Lat oss sjå nærare på Ulstein samfunnshus som skulle spele ei viktig rolle for kulturlivet i Ulstein frå 1960 og framover: Som kjent vart det i 1957 skipa eit lutlag med tanke på å realisere Ulstein samfunnshus og med Thomas Strandabø som styreleiar. Den 12. november 1960 var det opningsfest for samfunnshuset. Lokalhistorikar Guri Alme kallar reisinga av samfunnshuset og det folkelege engasjementet rundt for eit paradigmeskifte i Ulstein.

Alme har skrive om prosessen i årsskriftet Levd liv 2019. Ho legg vekt på at det var folket i bygda som stod bak samfunnshuset, gjennom aksjeteikning, kronerulling og dugnad, og sjølv om kommunen stilte ein viss lånegaranti, og bankane ytte nødvendige lån, var det Ulstein Samfunnshus AL som betalte det heile til slutt.

Men det skjedde ikkje utan sverdslag og motstand. Samfunnshuset ville bli det første større samlingslokalet i kommunen, som ikkje hadde kristeleg prega klausular over seg; huset skulle stå ope for slikt som kino, teater og dans. Motstandarane stilte for det første spørsmål om kva bygda skulle med eit slikt hus. Kva skulle det nye huset fyllast med; mange ytra at dei ikkje kunne støtte tiltaket før dei visste kva vedtekter som kom til å bli. Kino- og teatar? Dans? Størsteparten av det teatra, syner er fanteskap og umoral, og dansen ville gjere huset til «ei satans synagoge», «ein svart flekk på misjonskartet vårt».

Mange av innlegga handla om livssyn og moral. Aksjonskomitéen skreiv ikkje så mykje om saka. Men svar fekk motstandarane frå folk utanfor aksjonskomitéen. I 1959 var dei likevel komne så langt at det vart lagt ut invitasjon til anbod. Nils Ulstein fekk oppdraget med å grave ut tomta, Solstrand Trelasthandel fekk arbeidet med å setje opp råbygget, Ingvar Svoren rørleggararbeidet, Leif Dimmen det elektriske og Hatløys Målarforretning skulle måle huset innvendig. Og bygdefolket stilte opp til dugnad. Styret vedtok å ta opp eit byggelån, og fleire mindre lån kom også på plass.

Då huset stod ferdig, vart Johs. Håndlykken kinomaskinist, ein jobb han hadde heilt til 2006. Per G. Osnes var kinosjef den første tida. Seinare veit vi at Thomas Strandabø og Lita Flaate hadde denne jobben over tid. Samfunnshuset skulle vere «ei storstove i bygda, eit senter for full fridom og utfalding. Alle politiske avskygningar skal få sleppe til (..) Huset skal vere ei høgborg for toleransen i bygda». Med ei slik programerklæring i kontrast til det som batt andre samlingshus, er det ikkje rart at Guri Alme kalla det eit paradigmeskifte i Ulstein, ei ny tidsrekning. Første kinoframsyninga skjedde 6. august 1960. Ulsteiningane kunne no sleppe å reise over Eidet for å sjå film. Det første heile driftsåret gav distriktet eit heilt anna kulturelt liv enn før, konkluderer Alme. Men då samfunnshuset søkte kommunen om garanti for eit lån på 100.000 kroner, som skulle gå til sanering av byggelån og til diverse fasilitetar, sette talsmenn for dei andre forsamlingshusa ned foten. Du kan lese meir om det som hende rundt samfunnshuset i artikkelen til Guri Alme i Levd liv 2019.

Ulstein samfunnshus var fullt under teaterframsyninga til Riksteateret i januar 1961. Alle billettar var rivne bort, og i alt kunne nærare 600 tilskodarar følgje framsyninga av Ibsen-stykket Byggmester Solness. Vikebladet fortel om ei stor og sjeldsynt oppleving og såg fram til neste teatergjesting. Men interessa for nasjonale teaterframsyningar minka utover på 1960-talet. I lesarinnlegg i Vikebladet blir det rundt 1967 brukt uttrykket «teaterkrise», og manglande annonsering får noko av skulda. I det heile kan det sjå ut som om det i periodar dette tiåret var mindre kulturell aktivitet enn på slutten av 1950-talet, i alle fall om vi skal dømme etter referatfrekvensen i Vikebladet. Dette kan kanskje ha samanheng med at NRK byrja med TV-sendingar dette tiåret og at stadig fleire av bygdefolket skaffa seg fjernsyn. Dessutan køyrde Ulstein kino på med filmframsyningar i samfunnshuset kvar veke.

Men nettopp NRK samla over 1000 menneske i samfunnshuset over to arrangement i april 1961. Programma vart sende i radioen seinare, og med var Ulf med Toralf Gjerde som dirigent, og Nils Sundal som solist på trompet. Med var også Marie Lovise Widnes, Ingebrigt Davik, Helge (Simon) Flem Devolds kvintett, Henrik Straumsheim, Ulstein og Hareid Fellesorkester med Bård Larsen som dirigent, Grimstadkoret, som også var teknisk arrangør, medan Arne Grimstad, programsekretær i NRK, leia programmet.

Og då Riksteateret kom til Ulstein samfunnshus med Bjørnson-stykket Geografi og kjærlighet i 1968, var huset fullsett, både i sal og på galleri, og applausen ville ingen ende ta. Men då teateret skulle setje opp programmet sitt vidare, enda det med berre ei framsyning i Ulstein i året. Publikum hadde vore for ustabilt.

I mars 1964 heldt kunstnaren Ansgar Leiten frå Vanylven utstilling på Ulstein samfunnshus og samla i alt 800 kunstinteresserte. Han selde 13 av bileta sine, to av dei kjøpte Ulstein kunstlag. I samtale med Vikebladet forklarte Leiten at folket i Ulstein var svært interesserte i kunst og var mellom dei beste og mest kunstkunnige på Sunnmøre.

Ulstein og Hareid Fellesorkester hadde sine årlege konsertar lokalt og hadde fått sitt faste publikum, og nye kom til. I slutten av april 1967 kunne orkesteret til dømes spele for eit fullsett Fredheim. Bård Larsen dirigerte, og vi kan notere oss solistane Asbjørn Støylen (song) og Knut Strandabø (klarinett).