Om morgonen den 10. desember 1969 gjekk fiskebåten Ulstein 2 på grunn ved Sæviksteinen i innseglinga til Rundesundet. Båten hadde eit mannskap på 10 om bord og sette straks ut redningsflåten. Losskøyta på Runde gjekk raskt ut for å leite. Det var sterk vind frå sørvest og mørkt då båten grunnstøytte, og vêret stod hardt på det bratte skjeret. Båten, med medeigar Andreas Svendsen som skipper, var på veg heim frå linetur på felta vest for Shetland. Om natta hadde det vore full storm som båten hadde takla før dei prøvde å kome seg inn Rundesundet og i hamn.
Losskøyta klarte å berge fire av mannskapet, Andreas Svendsen, Gunnar Svendsen, Sigvart Breivik (Hareid) og Svein Harald Moldskred (Hareid). Dagen etter forliset kunne Vikebladet fortelje om to døde, Otto Midtflø og Hallbjørn Kalland, begge frå Flø, og fire sakna, Andreas Ulstein, Paul Ulstein (brør), Sverre H. Dimmen og Ragnar Røren. Alle saman viste seg å vere døde. Forliset sette varige spor i bygda, ikkje minst hos familiane som vart råka. Det vart sett i gang innsamling til dei etterlatne. I starten av 1970 hadde det kome inn heile 190.000 kroner, ein stor sum den gongen. Gjennomsnittleg årsløn var i 1970 30.760 kroner.
Ein av dei omkomne i forliset, Ragnar Røren (31) frå Dimnøya, vart funnen av to tenåringar i sjøen på nordsida av Remøy like ved Rundesundet i starten av april 1970.