På 1960-talet skjedde noko som truleg meir enn andre faktorar endra tanke- og trusliv, kultur, smak og mentalitet i ei bygd som Ulstein: I 1960 var det klart for ordinære fjernsynssendingar i Noreg. Då fekk folk heile verda rett inn i stova via skjerm. Naturleg for oss i dag, men merkeleg for folk flest då det kom. Fjernsynet tok snart føringa som vårt viktigaste og sterkaste massemedium, sjølv om det var dei som var skeptiske den første tida.

Etter midten av tiåret var fjernsynet på plass i dei fleste heimar i Ulstein. Heile 1960-talet var bileta berre i svart/kvitt, men det nye mediet trollbatt folk i endå større grad enn radioen hadde gjort nokre tiår tidlegare. Når fenomen som pop- og rockemusikken, ungdomsopprøret og kvinnefrigjeringa i så stor grad var med på å endre livet for folk også i Ulstein, ligg mykje av årsaka i TV-mediet.

Men posisjonen til kyrkja er framleis solid i kommunen ved inngangen på 1960-talet – og med stor samling om kyrkjelege handlingar som dåp, konfirmasjon og gravferd. Den 13.-16. september 1962 var det bispevisitas med biskop Per Juvkam i Ulstein prestegjeld. Visitasmeldinga fortel at kyrkjesøknaden er god, i begge kyrkjer. I Ulstein var gjennomsnittsframmøtet 355 og i Hareid heile 430. Nattverdssøknaden hadde også vore aukande. I perioden 1954-57 var talet på nattverdsgjester i heile prestegjeldet 6571, i fireårsbolken 1958-1961 hadde dette auka til 7137. Ifølgje meldinga var det mange yngre som gjekk til alters (Widnes Johansen 2017).

Etter den nye kommuneinndelinga vart Eiksund ein del av Ulstein. Med det hadde folketalet i dei to sokna Ulstein og Hareid kome opp i 7500. Under bispevisitasen lufta dei spørsmålet om meir prestehjelp. I 1963 gjekk soknerådet inn for å få tilsett ein kallskapellan i Hareid. Grunnen var det store arbeidspresset på soknepresten, ikkje minst alt kontorarbeidet, vitjingane på kvileheimane og arbeidet med konfirmantane i begge sokna. Dei la fram saka for kyrkjelyden etter gudstenesta 2. februar 1964 og fekk full tilslutning. Så gjaldt det å få departementet med på tiltaket. I kjend stil drog Hareid-ordførar Sverre Riise til Oslo. Han tok med seg sokneprest Bjørlykke og soknerådsformann Alf Bjåstad. Sverre Riise skal ha utfalda all sin sjarm og taleevne, og dei tre kunne reise heim med positivt svar. Den 1. september 1966 kom pastor Gerhard Austefjord til prestegjeldet som kallskapellan med bustad på Hareid. Han sat i stillinga til 1971.

I 1965 vende Ulstein husmorlag seg til soknerådet og bad om at det måtte bli innført kapper til konfirmantane, mellom anna for å kome bort frå ein konkurranse i klesvegen ved ei så alvorsam handling som det konfirmasjonen er. I soknerådet var dei samde, og søkte kommunen om ei løyving. Pengane kom, og det vart eit vakkert syn å sjå konfirmantane i sine kvite kapper kome i prosesjon til kyrkja konfirmasjonssøndag.

I 1967 kunne soknerådet ta imot ei ny raus gåve, denne gongen frå Ulstein Sparebank som gjerne ville gi eit tårnur til kyrkja. Banken tok på seg alle utlegga, og soknerådet tok imot tilbodet med takk. I kyrkjelyden på denne tida hadde folk alt lenge snakka om at våpenhuset burde utvidast, og også få til ei ordning med toalett. I 1967 gav soknerådet Johs. Thoresen Ulstein i oppdrag å utføre arbeidet etter godkjende arkitekt-teikningar. Arbeidet stod ferdig i 1968, og i kjellaren under våpenhuset innreidde dei eit bårerom og toalett (Waage 1978).

I september 1969 vitja biskop Juvkam prestegjeldet på ny. Visitasen demonstrerte igjen det nære sambandet mellom skule og kyrkje. Under visitasen var lærarane i begge sokna samla i selskapslokala i Hareid rådhus der dei møtte biskopen, prost Haga, sokneprest Bjørlykke og kallskapellan Austefjord. I talen sin til forsamlinga starta Juvkam nettopp med å poengtere at desse møta mellom lærarar og geistlege under visitasane hadde gammal hevd og var eit uttrykk for at det enno var nært samband mellom skulen og kyrkja: – Der har heva seg røyster som vil oppheve desse banda fordi dei meiner dei er forelda. Mi meining er at dette står ved lag så lenge lærarane vil, sa biskopen. Under visitasen drøfta dei også spørsmålet om å få til ei kateketstilling. Dette stranda på det økonomiske, men i staden tilsette dei mellombels ein sivilarbeidar til å utføre sekretærarbeid og ta seg av det kristelege ungdomsarbeidet (Widnes Johansen 2017).