I mars 1962 feira Ulstein Sanitetsforeining 50-årsjubileum. Leiar i jubileumsåret var Borghild Lynge. Ho kunne gle seg over at foreininga no talde 1475 medlemer. Lynge peikte på at mangt hadde endra seg dei siste ti åra: – Vi har fått velferdsstaten med sine trygder og ordningar. Det har nok delvis forandra arbeidet i sanitetsforeininga. Men oppgåver er det nok av; omsorg og hjertelag er det bruk for mellom medmenneska våre, ja, kanskje meir enn nokon gong, sa ho.

Kampen mot tuberkulosen hadde vore eit viktig arbeid for saniteten opp gjennom åra. No var denne kampen vunnen. Elles hadde saniteten stått bak ulike innsamlingar og ytt bidrag til omsorg og helse. Då den nye kvileheimen stod ferdig i Ulsteinvik i 1959, hadde sanitetskvinnene mellom anna sydd mykje av utstyret til pleieavdelinga.

Under det siste årsmøtet på 1960-talet hadde medlemstalet i saniteten auka til 1689. Årsmeldinga fortel at kontrollstasjonen for spedborn hadde vore open 32 gonger i 1968. Til saman møtte 176 born, derav 97 nyfødde. Dei fleste borna møtte til kontroll åtte-ni gonger i det første leveåret. Stasjonen hadde vidare utført ei mengde trippelvaksinasjonar, polio- og koppevaksinasjonar.

Heimehjelpa hadde no kome godt i gang i Ulstein, særleg i Ulsteinvik. Men også folk i dei andre krinsane har nytta heimehjelpa. Det synte seg at det var behov for slik hjelp. Det var sosialkontoret i kommunen som administrerte heimehjelpa, og det var dit folk måtte vende seg. I alt var 10 hjelparar i aktivitet i kommunen i 1968. Saniteten hadde betalt 3 kroner per time, og dei som hadde fått hjelpa, hadde betalt 2,50 kroner per time. Frå nyttår 1969 vart bidraget frå saniteten heva til 4 kroner per time. I starten av mars 1969 ville det også kome i gang fotpleie i Ulstein. Synnøve Håheim hadde fått opplæring og ville starte praksis. Det var elles Berthe Røyneland som var leiar i saniteten på dette tidspunktet.

Ein av dei som stod sentralt i utviklinga av helse- og omsorgsarbeidet i Ulstein, var Asbjørg Hasund Grønmyr. Ho var sjukepleiestudent i Oslo frå 1946 til 1949, og arbeidde eit pliktår på Bærum sjukehus. Etter pliktåret heldt studiane fram. Ho tok eit ekstra år med laboratoriefordjuping på Rikshospitalet. Men så vart mor til Asbjørg sjuk heime i Ulsteinvik, og då kjende ho seg nøydd til å reise heim for å pleie og hjelpe henne heilt til mora til sist kom på kvileheimen; då tok Asbjørg seg jobb som sjef der. Samtidig avlasta ho distriktslege Røyneland mellom anna med å dra rundt og setje sprøyter. Asbjørg var styrar på Ulstein kvileheim frå 1963. Då hadde heimen stått ferdig sidan 1959.

Så det var altså først etter krigen at strukturen med ei offentleg organisering av eldreomsorga i Ulstein kom i stand. Kvifor vart dette nødvendig, spør forfattar Trudi H. Eikrem i boka Kvinner som bygde ein by, ei bok om fleire pionerkvinner i Ulstein. Eikrem forklarer: – 1950-åra var husmortida. Kvinnene var heime og sytte for både born og gamle. Dessutan fekk Ulstein den første gamleheimen på landsbygda i Noreg. Han vart driven på dugnad organisert av indremisjonen. Men talet på kvileheimsbuarar var avgrensa av eit nokså lite areal. Levealderen var stigande, og ikkje alle i Ulstein hadde ressursar til å pleie sine gamle. Det revolusjonerande penicillinet kom til Ulstein rett etter krigen. Dette var det som skulle til for å gi mange eit lengre liv. Asbjørg H. Grønmyr kommenterer i samtale med Trudi H. Eikrem:

– Penicillinet var ein vedundermedisin. Det snudde lungebetennelse som hadde krise den tiande dagen. Mange vart berga. Før var det slik at når eit gammalt menneske fekk lungebetennelse, så var det som regel døden. Med denne medisinen vart mange folk i Ulstein eldre.

Dette førte til behov for ein institusjon der eldre kunne få den omsorg og pleie som høg alder gjorde krav på. Asbjørg, som medan ho dreiv garden på Hasund og stelte mor si, sykla rundt på øya og sette sprøyter på ordre frå distriktslege Røyneland, utgjorde saman med han det tyngdepunktet som bidrog til ei betre folkehelse og auka tal på eldre. I tillegg voks folketalet i Ulstein. Behovet for ein institusjon var openbert. Då den nye kvileheimen stod ferdig, gjorde altså saniteten ein veldig innsats for at alt skulle kome på stell. Asbjørg H. Grønmyr fortel: – Eg hugsar ho Borghild (Bogga) Ulstein. Ho var lærar; ho sat der og organiserte klipping av skjorter. Så sende vi rundt til sanitetsforeiningane som skulle sy skjorter og falde lakena. Alt vart gjort på dugnad. Sanitetskvinnene sydde nattskjorter, laken, dynetrekk og putetrekk. Ho Bogga klipte, men kvinnene i Eiksund, Haddal, Hasund, i sentrum, på Ulstein og Flø sydde. Saniteten skaffa også alt utstyr til sjukeavdelinga. Anna Leinebø var primus motor i saniteten. Ho var også med i landsstyret for sanitetskvinnene. Eg hugsar kor glade gamlefolket vart. Då dei kom frå gamleheimen og inn på kvileheimen, syntest dei at dei hadde kome til himmelriket i levande live.

Kvileheimen hadde eit styre på sju medlemmer; to av dei valt frå indremisjonen, to frå saniteten, resten vart valt av kommunestyret. Per Dimmen var den første styreleiaren.

Asbjørg Hasund Grønmyr var styrar for kvileheimen i tre år. Så vart ho sosialsjef i Ulstein frå 1966 til 1976, og sjukepleiesjef frå 1976 til 1986. Ho sat i byggjenemnda for både Ulstein sjukeheim og Ulstein dagheim og internat, to institusjonar som stod ferdige i 1976. Som sosialsjef måtte ho også drive sosialt arbeid og pleie. Ho hadde ansvaret for heimehjelpa. Asbjørg var også sekretær for barnevernsnemnd og edruskapsnemnd. Ikkje alle situasjonar var like lette: – Det kunne vere vanskeleg; særleg når det var snakk om husbråk, gjerne i ein kombinasjon av alkohol og psykiatri.