I 1963 gjekk Ulstein Bruk AS inn eit samarbeid med Solstrand Trelasthandel AS i Ulstein, Hagemann & Co i Herøy og Sunde Trevare, Eidsnes, med sikte på eksport av dører, vindauge og glasvegger. Ulstein Bruk skulle administrere samarbeidet både med tanke på innkjøp og eksport. Dei samarbeidande bedriftene hadde i februar 1963 teikna ein stor kontrakt på leveransar til eit sjukehus i Sverige. Sjølv skulle Ulstein Bruk levere 1500 dører; 22 mann var i arbeid på bedrifta. Men bedrifta fekk ikkje noko langt liv. I desember 1967 kom meldinga om at Ulstein Bruk var konkurs.
I 1968 var Osnes Notbøteri på vestsida av Osneset bygt opp att etter brannen som hadde råka bedrifta nokre år tidlegare, no større og betre enn før. Innehavar Rolf F. Hatlø hadde stelt i stand ein reparasjonsverkstad for småbåtar, der han kunne slippsetje båtar på inntil 30 fot. Det viste seg å vere behov for ein reparasjonsverkstad for mindre båtar i området.
Fredag 13. mars 1964 flytta Ulstein Samvirkelag inn i det nye bygget sitt i Ulsteinvik sentrum. Her var det avdelingar for kolonialvarer, manufaktur, jernvarer, kjøkkenutstyr og glas og steintøy. Styrar for samvirkelaget var Per Garshol.
I september 1964 opna Ulstein Samvirkelag den nye filialen sin på Flø. Det var Flø-folket sjølve som hadde reist bygget, medan samvirkelaget stod som leigetakar.
I 1965 fekk Ulsteinvik også reinseri. Magne Hatlø starta opp verksemda i forretningsbygget til Otto Garnes. Han hadde investert i maskinelt utstyr for 100.000 kroner. Vikebladet meinte at tiltaket særleg ville glede husmødrene i området.
Den velkjende «Borga», eigedommen til Ludvik Moldskred i Haddal, skulle i 1966 få avløysing som butikksenter i Haddal. Også i denne bygda hadde det gått for seg ei omlegging av transporten frå sjø til land, og det hadde no alt gått lang tid sidan rutebåten slutta å ha anløp i Haddal. No hadde bilar og bussar teke over nesten all den trafikken som folk til dagleg hadde bruk for. Men det var framleis god bruk for Borga og dampskipskaia der. For hit kom stadig fullasta båtar med singel, sand og sement og lossa lasten som skulle nyttast av Ulstein Betongindustri, ei nokså ny og ekspansiv bedrift som mellom anna distribuerte ferdigbetong til heile distriktet.
Det nye forretningssenteret vart reist på ei tomt på sørsida av riksvegen like nedanfor Haddalbrua. Huset er på 170 kvadrat, og sjølve butikken er i plan med riksvegen (som i 1966 enno gjekk gjennom Haddalbygda). I tillegg til butikk var det også lokale for postopneriet. Postkontoret vart teke i bruk i mars 1974. I kjellaren var det lager og i andre etasje bustad. Ludvik Moldskred hadde no overdrege forretninga til sonen Harald Moldskred.
I november 1968 var det vigslefest for det utvida og fornya forretningsbygget til Asbjørn Ulstein, A. Ulstein. Bygget hadde då vore under utviding og modernisering i fleire år. No var både butikk, verkstad, demonstrasjonsrom og kontorlokale ferdig. Det store rommet bak butikken hadde blitt til demonstrasjonsrom for hushaldningsapparat og -maskiner. Elles hadde bygningen eit moderne kjøkken, garderobe og vaskeromsinnreiing. Butikken hadde også grammofonplate-avdeling. I andre etasje var det ein godt utstyrt verkstad for elektronisk utstyr som til dømes fjernsyn og radio. Der var også teiknekontor for kjøkkenplanlegging. Til sist hadde bygget spesialrom for demonstrasjon av musikkanlegg, fjernsyn, radio og bandopptakar. Innehavaren Asbjørn Ulstein starta verksemda si i 1935.