Frå 1. januar 1964 var Eiksund ein del av Ulstein kommune. Ved valet 23. september 1963 skulle eiksundbuarane for første gong røyste i kommunen. Med det ville kommunestyret bli utvida frå 21 til 25 representantar og med sju i formannskapet. I midten av september 1963 presenterte Vikebladet partilistene, V, Ap, Sp, H og KrF. Valet gav Høgre flest stemmer med 379, seks mandat, KrF fekk 368 og fem mandat, Arbeidarpartiet 360 og fem mandat, Venstre 329 og fem mandat, og Senterpartiet 254 med fire mandat.
Flest personstemmer fekk Jan Remø med 791. Så vart Per Dimmen (H) vald til ordførar med Hans Låbak (Sp) som varaordførar. Seinare i perioden vart Peter Saunes (A) vald til varaordførar.
I slutten av desember 1966 bad Per Dimmen om å bli løyst frå ordførarvervet og frå plassen i formannskapet. Frå 1. januar 1967 skulle han ta over stillinga som formannskapssekretær i Ørsta. Peter Saunes rykte opp til ordførar. Det vart litt fram og tilbake med dette skiftet, men endå til slutt slik. Ny varaordførar vart Oskar V. Sundgot (KrF).
I oktober 1966 presenterer Vikebladet eit bilete av Ulstein nye rådhus og slår fast at huset får ein tiltalande fasade. Ordførar Per Dimmen fortel at huset vil hyse vanlege kommunale kontor i tillegg til skulekontoret, sosialkontoret og lensmannen med to arrestrom. Dessutan hadde likningskontoret og elektrisitetsverket leigd rom i huset, som også ville ha kommunestyresal i tredje etasje.
Kommunevalet i 1967 enda med 388 (372) til KrF og 6 mandat. Arbeidarpartiet fekk 371 (361) røyster og 6 mandat, Venstre 350 stemmer (311) og 6 mandat, Senterpartiet 227 (268) og 4 representantar – og Høgre 200 (370) og 3 representantar. Under konstitueringa i slutten av november vart Oskar V. Sundgot (KrF) vald til ordførtar med Anton Kleiven (H) som varaordførar. I formannskapet elles kom desse med: Lars Ringstad (Sp), Johs. Thoresen Ulstein (H), John Eidem (KrF), Andor Moldskred (V) og Peter Saunes (A).
I mars 1968 vart det innført postnummer over heile landet. Ulsteinvik fekk tildelt 6065.