I 1963 fekk Hødd grasbane, ein flott arena og eit stort steg framover for laget. Den første kampen gjekk i slutten av juni og var 2. runde i NM-cupen mot 2. divisjonslaget AaFK. Heile 3000 tilskodarar møtte opp i det flotte juniveret. Hødd kasta seg over gjestene frå første speleminutt og gav seg ikkje før det stod 5-2. Søndag 30. juni vart bana formelt opna med ei miniturnering mellom Hødd, Langevåg, Ørsta og VRF. Hødd vann greitt, men dei som såg på, merka seg den tekniske langevågaren Magne Fylling, som seinare skulle spele for Hødd.

Hødd har fått fleire grupper enn fotballgruppa. Klubben har mot slutten av 1960-talet både handballgruppe, ei aktiv friidrettsgruppe med den dyktige langdistanseløparen Arne J. Eiken i spissen, og ei skigruppe som arrangerte lokale skirenn om vintrane. Sidan 1960 hadde klubben også hatt ei aktiv badmintongruppe.

Kvifor har fotballen stått så sterkt i Ulstein? Kvifor kunne den vesle klubben Hødd klatre opp mellom dei beste i norsk fotball? I jubileumsboka Heia Hødd frå 1994 prøver forfattaren Arne Flatin å gi svar på slike spørsmål. Han intervjua mellom andre den tidlegare storspelaren og teknikaren Inge «Brun» Seljeseth om saka. Han fortalde om ei løkke på Saunesbrauta der ungdommane spelte fotball kvar kveld i mellomkrigstida. Sjølv var Seljeseth berre sju-åtte år då han og kompisane stod der og såg på spelet. Smitteeffekten skulle vise seg å vere stor, og til slutt spelte born og unge fotball på nesten alle markene i bygda. Såleis la sauneskarane grunnlaget for det som etter kvart skulle bli fotballbygda. På skuleplassen spelte dei også fotball. Utover på 1950-talet var Hasund eit slikt tyngdepunkt for fotballen i Ulstein – med karar som Hallbjørn og Kjetil Hasund, Jon Gjerde, Inge Gjerde, Otto Sundgot – og seinare Per Dimmen.

Det er ikkje utruleg at den sigersviljen og sjølvkjensla som sette seg «i veggene» på Høddvoll og hos spelarane på A-laget, kunne ha samanheng med den generelle sjølvkjensla og som for alvor voks fram i næringslivet i Ulstein utover på 1960-talet, og hos kommuneadministrasjon og politikarar dei følgjande tiåra. Ulstein vart eit vekstsenter med ambisjonar om å vere regionsenter, og både næringsliv og politikk tok høgde for dette.

Det som skulle kome til å stå fram som Gullalderen i Hødd-historia, kanskje vi i dag skulle seie «den første gullalderen», er perioden 1963-1972. Ved inngangen til denne perioden skjer det fleire ting parallelt som gir Hødd det drivet som stakar ut vegen til toppserien: Klubben opnar, som vi har nemnt, den nye, flotte grasbane si, det som skulle bli kjent som Høddvoll for heile landets fotballpublikum, i 1963. Samtidig gjennomfører klubben – som no i fleire år har vore mellom dei beste i fylket, eit vellykka generasjonsskifte. Inn kjem ein gjeng talentfulle unggutar med vinnarinnstilling og treningsvilje – som knapt såg sine grenser. I tillegg drog klubben etter kvart til seg nokre gode spelarar utanfrå. Ikkje minst det faktum at ein av dei aller beste spelarane i fylket, Magne Fylling, melde seg til teneste, var vellykka. Det tekniske fenomenet frå Langevåg supplerte spisskompetansen til ein goalgetter som Kjetil Hasund på ein framifrå måte. Når Fylling fiska ballen ned med tåspissen og slo gjennom Kjetil med ein perfekt skru på neste touch, var stemninga høg på tribunane. Hødd brukte som regel ikkje mange trekka før Kjetil var i posisjon til å avslutte. På Hødd-laget som slo Verdal 2-0 og 4-2 i kvalifiseringa og rykte opp til 2. divisjon i 1964, spelte mellom andre: Jostein Hasund, Sindre Sundal, Tor Meinseth, Magnulf Løseth, Jon Gjerde, Kjell Garnes, Bernt Myklebust, Hallbjørn Hasund, Jan Ulfstein, Kjetil Hasund og Magnar (Maggi) Vik. Trenar var Ola Christoffersen.

Under trenar Reidar Steen Jensen i 1963 vart Hødd seriemeister i 3. divisjon, men tapte kvalifiseringa mot Nidelv, 1-1 og 1-3. Jensen førte inn nye, moderne treningsmetodar med vekt på kondisjon og styrke, noko som vart ein del av Hødd-kulturen. Året etter lykkast det altså. Den 18. oktober var det klart at Hødd skulle spele i den nest øvste divisjonen mot storklubbar som Brann og Rosenborg. I jubileumsheftet Heia Hødd frå 1969 (50 år) skriv forfattar Hans Gisle Holstad dette om sesongen. Holstad hadde då sjølv spelt fast på Hødd i fleire år: – 1965 vil nok stå som eit av dei gildaste åra i Hødd si snart 50-årige historie. Etter at ein hektisk og hendingsrik sesong var over, kunne alle som hadde noko med Hødd å gjere, puste letta ut og glede seg over det som sesongen gav: eit mektig sportsleg framsteg og eit godt og gledeleg økonomisk utbyte.

I vårkampen mellom Hødd og Brann i 1965 var det 8-9000 tilskodarar, og det stod klart for styret at det måtte utførast mykje og kostbart arbeid før Høddvoll kunne seiast å vere fullgod til å ta imot ei slik folkemengd. Det høyrer med til historia at Hødd spelte uavgjort mot Brann i begge kampane i 1965, spelte uavgjort mot Rosenborg heime (5-5) og vann 2-1 i Trondheim. Den legendariske 8-2-kampen mot Kvik og opprykk til toppdivisjonen avrunda sesongen.

Opphaldet i eliteserien ( 1. divisjon) varte i første omgang berre sesongen 1966. Men historieskrivar Holstad slår fast at opplevinga herda høddgutane, gav erfaring og lærdom. Dessutan: – Vi kan slå fast at laget sette seg i respekt hos dei andre laga og vart eit lag som presse og publikum heldt av, summerer Holstad opp. Mellom sigrane denne sesongen har vi Hødd-Lyn 4-2, Hødd-Vålerengen 4-2 og Hødd-Sarpsborg 3-1.

I 1967 enda Hødd som nummer tre i 2. divisjon. Året etter sikra laget seg på nytt opprykk til eliteserien – etter ein ny, spennande sluttspurt. Dermed var det klart for eliteseriespel igjen i jubileumsåret 1969. Ålesundaren og den tidlegare keeperen Einar Aas, som budde i Ulsteinvik i barneåra, hadde vore tilsett som trenar etter Ola Christoffersen i 1967. Aas vart no med laget til toppdivisjonen. Fleire unge spelarar hadde kome til dei siste åra. Mellom desse Otto Sundgot og herøyværingen Jack Pettersen, som begge fekk prøve seg i juniorlandskampar. Ein av dei verkelege nøkkelspelarane i laget, Hallbjørn Hasund, innpiskaren framfor nokon, braut foten litt ut på hausten. Laget kjempa i motgang, men gav seg ikkje. Tre-fire serieomgangar før slutt såg det mørkt ut. Men i innspurten kom den gamle, gode Hødd-tælen for dagen igjen, innleia av ein solid 5-1- siger over Start. I siste serierunde vart det 3-1 over Sarpsborg og Hødd berga plassen med knapp margin. Dette året nådde Hødd også kvartfinalen i cupen, men tapte 1-3 mot Fredrikstad.

I 1970 vart det nytt avslutningsdrama, der Hødd mirakuløst redda plassen ved å slå Pors med nødvendige 6-0 i siste kampen. Då spelarane kom heim til Ulsteinvik, vart dei mottekne som om dei skulle ha blitt seriemeistrar. Det var fullt av folk og bilar på Haldeplassen som hylla heltane sine. Bilferja Torulf, som trafikkerte mellom Torvik og Ulsteinvik, gjorde ein ekstra sving oppunder kaia og ytte sitt bidrag med nokre kraftige ul frå sirena.

Hødd fekk endå to sesongar i toppdivisjonen. I 1972 hadde laget eit solid mannskap på papiret, men det vart for tøft. Hødd var langt unna ny kontrakt, og gullalderen mellom dei beste i landet var over for denne gong.

Publikumstilstrøyminga til Høddvoll hadde minka etter kvart i høve til dei gylne åra midt på 1960-talet. I 1966 hadde Hødd 46.000 tilskodarar på dei ni heimekampane. Der er ein gjennomsnitt på over 5.100 tilskodarar per heimekamp. Laget spelte inn 200.000 kroner. Mange mellom det tilreisande publikum kom med ferje til Hareid. Bussar og bilar gjekk i skytteltrafikk over Eidet. Då Hødd møtte Brann i 1965, braut kommunikasjonane fullstendig saman, og eit par tusen menneske gjekk frå Hareid til Høddvoll og tilbake igjen etter kampen.

Den legendariske radioreporteren Bjørge Lillelien fekk stor sans for Kjetil Hasund og Hødd. Han kunne kunsten å bruke ord og stemme på ein slik måte at du kunne sjå kampen og dramatikken for ditt indre blikk, gjerne betre enn nokon TV-skjerm. Det var ikkje få fotballinteresserte som såg landskampane på TV, men slo av lyden og lytta til Lillelien på radio i staden. Då fekk vi dobbelt opp, sjølv om vi nok oppdaga at den gode Bjørge kunne overdrive ein smule inn imellom. Etter at Hødd hadde starta 1966-sesongen med siger i første kampen, bestemte nokre ivrige sjeler seg for at den første bortekampen – mot Lyn på Ullevaal – måtte overførast til Ulsteinvik. Bjørge Lillelien vart leigd inn og refererte kampen til eit publikum på 530 i salen på Ulstein samfunnshus! Lillelien tok 2000 kroner for oppdraget, Televerket 2000 kroner og samfunnshuset 500 kroner i leige. Med 20 kroner billetten kom det inn over 10.000 kroner, altså ein god netto. I boka si gir Arne Flatin att ei historie som har versert i ettertid, truleg er ho også sann: midt i eit Hødd-angrep, som Lillelien skildra med sin vanlege entusiasme, heldt folk i salen pusten av spenning. Hødd spelte seg fram til ein kjempesjanse, men diverre, stønna Lillelien, bles dommaren for offside. Då reiste ein kar seg i salen og protesterte høglydt på avgjerda. Det var då langt frå nokon offside!

Mellom optimistane var det nok enkelte som meinte Hødd var gode nok til å rykke opp igjen alt i 1973. Men det enda med 6. plass i den nest øvste divisjonen. Medan fleire av jamaldringane gav seg, heldt Kjetil fram – no saman med stadig nye unggutar som etablerte seg på laget. Frå og med 1973 til og med 1980 var Hødd å finne i den nest øvste divisjonen i norsk fotball. Både i 74, 76 og 79 kom laget mellom dei fem beste i si avdeling. Berre i 1978 var laget nær eit nedrykk. Så i 1980 vart det nedrykk – og året etter spelte Hødd i 3. divisjon saman med Hareid.