Det har ofte vist seg både økonomisk og politisk at om eit senter kjem over ein viss storleik, hjelper tyngdekrafta det vidare. Slik vart det med Ulstein og Ulsteinvik. I 1972 fekk kommunane på bordet ein fylkesplan som var påverka av tanken om vekstsenter. Omgrepet vart lansert i Europa i 1955, kom så til Noreg og vart ei heitt tema i debatten på 1960- og 70-talet. I Arbeidarpartiet fann idéen klangbotn, medan parti som Venstre og Senterpartiet var meir skeptiske.
Eit vekstsenter skulle gjerne ha hjørnesteinsbedrifter, skular av ulike slag, og eit utbygd serviceapparat. Tanken var at ein slik tettstad ville få ringverknader slik at folk ikkje flytte frå utkantane – fordi dei kunne få alt dei trong i vekstsenteret – som ikkje låg for langt unna. Når ein tettstad som Ulsteinvik fekk gymnas i 1971, var det nettopp vekstsenter-tanken som låg under det politiske vedtaket, medvite eller umedvite. Denne forma for distriktspolitikk har vore verksam til dags dato, sjølv om omgrepet vekstsenter ikkje er like offensivt i bruk i den politiske retorikken som det var for 50 år sidan. Men ord som regionsenter høyrer vi stadig brukt. Denne typen distriktspolitikk har ført med seg at landet eit stykke på veg har halde folkebalansen mellom landsdelar og fylke. Men han har ikkje hindra ei til dels sterk sentralisering innanfor fylka. Då snakkar vi ikkje berre om busetnad, men om slikt som lensmannskontor/politi, skattevesen, skuleslag og så vidare.
Dei tre byane i Møre og Romsdal vart i planen utpeika til senter av 1. orden. Ulsteinvik vart senter av 2. orden, medan dei fleste kommunesenter rundt om vart utpeikte til senter av 3. orden, og nabokommunane frykta no konkurransen med Ulstein. Utkastet til fylkesplan for Møre og Romsdal viste at Hareid var den einaste kommunen med eit senter på over 1000 innbyggjarar, som hadde falle utanfor fylkesplanen når det gjaldt utbygging av offentlege institusjonar. Politikarar i Hareid var no redde for at ei rask utbygging av Ulstein som ”senter av 2. orden”, ville få alvorlege følgjer for dei kringliggjande sentra av lågare orden, og dermed utviklinga i Hareid. Det breidde seg etter kvart ei kjensle hos nabokommunane om at Ulstein kara til seg, ein melodi som vi har høyrt til denne dag. Men analysane tek ikkje høgde for at det er ”tyngdekrafta” som også verkar.
Eit døme på denne motsetnaden er kampen om sjukeheimar. Men akkurat her vart sentraliseringstendensen broten: Venstremannen Ola Grønevet var ordførar i Hareid då kommunen gjekk inn i 1970-talet. Grønevet hadde vore ein sterk talsmann for at Hareid skulle få byggje eigen sjukeheim, og ikkje saman med Ulstein. Men saka hadde enno ikkje fått noko utfall. Ulstein er altså i ferd med å styrke stillinga si som regionsenter. Gymnasklassane i Ulstein opnar i den gamle realskulebygningen i Ulsteinvik 19. august 1971 med ei real- og ei engelskklasse. Arne I. Jørgensen blir tilsett som rektor, og mellom lektorane er ålesundaren Jan Berset, som seinare blir ordførar i Ulstein i fleire periodar.
Sidan fylkestinget hausten 1969 vedtok å legge den felles sjukeheimen for Ulstein og Hareid til Ulsteinvik, hadde Hareid kommune fleire gonger lagt fram sitt syn på saka. Både ordførar og kommunestyre meinte at kommunen trong sjukeheim sjølv. I 1971 tok også Hareid Sanitetslag tak i saka og hadde per 3. august samla inn over 1600 underskrifter frå personar over 20 år – som støtta tanken om å byggje sjukeheim på Hareid, om lag 80 prosent av folkemengda over 20. Saniteten formulerte eit opprop til fylkesmannen med argument i saka. Her argumenterte dei mellom anna mot sentraliseringstendensane i tida, og understreka det viktige i at dei eldre fekk vere nær sitt eige miljø.
Fylkestinget hadde vedteke å byggje ut ein sjukeheim med 66 senger i Ulsteinvik. I november 1971 opna likevel tinget for at det også kunne byggjast sjukeheim ved Hareid aldersheim. I premissane for vedtaket heitte det at trongen for pleieheimsplassar i regionen var venta å bli så stor at det var naturleg å også byggje ut i Hareid. Slik vart det.