I starten av august 1961 var asfalteringa av Ulsteinvik sentrum ferdig i denne omgang. Kostnaden vart delt med to tredjedelar på kommunen, ein tredjedel på staten. Samtidig hadde nokre private nytta høvet til å få asfalt framfor eigedommane sine, mellom desse Servicestasjonen og Ulstein samfunnshus. Haldeplassen var mykje utvida, og det skulle merkast opp parkeringsplassar for bussar, godsvogner og drosjer.

Arbeidet på riksveg 600 gjennom Hareidsdalen gjekk våren 1961 for fullt. Snart var det samanhengande ny veg frå Rise-kufella til Bjåstad. Vegbreidda fremst på Rise hadde blitt 8,5 meter, men seinare hadde dei gått over til ei breidde på 7,5 meter. Vegen vart no asfaltert, og då arbeidet vart avslutta for året i august, hadde dei lagt asfalt på om lag 1,7 kilometer. I september 1962 var det kome asfalt ned til brua på Grimstad. Snart var heile Hareidsdalen asfaltert frå kufella og ned. No flytte vegarbeidarane aktiviteten sin fram i steinbrotet i Fjellsbrekka, der dei skaut ut stein og mol til singel. Og i mai 1966 starta asfalteringa av den nye riksvegen over Eidet, frå Rise og nedover mot Høddvoll-området.

I 1961 vart det frakta 19.436 bilar med ferja Hareid-Brandal-Ålesund, mot 17.290 året før. Ruta Hareid-Sulesund, som vart oppretta i mai 1961, frakta 3128 bilar. Passasjertalet på Ålesund-ferja var vel 85.300, medan Sulesund hadde 7200.

I juli 1961 vart det kjent at Hatlø Verksted hadde fått i oppdrag å byggje det lokalavisa kalla den nye superferja til MRF. Vedunderet skulle trafikkere Hareid-Ålesund. Då Møringen vart levert den 20. juni 1962, var ferja sertifisert for 40 bilar og 399 personar. Ho var den til då største ferja i MRF og var på plass i ruta til Ålesund hausten 1962. I dette sambandet var passasjertrafikken ekstra stor, og som ei av dei første MRF-ferjene vart Møringen bygd med ein stor salong også på båtdekket. Kapasiteten skulle likevel bli i minste laget. Møringen var også den første ferja med løftebaug. På denne tida hadde ferjedekket – og dermed også bilane, dårleg vern mot sjøvatnet. På dei mindre ferjene var det både framme og bak som regel berre eit sikringsnett, medan større og nyare ferjer var utstyrte med lågare stålportar, seinare fallportar som skulle halde tungsjø ute.

No vart rutebåten Hjørungavåg permittert og etter kvart seld, og vi er inne i ein ferjerevolusjon. Den 17. september 1962 gjekk sjøbussen sin siste tur. Han støytte tre fløyt både for indre og ytre kai på Hareid. Kanskje var det sorgmod i fløyta.

Heilårsferjeruta mellom Hareid og Ålesund vart, som vi hugsar, oppretta i 1954. Åtte år seinare har MRF sitt store gjennombrot som ferjeselskap. Då tek selskapet over dei åtte rutene og dei åtte ferjene til fire private ferjeselskap, mellom desse Volda-Folkestad. Bilferje LL (lutlag) åtte fire ferjer og ei reserveferje, inkludert Fausa i ruta Eiksund-Rjånes. Samtidig vart 1962 det store nedleggingsåret for sjøbussruter og kombinerte båtruter (Ragnar Ulstein m. fl. 1995).

Medan folket på Søre Sunnmøre i august 1962 venta på at den nye Møringen skulle setjast inn i ruta til Ålesund, kom ein statistikk som viste at 140 turar over Breisundet hadde vorte innstilte vinteren før. Det var på tide med ei ferje som kunne takle strekninga i tung sjø. Alt i november 1962 låg Møringen på 2. plass i fylket med omsyn til frakt av passasjerar – 17.535 i talet. Molde-Helland-Vikebukt toppa med 21.562. Med omsyn til biltrafikk låg Møringen på 6. plass i november med 2.662.

Men biltrafikken auka raskt, ikkje minst tungtrafikken. Det heva seg etter kvart røyster som meinte det må setjast inn eiga ferje Hareid-Sulesund. Det skulle gå enno ei tid før det var på plass. Vinteren 1966 var det klart at kapasiteten på Møringen i ruta Ålesund-Hareid var sprengd. På enkelte ruter var det uråd å få med personbilar på grunn av dei mange varerutene som dagleg skulle til og frå Søre Sunnmøre. Den einaste løysinga på problemet, meinte MRF-leiinga, var å setje inn ei eiga ferje Hareid-Sulesund. Dei såg det som mogleg å få dette til nokså raskt. I starten av september 1966 var ei eiga ferje mellom Hareid og Sulesund på plass. Møringen gjekk mellom Hareid og Ålesund.