Det første eg merka på trening den første vinteren, var ein veldig temposkilnad i forhold til det eg var van med frå Hareid. Tempo og tøffheit på trening. Eg hugsar at bror til Kjetil, Hallbjørn, meia meg ned i ein duell etter at eg hadde brukt litt for lang tid med ballen. Så det vart ei bratt læringskurve, smiler Hans Gisle.
Det var rivalisering mellom Hødd og Hareid då som no – og mellom kommunane. Det fanst folk på Hareid som meinte at ein hareidsdøl aldri ville kunne spele seg inn på Hødd. Slik gjekk det ikkje. Men brandølingen Finn Sindre Eliassen debuterte på Hødd i mai 1964. Hans Gisle kom inn i den tredje seriekampen i 1965 – mot Bryne. Då kom han inn på vingen og scora eit mål. Etter det var han nokså fast, først som spiss/angripar, seinare på midtbanen, før han dei siste sesongane fram til og med 1972 – spelte midtstoppar saman med Martin Roald. Eit par som utfylte kvarandre flott.
– Det var ein ting eg oppdaga då eg byrja å trene med Hødd, som eg ikkje var van med frå før. Eg la merke til det at når eg kom på trening, så var der alltid ein gjeng som hadde møtt opp ein halv time eller ein time før treninga starta, hadde skifta på seg og gått ut på bana for å drive skottrening, innlegg og avslutningar i ulike variantar. Det gjaldt ikkje alle spelarane, men nokre, og Kjetil var mellom desse. Dette viste seg å vere vanleg; ofte konkurrerte dei med kvarandre i desse ekstratreningane. Dette var nytt for meg, og så viste det seg at dei same spelarane ofte også stod igjen etter at fellestreninga var slutt, slo innlegg, heada og skaut. Dei hadde gjerne med seg ein keeper òg. For desse spelarane vart treningane dermed mykje lenger enn den halvannan timen som fellestreninga varte. Eg reknar med at Kjetil også trena utanom dette – individuell trening på eiga hand, konkluderer Hans Gisle.
– Kjetil likte å trene. Men eg oppfatta det slik at han ikkje var veldig begeistra for å varme opp utan ball, springe og tøye. Han var mest oppteken av ballen, spele fotball, trene med ball. Men sjølv om han ikkje likte å tøye eller varme opp, var det sjeldan han fekk strekk – eller var skadd elles.
Hans Gisle fortel at han fort såg at Hødd-gjengen var ei gruppe gode fotballspelarar, som kjende kvarandre godt og var samspelte. Han oppfatta også raskt at det var som ei uformell rangordning spelarane imellom, og at nokre av trenarane lytta til dei uformelle leiarane mellom spelarane.
Det var ikkje nødvendigvis noko negativt. Fleire av trenarane var jo meir eller mindre sjølvlærte, og eg trur ikkje laget tapte noko på at dei lytta til talsmenn for spelarane. Det fungerte for Hødd, konkluderer Hans Gisle. Han meiner dei uformelle leiarane var spelarar som Kjetil og Hallbjørn Hasund – og Jon Gjerde. Dette var då også spelarar som i 1965/66 hadde fått nokså mykje erfaring og rutine. Spelarar som var nye på laget, fekk også seie det dei meinte, sjølv om det ikkje vart lytta til like mykje. Hans Gisle meiner rangordninga kunne vere med på å skape ro og tryggleik.
At denne rangordninga også smitta over på det som skjedde på bana, slik at det kanskje var enkelte spelarar som fekk utfalde seg meir enn andre, meiner Holstad var meir negativt for laget. Kanskje kunne det attpåtil vere slik at Hødd tapte kampen på grunn av dette.
Sjølv vart Hans Gisle ofte nytta som såkalla frimerke. – Frimerketaktikken vart ofte nytta mot Kjetil i 1965/66. Han viste seg som den farlegaste og ofte beste spelaren på Hødd, og fekk ofte omtale i rikspressa. Såleis var klubbane obs på han, og lurte naturlegvis på kva dei skulle gjere mot Hødd, ikkje minst på lagets heimebane i Ulsteinvik. Kjetil var uortodoks, hadde bra teknikk, og sjølv om han ikkje var veldig rask, var han berykta for raida sine, spesielt når han gjekk på tvers – og så vinkla skota knallhardt frå distanse. Kjetil var også flink til å gjere seg spelbar, og plasserte seg alltid klokt framfor mål. Det gjekk etter kvart gjetord om Hødd og om han som bøtta inn mål nærast på bestilling. Såleis vart han ein av dei første spelarane som fekk merke frimerketaktikken. Vi likte det naturlegvis ikkje, men svarte med å bruke same taktikken sjølve – for å nøytralisere den beste spelaren hos motstandaren, seier Hans Gisle.
Då Kjetil byrja å bli god, var det mange klubbar som jakta på han. I dag ville ein slik spelar nærast vere jaga vilt av agentar og ulike storklubbar. Etter at han også kom på landslaget, var namnet Kjetil Hasund på alle lepper. Men også på 1960-talet var det mogleg for ein gut frå ein liten klubb å gjere karriere hos større klubbar. Storklubbar som Rosenborg, Lyn, Vålerenga og Strømsgodset hadde Kjetil i kikkerten. Men den einaste klubben Kjetil nokon gong spelte for utanom Hødd, var Steinkjer. Men det var medan han var der i det militære hausten 1962. Han spelte nokre kampar for laget som var eitt av dei beste i landet. Den gongen forstod ikkje Steinkjer-leiinga kva for talent dei hadde hos seg, dei tilbaud han ikkje å bli verande. Då klubben fem år seinare ville kjøpe han tilbake, svara Kjetil nei takk. I staden valde han kameratane i Hødd og heimbygda. Han gifte seg også etter kvart med Elisabet Utgård frå Hareid, og dei stifta familie i Ulsteinvik.
– Det slo meg sterkt kor audmjuk og lojal Kjetil var i forhold til heimbygda og klubben. Han viste ein veldig lojalitet. Han hadde ingen ting imot å spele for Hødd. Eg trur det hadde med verdiane hans å gjere. Dessutan hadde det jo status å spele for Hødd også. Både klubben og spelarane hadde ein sterk posisjon både lokalt og nasjonalt. Men med tanke på landslagskarrieren kunne nok Kjetil ha tent på å spele for ein større klubb, trur Hans Gisle Holstad.
I jubileumsboka som Arne Flatin skreiv til Hødd sitt 75-årsjubileum i 1994, eit år då fotballaget elles vann 1. divisjon og rykte opp til eliteserien, har forfattaren eit lite kapittel som han kalla «Hødd-tælen». Her stiller han spørsmålet kvifor Hødd var så gode i gullalderen frå midten av 60-talet og dei neste 6-7 åra. Flatin meinte at spelarane på dei fleste andre konkurrentlaga var betre teknisk enn høddspelarane. Men det Hødd mangla i teknikk, tok dei att med innsats og kondisjon. Hødd gav aldri opp uansett kor dystert det kunne sjå ut. Hødd-tælen vart eit omgrep, og Flatin meiner det var hovudgrunnen til at laget greidde seg så godt. Han legg til at dei sjølvsagt også var bra fotballspelarar, at dei var godt samspelte og at kameratskapet var sterkt.
Hans Gisle Holstad er ikkje usamd i at Hødd hadde ein styrke med omsyn til kondisjon og dermed evne til å kjempe. Han viser mellom anna til engelskmannen Ron Meads som kom til Hødd i 1970, men berre fekk trene laget ein halv sesong. Han fann aldri ut av det med Hødd-kulturen. Hans Gisle seier det slik: – Meads var ikkje van med den tøffe kondisjonskulturen som var i Hødd. Han forstod ikkje korleis vi hadde prioritert tøff kondisjonstrening gjennom alle desse åra. Høddspelarane var på den tida betre trena ressursmessig enn dei andre laga. Det gjorde at vi kunne springe meir og overleve i den øvste divisjonen.
Denne skribenten vil for eiga rekning legge til at Hødd slett ikkje var uefne teknisk, ikkje minst i 1965/66-sesongen. Både Hallbjørn og Kjetil Hasund var gode teknisk, og ein spelar som Magne Fylling var ein underhaldningsartist av dei sjeldne. Måten han behandla ballen på, overgjekk det meste av det vi den tida såg på norske fotballbaner. Hans Gisle seier dette om saka: – Magne og Kjetil var parhestar. Du skulle kanskje tru at dei var rivalar, men det var dei ikkje. Dei utfylte kvarandre på ein fortreffeleg måte. Magne var teknisk briljant og hadde ein fin pasningsfot. Med godt blikk for spelet var han ein god tilretteleggar, sjølv om han også scora ein del mål, gjerne i tronge situasjonar, som den feinschmeckeren han var. Også Hallbjørn var ein god tilretteleggar. Han var elles ein bjørn på bana både offensivt og defensivt. Han ofra seg – og stod fram som eit døme for dei andre spelarane, seier Hans Gisle Holstad, som meiner Hødd den tida var flinke til å sleppe fram unge, lokale talent. Dei fekk ofte tidleg prøve seg på A-laget, gjerne i situasjonar der anten Hødd låg kraftig under, eller hadde ei solid leiing.
Når vi spør Hans Gisle om det er ein kamp han hugsar spesielt godt, så landar han på bortekampen mot Lyn våren 1966. Ikkje sjølve kampen, men forspelet: – Lyn hadde ikkje rekna med særleg stort publikumsinnrykk, og berre ein av portane på Ullevaal var open. Men publikum strøymde til og heldt på å bryte ned portane. Arrangørane hadde undervurdert populariteten til det gjestande laget. Heile Bygde-Noreg identifiserte seg den gongen med Hødd og ønskte at det skulle gå godt med oss. Det var ei artig tid, avsluttar Hans Gisle Holstad.